in Uncategorized

Doktorgrad…

For nokre veker sidan disputerte eg (endeleg) for doktorgraden ved Handelshøyskolen BI. Tittelen på avhandlinga var «Organizational form, local market structure and corporate social performance in retail». Kort fortalt består avhandlinga av tre artiklar som på ulike måtar studerer varehandelsbutikkar og -kjeder sine sosiale resultat. Teoretisk er avhandlinga basert på agentteori. Agentteori fokuserer på ulik informasjon og ulike interesser i prinsipal-agentforholdet. Sidan ulike varehandelsbedrifter har ulike organisasjonsformer varierer også insentiva til å maksimere profitt for butikkane. Ein uavhengig butikk har større insentiv enn ein franchise-butikk, som har større insentiv enn ein filialbutikk. Dette kan bidra til betre (eller verre) sosiale resultat i butikkane, avhengig av om sosiale resultat er etterspurte og observerbare for kundar og andre. I tillegg kan eigenskapar ved lokalmarknaden påverke, omsynet til omdømme på små stader kan forbetre sosiale resultat, og konkurranse kan både forverre og forbetre resultata, igjen avhengig av kva marknaden ønskjer og kan observere. Eg testar denne enkle overordna teorien i tre artiklar med ulike problemstillingar og ulike datasett.

I den første artikkelen («Franchising, local market characteristics and alcohol sales to minors») studerer eg korleis organisasjonsform og den lokale marknaden påverkar sal av alkohol til mindreårige i norsk daglegvarehandel. Med data frå Juvente sitt prosjekt Skjenkekontrollen finn eg at franchise-butikkar er meir tilbøyelege til å selje alkohol til mindreårige enn filialbutikkar. Franchise-butikkar er også meir sensitive for aktiv kontrollverksemd frå kommunen. Butikkar i små marknader (<10.000) er meir forsiktige med å selje øl til mindreårige, men eg finn ingen effekt av konkurranse. Ein noko endra versjon av denne artikkelen (medforfattarar Arne Nygaard og Robert Dahlstrom) har blitt akseptert i Journal of Business Research. Den andre artikkelen i avhandlinga ("Market structure, chain membership and food hygiene in retail") studerer effekten av konkurranse på hygiene i dagligvarebutikkar. Økonomisk teori tilseier at konkurranse skal gi betre kvalitet for dimensjonar som er etterspurte og observerbare. Hygiene er vanlegvis berre delvis observerbart (kva skjer på bakrommet?!), men ein del land har innført system der resultata av offentlege hygieneinspeksjonar blir gjort offentlege. Men: Dersom konkurranse gir betre hygiene, betyr dette at butikkar på små stader, der konkurransen er begrensa, vil ha dårlegare hygiene? Eg argumenterer for at dette ikkje vil vere tilfelle, fordi butikkar på små stadar vil vere spesielt opptekne av sitt omdømme, og dermed likevel produsere god kvalitet. I tillegg forventar eg at butikkar som er medlemmar av kjeder vil vere mindre sensitive ovanfor konkurranse, fordi kjedene standardiserer kvaliteten til butikkane. Med data frå alle danske daglegvarebutikkar («Smiley-programmet») får eg i hovudsak støtte for hypotesane, den U-forma samanhengen mellom konkurranse og kvalitet er spesielt robust.

Tredje artikkel (“Retail chains’ corporate social responsibility signaling”) studerer varehandelskjeder sin kommunikasjon av samfunnsansvar. I artikkelen argumenterer eg for at kjeder som det er vanskelegare for andre å vurdere kvaliteten til vil vere meir tilbøyelege til å kommunisere sitt arbeid med samfunnsansvar. Dette betyr for eksempel at kjeder som brukar eigne merkevarer eller er utanlandske vil kommunisere i større grad. Eg testar også om organisasjonsform påverkar kommunikasjon av samfunnsansvar, sidan kjeder med sjølvstendige butikkar vil ha større problem med å få butikkane til å gjere felles investeringar eller sikre at investeringane i samfunnsansvar blir følgde opp. Basert på ei innhaldsanalyse av nettsidene til 208 kjeder i den norske marknaden får eg i hovudsak støtte for hypotesane.

Skriv ein kommentar