Samansetjinga av teamet påverkar resultata i sosiale inspeksjonar

Vestlege bedrifter som produserer i eller har underleverandørar i fattige land (tenk tekstilproduksjon i Asia) brukar annonserte og uannonserte inspeksjonar for å kontrollere at arbeidsforholda er akseptable og følgjer kontrakten. Typiske tema for inspeksjonane er tryggleik, bruk av overtid, verneutstyr, lønn, barnearbeid og så vidare. No finst det for første gang god forsking som ser på effektane av samansetjinga av inspeksjonsteamet. Amerikanske forskarar har fått tilgang til ein database med resultata av 15.000 inspeksjonar gjennomført av eit spesialisert konsulentfirma. Funna er interessante:

  • Team med erfarne inspektørar avdekker fleire problem
  • Men effekten av erfaring er avtakande, og for mykje erfaring er negativt
  • Inspeksjonsteam som reiser tilbake til same fabrikk finn færre feil enn nye team
  • Trening og opplæring av inspektørar hjelp litt, universitetsutdanning hjelp ikkje
  • Kvinner avdekker fleire problem enn menn, og det er nok å ha ei kvinne på teamet, så blir heile teamet meir effektivt.

Desse funna har sjølvsagt klare implikasjonar for bedrifter som driv med inspeksjonar av sosiale og miljømessige forhold i forsyningskjeda: Ta med ei passe erfaren kvinne!

Referanse:
Short, J. L., Toffel, M. W., & Hugill, A. R. (2013). Monitoring the Monitors: How Social Factors Influence Supply Chain Auditors (Working Paper No. 14-032). Harvard Business School. Retrieved from http://www.hbs.edu/faculty/Pages/item.aspx?num=45768

Skriv ein kommentar