Tillitseigenskapar og juks når tredjepartar betalar

Tillitseigenskapar er eigenskapar ved eit produkt eller ein teneste det er vanskeleg for ein kjøpar å vurdere kvaliteten på, sjølv etter bruk (credence goods). Eit klassisk eksempel er verkstadtenester, der det er vanskeleg å vurdere om reparasjonen er nødvendig, kor lang tid den bør ta, kva prisen bør vere og så vidare, sjølv etter at tenesta er levert. Andre eksempel er konsulenttenester, helsetenester, kosttilskot, og programvare.

Ei utfordring med produkt og tenester med stor grad av tillitseigenskapar er at det er lettare å bli utsett for juks. I og med at det er vanskeleg for kunden å vurdere om ein har fått det ein hadde behov for eller blei lova, er det fristande for ein del seljarar å redusere kvaliteten, krevje for høg pris, eller påtvinge kunden unødvendige utlegg.

Det er sjølvsagt ikkje slik at seljarar alltid utnyttar situasjonen. To nye artiklar ser på ein faktor som kan påverke seljarar til å jukse: At kjøpar ikkje betaler rekninga sjølv, men kan sende den vidare til ein tredjepart slik som arbeidsgjevar eller forsikringsselskap.

I den første artikkelen ser forfattarane Balafoutas, Kerschbamer og Sutter på kva som skjer dersom seljar veit at arbeidsgjevar skal betale for innkjøpet. Dei studerer innkjøp av taxitenester, eit klassisk eksempel på ein teneste med mykje tillitseigenskapar (dersom kjøpar ikkje kjenner lokalområdet godt). Dei gjennomfører eit eksperiment med taxiturar i Athen. I halvparten av turane fortel passasjeren at rekninga skal bli betalt av arbeidsgjevar, og i den andre halvparten av turane blir dette ikkje nemnt. Resultatet er at turane betalt av arbeidsgjevar blir signifikant dyrare.

I den andre artikkelen studerer delvis dei same forskarane effekten av å kunne sende rekninga vidare til eit forsikringsselskap. Dei øydelegg ein laptop på standardisert måte, og besøker dataverkstader. I halvparten av tilfella får reparatøren beskjed om at rekninga blir dekkja av eit forsikringsselskap. Igjen vert rekninga dyrare (80% i gjennomsnitt) når den andre parten betalar.

Den økonomiske forklaringa på desse funna er at folk ikkje er så opptatte av å redusere kostnadene når andre betaler. Dette er ikkje overraskande. Ei alternativ, relatert forklaring er at seljar er meir villig til å jukse når han veit at ein større kollektiv (firma, forsikringsselskap), og ikkje ein enkeltperson, er offeret. Dette er eit interessant tema for framtidig forsking.

Referansar:
Balafoutas, Loukas, Rudolf Kerschbamer, and Matthias Sutter. 2015. “Second-Degree Moral Hazard In A Real-World Credence Goods Market.” The Economic Journal. doi:10.1111/ecoj.12260.

Kerschbamer, Rudolf, Daniel Neururer, and Matthias Sutter. 2016. “Insurance Coverage of Customers Induces Dishonesty of Sellers in Markets for Credence Goods.” Proceedings of the National Academy of Sciences, June, 201518015. doi:10.1073/pnas.1518015113.

Skriv ein kommentar