I 2021 vart det avdekka juks med data i ein forskningsartikkel om juks («Signing at the beginning makes ethics salient and decreases dishonest self-reports in comparison to signing at the end«). Eit datasett i artikkelen hadde blitt redigert slik at dataene skulle stemme med teorien. Dan Ariely, internasjonalt kjent professor i atferdsøkonomi, tok på seg alt ansvar, medforfattarane Shu, Mazar, Gino & Bazerman hadde ikkje vore involvert i å samle eller analysere dataene. Artikkelen vart trekt tilbake, og saka fekk ingen kjente konsekvensar for Ariely fordi det ikkje var bevist at det var han som hadde juksa.
Jukset vart avdekka på bloggen Data Colada driven av professorane Simonsohn, Nelson og Simmons. Data Colada-gjengen er kjente for å vere data-detektivar, og har avdekka ei rekke tilfeller av svak forskningspraksis og resultat som ikkje stemmer.
Denne veka publiserte Data Colada ei ny sak (Data Falsificada (Part 1): Clusterfake) om eit anna datasett som har blitt redigert. Det spesielle? Datasettet er fra same artikkelen der det hadde blitt avdekka juks i 2021! Denne gangen var det medforfattar Francesca Gino, også svært kjent professor, som var ansvarlig for innsamling og analyse av datasettet, som igjen hadde blitt redigert for å passe til teorien.
Vi er altså i den fantastiske situasjonen at to datasett i same artikkel har blitt redigert for å passe teorien (=juksa med), og to medforfattarar har mest sannsynlig uavhengig av kvarandre vore ansvarlege. Og det i en artikkel som handlar om korleis ein kan redusere juks!
Store delar av samfunnsvitskapane står i ei repliseringskrise, det viser seg enkelt sagt at svært mykje av publisert forskning ikkje stemmer. Årsakene er samansette, men ein av grunnane er at forskarar blir belønna for å finne signifikante funn, noko som gjer at det blir attraktivt å tilpasse/torturere/jukse med dataene på ulike måtar. Belønninga kan vere stor, som eit resultat av forskninga si har Francesca Gino fast jobb ved Harvard Business School, årslønn på ca 5 millionar og tek 100.000 og oppover for å halde foredrag på næringslivskonferansar.
Data Colada har lova at det kjem fleire bloggpostar om Gino sin forskning. I minst tre andre artiklar har dei funne gode bevis for juks (oppdatering: Bloggpost 2 er no publisert).
Francesca Gino står for øvrig (framleis) på talarlista på Oslo Business Forum no i 2023. Kanskje ho skal prate om den siste boka si, «Rebel Talent: Why it Pays to Break the Rules in Work and Life»? Mykje tyder på at ho kan prate frå eiga erfaring.