I emnet forretningsetikk ved Høyskolen Kristiania jobbar studentane med ei omfattande prosjektoppgåve om ei bedrift sitt arbeid med samfunnsansvar og bærekraft. Hausten 2019 var Orkla Foods Norge tema for oppgåva (sjå her for ei skildring av arbeidet med Nortura i 2018 – formatet i 2019 var ganske likt).

I første del av prosjektet skulle studentane først gjennomføre ei interessentanalyse, og så vurdere selskapet sin påverknad på viktige interessentar. For Orkla Foods var det for dei fleste ganske greitt å vurdere kven som var dei viktigaste interessentane – kundar, forbrukarar, tilsette, eigarar, leverandørar, lokalsamfunn og så vidare. Å vurdere ei bedrift sin påverknad på samfunnet er komplisert, men typiske tema som gjekk igjen i besvarelsane var gode arbeidsplassar, positive bidrag til lokalsamfunna (også indirekte, gjennom støtte til norsk jordbruk), produkt med høg kvalitet, delvis usunne produkt, negative effekter på miljø, og også spørsmål rundt bidrag til dyrevelferd.

I del 2 samanlikna studentane Orkla Foods sitt bærekraftsarbeid med ei anna relevant bedrift. Her er det vel ingen tvil om at Orkla og Orkla Foods kom svært godt ut av dei fleste samanlikningane. Studentane var til dels imponerte over Orkla sitt arbeid og kommunikasjon.

I siste del skulle studentane sjølv skrive om eit hypotetisk etisk dilemma som Orkla Foods kan/kunne ha hamna i. Her vart det sjølvsagt stor breidde i dilemmaene, men tema som gjekk igjen var arbeidsforhold hos underleverandørar, dyrevelferd, og nedlegging av fabrikkar/outsourcing.

Ein stor takk til Johanne Kjuus, bærekraftsansvarlig i Orkla Foods Norge, som kom på besøk og heldt ein flott presentasjon om korleis Orkla Foods jobbar med bærekraft og samfunnsansvar, og også svarte på spørsmål frå studentane. Og sjølvsagt til alle studentane som jobba engasjert og hardt gjennom semesteret!