in Uncategorized

Amnesty og Framtiden i våre hender med aksjonen «Makt forplikter»

Amnesty og Framtiden i våre hender har for tida ein aksjon («Makt forplikter») for å få staten til å vedta bindande retningslinjer for bedrifter sitt samfunnsansvar. Frå nettsida:

309 paragrafer i skatteloven vs 0 paragrafer for samfunnsansvar. Rettferdig?

De skattemessige forholdene ved næringsvirksomhet i Norge er gjennomregulert med lover og regler, og nøye kontrollert av myndighetene. Samtidig finnes ikke en eneste lov for hvordan selskaper skal unngå å krenke menneskerettigheter. Dette er opp til selskapene selv.

Dette er vel i beste fall upresist. Berre straffelova inneheld 436 paragrafar. Og i tillegg kjem alle andre lover som regulerer ulike sider ved selskap og deira tilsette sin oppførsel. Det er langt frå «fritt fram for norske selskaper å gi blaffen i menneskerettighetene».

Organisasjonane vil kanskje påstå at dette er semantikk, og at deira poeng er at det ikkje fins lover som påbyr selskapa å gjere spesielle tiltak for å unngå å bryte menneskerettane når dei opererer i utlandet. Hovudkravet til aksjonen er at selskap må bli forplikta til å gjere risikovurderingar og «monitorere» (kanskje «å overvake» er eit betre ord) arbeidet sitt med menneskerettar.

Men vil dette eigentleg hjelpe? Eg tippar at alle selskap, bevisst eller ubevisst, alt gjer risikovurderingar. Dersom risikoen hadde vore for stor, hadde selskapa ikkje hatt aktivitet i eller handla med til dømes svært fattige land. Og selskapa veit vel sjølv kor mykje dei jobbar for å fremje, eller unngå å krenke, menneskerettane. Det er dermed ikkje sikkert at «lovbestemt samfunnsansvar» i det foreslegne forma vil hjelpe særleg.

Eg har stor sympati for både saka og organisasjonane som står bak aksjonen, og eg er sjølv medlem av Framtiden i våre hender, men eg trur aksjonen hadde tent på både meir presis ordbruk og ei presis vurdering av kva tiltak som vil hjelpe. Viss ikkje vil dei foreslegne nye reglane fort bli kvilande i ei skrivebordsskuff, utan reell påverknad.

Skriv ein kommentar