Lokkeprisar på bustadmarknaden

Forbrukerombudet og Forbrukerrådet har vore bekymra for bruk av lokkeprisar på bustadmarknaden. Lokkeprisar er prisantydningar som er sett lågare enn prisen seljar er villig til å akseptere.  Ein populærteori har vore at lokkeprisar får fleire innom visning, noko som kan føre til fleire bodgjevarar i auksjonen og dermed høgre pris.

Ei ny masteroppgåve frå Anders Skjærholt ved økonomisk institutt på Universitetet i Oslo kastar nytt, norsk lys over effektane av lokkeprisar. Han analyserer data frå eigedomstransaksjonar i Oslo i perioden 2006-2013, og finn at lokkeprisar (definert som forskjellen mellom takst og prisantydning) har ein signifikant og negativ effekt på endeleg pris. «Per krone of underpricing, the estimated coefficient on final sales price is a reduction of 81 to 93 cents (øre).» (side 52). Dette er på linje med funn i internasjonal forskning, som også finn at høgre prisantydning gir høgre endeleg pris (Bucchianeri og Minson, 2013), og kan vere i tråd med ein teori der prisantydninga vert ein slags «referansepris» som kjøparane ikkje vil gå for høgt over.

Det er altså god grunn til å vere bekymra for lokkeprisar, men bekymringa bør handle om seljar, og ikkje kjøpar, si velferd.

Kvifor brukar seljarar lokkepris dersom dette gir lågare endeleg pris? Ei mogleg forklaring kan vere agentproblem (ulike interesser) mellom seljar og meklar. Seljar si interesse er høgst mogleg pris, men eigedomsmeklar si interesse er hovudsakleg å få selt bustaden så raskt som mogleg (sjå f.eks Levitt og Syverson, 2008). Dersom lokkeprisar bidreg til raskare sal, kan meklar ha interesse av å foreslå lokkeprisar. Dette er kun ei arbeidshypotese som må testast.

Inntil vidare er det framleis god grunn til å unngå lokkeprisar – i alle fall dersom du skal selje bustad.

Referansar

Bucchianeri, G. W., & Minson, J. A. (2013). A homeowner’s dilemma: Anchoring in residential real estate transactions. Journal of Economic Behavior & Organization, 89, 76–92.
Levitt, S. D., & Syverson, C. (2008). Market distortions when agents are better informed: The value of information in real estate transactions. The Review of Economics and Statistics, 90(4), 599–611.
Skjærholt, A. (2015). Behavioral Biases in Housing Markets – The Case of Oslo. Masteroppgave, Universitetet i Oslo. Retrieved from https://www.duo.uio.no/handle/10852/44291

Skriv ein kommentar