Bærekraft og samfunnsansvar i Orkla Foods Norge

I emnet forretningsetikk ved Høyskolen Kristiania jobbar studentane med ei omfattande prosjektoppgåve om ei bedrift sitt arbeid med samfunnsansvar og bærekraft. Hausten 2019 var Orkla Foods Norge tema for oppgåva (sjå her for ei skildring av arbeidet med Nortura i 2018 – formatet i 2019 var ganske likt). I første del av prosjektet skulle studentane […]

Reklame reduserer livskvalitet

Reklame har positive og negative effekter. På den eine sida gir reklamen informasjon om produkt og prisar, som vi forbrukarar kan bruke til å gjere gode og informerte val. På den andre sida bidrar reklame til å auke sal av produkt og tenester. Dette er negativt for miljøet, men kan også vere negativt for folk […]

Korleis søke i Google Scholar for å finne litteratur til bachelor- eller masteroppgåva

(Denne artikkelen er meint for mine studentar som skriv bachelor eller masteroppgåver – men andre er kanskje også interesserte) Google Scholar er den beste og mest omfattande søkemotoren for fagartiklar Biblioteket ved Høyskolen Kristiania og andre bibliotek har fleire ulike databasar og søkemotorar for å finne faglitteratur. Desse fungerer heilt ok, men Google Scholar (scholar.google.com) […]

Juks på Tripadvisor

Det er velkjent at det fins ein del systematisk juks på Tripadvisor og liknande nettstader (tidlegare dekka på denne bloggen f.eks her). Bedrifter prøver på ulike måtar å få positive vurderingar av seg sjølv og negative vurderingar av konkurrentane. Tripadvisor og andre jobbar sjølvsagt for å hindre dette, men greier ikkje stoppe alt. Eit nytt […]

Oppstartsselskapet Chooose lar deg abonnere på klimakvotar

Oppstartsselskapet Chooose har ein interessant forretningside: Dei lar kundane abonnere på klimakvotar. For kroner 49 per månad kan du bli klimanøytral, for 99 kroner klimapositiv. Chooose vart nyleg omtalt i Dagens Næringsliv, i samband med at dei skal delta i Katapult sitt program for oppstartsselskap. Eg meinar at Chooose har ein god forretningsidé. 49 kroner […]

Sosiale effektar av auka pantesatsar

Miljødirektoratet har foreslått å auke satsane for pant frå 1 krone til 2,50 (små flasker) og 2,50 til 3 kroner (store flasker). Grunngjevinga for forslaget er i hovudsak at satsane har stått stille sidan tidleg 90-tal, og at inflasjon dermed har gjort den reelle pantesatsen langt lågare no. Det er for meg litt uklart kor […]

Bachelor i økonomi og ledelse ved Høyskolen Kristiania

Det siste året har eg vore involvert i utviklinga av eit nytt studie ved Høyskolen Kristiania, nemleg Bachelor i økonomi og ledelse. Dette er eit studie med lange tradisjonar og som har eksistert på mange andre høgskular i mange år (Bachelor i økonomi og administrasjon/»øk-adm») Studiet er basert på NRØA (Nasjonalt råd for økonomisk-administrativ utdanning) […]

Lokkeprisar som marknadsføring

Det er igjen mykje snakk om lokkeprisar i bustadmarknaden i Oslo, og både Forbrukerombudet og politikarar er på saka. Det er det god grunn til, men kanskje av andre grunnar enn det mange trur. Ei bekymring er at lokkeprisar skal føre til høgre prisar. Teorien bak denne bekymringa er at bustadseljarar reduserer utropsprisen i auksjonen […]