Tom Colbjørnsen, Milton Friedman og samfunnsansvar

Tom Colbjørnsen, rektor ved BI, diskuterte bedrifters samfunnsansvar i ein kronikk i Dagens Næringsliv i går. Bodskapen i kommentaren hans er at bedrifter ikkje har demokratisk legitimitet til å avgjere kva som er «samfunnets beste», og at bedrifter sine handlingar er uttrykk for leiinga sitt syn og ikkje har noko med samfunnsansvar å gjere.

Uten at Colbjørnsen nemner det verkar det som om han har henta inspirasjon frå Milton Friedman sin berømte kritikk av samfunnsansvar. Eit av hovudpoenga til Friedman er nettopp at bedrifter ikkje har legitimitet verken til å skattlegge kundar, leverandørar eller tilsette, eller til å bestemme kva skatteinntektene skal bli brukte til.

If they are to impose taxes and make expendi­tures to foster «social» objectives, then politi­cal machinery must be set up to make the as­sessment of taxes and to determine through a political process the objectives to be served.

Friedman sitt syn er at samfunnsansvar er skattlegging av aksjonærar, kundar, tilsette eller andre, gjennom høgare prisar eller dårlegare kvalitet (enn dersom bedrifta ikkje dreiv med samfunnsansvar). Dersom samfunnsansvar ikkje har kostnader, treng ein ikkje å kalle det samfunnsansvar, da er det berre vanleg forretning.

Dette argumentet er etter mi meining ikkje særleg godt. Statar driv tvungen skattlegging, bedrifter driv frivillig skattlegging. Dersom aksjonærane er misnøgde kan dei bytte ut leiinga, dersom det tilsette er misnøgde kan dei bytte jobb, dersom kundane er misnøgde kan dei bytte leverandør. Så lenge det er konkurranse på ein marknad er ikkje samfunnsansvar skattlegging, berre ein del av den totale aktiviteten til ei bedrift. Så blir det opp til dei forskjellige interessegruppene om dei ønskjer å støtte dette.

Ei bedrift sine handlingar vil vanlegvis vere eit utrykk for leiinga si syn på ei sak, utan forankring i demokratiske eller politiske prosessar. Dette er uproblematisk, fordi ikkje alle beslutningar høyrer heime i slike prosessar. Ei bedrift må ha retten til å bruke ressursane sine på dei formåla dei ønskjer, så lenge dei ikkje bryt lover eller krenkjer andre, utan at dette er eit «demokratisk» problem.

Skriv ein kommentar