Uetisk marknadsføring av alternativ medisin

Er det etisk å marknadsføre alternativ medisin? Dette er spørsmålet i ein kort men interessant artikkel av Macdonald og Gavura.

Utgangspunktet deira er at alternativ medisin ikkje berre er behandling/terapi/medisin, men også produkt og tenester som blir marknadsførte og selde. Marknadsføring av alternativ medisin må difor sjølvsagt oppfylle generelle, etiske krav til marknadsføring.

Forfattarane identifiserer først to argument til støtte for marknadsføring av alternativ medisin. Det første argumentet er respekten for individuell autonomi. Folk er forskjellige, og (innanfor rimelege grenser) bør ein respektere individuelle val. Sidan alternativ medisin gir fleire alternativ å velje mellom, er dette i utgangspunktet positivt. Det andre argumentet, som heng saman med det første, er at alternativ medisin fører til tøffare konkurranse for tradisjonell medisin, og konkurranse har som kjent fleire positive effektar, inkludert høgre kvalitet og lågare prisar.

For å vurdere etikken i marknadsføringa nyttar dei så nokre enkle prinsipp for kommersiell etikk. Dei som sel produkt og tenester på ein marknad må (mi oversetjing):

  1. Tilby eit produkt som verkar – eit produkt som i følgje handelsrett er «salgbart» («merchantable»).
  2. Berre selje produkt til folk som forstår dei grunnleggjande eigenskapane ved produkta, og som i det store er i stand til å forstå (anten sjølv eller med profesjonell rådgiving) om produktet vil tilfredsstille deira behov. Dette medfører at seljar må vere ærleg og ikkje tene på kundane sin manglande kunnskap.
  3. Ta rimelege grep for å sikre at tredjepartar (dei som ikkje deltek i eller aksepterer handelen) ikkje vert skada.

Når det gjeld prinsipp 1 konkluderer forfattarane med at det meste av alternativ medisin ikkje tilfredsstiller dette prinsippet. Dei fleste produkt og tenester innan alternativ medisin fungerer ikkje – teoretisk er det ofte umulig at dei kan verke, og så godt som all god forsking har funne at tenestene ikkje har nokon effekt ut over placebo. Det er heller ingen unnskyldning at marknadsførarane av alternativ medisin sjølv trur at produkta verkar, dei har eit sjølvstendig ansvar i å sette seg inn i kunnskapen om produkta.

Forfattarane konkluderer også med at prinsipp 2 ikkje blir tilfredsstilt av alternativ medisin. Dei fleste av kundane kan ikkje gjere gode vurderingar av effekten av til dømes akupunktur, fordi dei ikkje har nok innsikt i behandlingsmetoden eller grunnleggjande biologi.

Prinsipp 3 er ikkje eit spesielt problem for alternativ medisin, all den tid behandlinga i hovudsak er individuell. Forfattarane nemnar likevel problemet med foreldre som brukar alternativ medisin for sine barn, av og til med tragiske utfall.

Totalt sett er det difor i følgje forfattarane ingen tvil om at marknadsføring av alternativ medisin er uetisk.

Referanse:
Macdonald, Chris, and Scott Gavura. 2016. “Alternative Medicine and the Ethics of Commerce.” Bioethics 30 (2): 77–84. doi:10.1111/bioe.12226.

Skriv ein kommentar