Radikal openheit rundt kjøkenbordet

For første gang på veldig lang tid er hest samtaletema rundt norske kjøkenbord. Når «kjøkenbordets folk» pratar om noko, sa den tidlegare svenske statsministeren Göran Persson i eit foredrag eg høyrde på, då er det alvor , og då vil det skje endringar.

Fakta er kjende. Det har blitt funne hestekjøt i ein rekke produkt. Svindelen er så langt spora bakover til slaktarar i Romania via Frankrike, Kypros og Nederland. Skandalen er heileuropeisk, og alle dei fire store norske dagligvarekjedene har funne hestekjøt i sine produkt. Offera for svindelen er heller ikkje små firma i den uformelle delen av matsektoren, men store internasjonale kjeder og merkevareleverandørar. Og det er heller ikkje berre snakk om billege ferdigvarer i kjøledisken, fleire merkevarer og dyre produkt har også blitt råka. Kjøttbollane til IKEA er ikoniske, og det vert vitsa mykje om kjøtbollar på Twitter for tida. («IKEA meatballs contain horse DNA… There’s a joke in there somewhere, you’ll have to assemble it yourselves.»)

På ein måte er denne saka eit eksempel på at det vert vanskelegare å jukse, utan å bli tatt. Å bruke DNA-testar for å kontrollere innhald var science fiction for nokre år sidan. No er teknologien tilgjengeleg. Det er vanskeleg å gardere seg fullt ut mot svindel. Folk og selskap har juksa til alle tider, og ingen kontrollregimer eller regelverk kan hindre all juks. Dagligvarekjeder og andre vil no auke bruken av DNA-testar for å kontrollere at innhaldet stemmer. Dette har kostnader som vi forbrukarar må dekke.

Saka illustrer fint kor komplekse leverandørkjedene i mange tilfelle er. Folk flest har neppe vore klar over kor mange mellomledd og firma ingrediensane i ei frosen lasagne er innom. No er dei kanskje klar over litt av kompleksiteten, men eg trur dei framleis har problem med å forstå kvifor det skal vere slik.

Min spådom er at vi kjem til å forholdsvis raskt gå mot ei mykje større openheit om ingrediensar, produksjonsforhold, mellomledd og prisar. Kostnaden ved informasjon og sporing går raskt nedover, og forbrukarar, styresmakter og andre vil ikkje lenger akseptere hemmeleghald i leverandørkjeden. Kvifor skal vi ikkje få vite kva som er i produkta vi et, og korleis dei er produserte?

I mellomtida kan vi kanskje pense samtalen rundt kjøkenbordet over frå hest til fisk. Ein rapport frå USA viser nemleg at ein av tre fisk der er marknadsført under feil namn. Blir fisk tema for den neste skandalen?

Skriv ein kommentar