Økonomiske effektar av søndagsåpent i varehandelen

Ein av dei mest relevante studiane i debatten om dei økonomiske effektane av søndagsåpent i varehandelen er studien «Evaluating the impact of Sunday trading deregulation» av forskarane Danchev og Genakos. Studien er (førebels) ikkje publisert i eit tidsskrift, men er publisert som ein rapport frå ei arbeidsgruppe i OCED og som eit working paper frå Centre for Economic Performance ved London School of Economics (der ein av forskarane bak er tilknytt).

Studien er hyppig sitert i Noreg, og går ofte under namnet «OECD-rapporten» eller liknande. Spesielt tilhengjarane av søndagsåpent siterar studien, fordi studien konkluderer med at søndagsåpent gir større sysselsetting og større omsetning, men ikkje høgre prisar. Regjeringa refererte også til studien i sitt høyringsnotat, og fleire av høyringssvara viser til studien.

Enkelte tvilar på studien sin verdi, Virke uttalar i sitt høyringssvar (pdf) at resultata frå studien ikkje er «er anvendbare på norske forhold», i hovudsak fordi norsk handel i følgje Virke er svært forskjellig frå andre europeiske land.

For å vurdere studien sin verdi må ein sjå på data og metode. Dataene kjem frå Eurostat, og sjølv om det alltid er spørsmål rundt statistikk på makronivå er dataene dei beste som eksisterer. Metoden er ganske enkel. Kort forklart har forskarane samanlikna utviklinga i land som har liberalisert lovgivinga si (før – etter) med land som ikkje har liberalisert lovgivinga si. Dette har dei gjort for 30 europeiske land i perioden 1999-2013. I denne perioden har sju land (Tyskland, Danmark, Spania, Finland, Frankrike, Italia, og Portugal) liberalisert lovgivinga for søndagshandel, mens dei andre landa ikkje har gjort det. Metoden tek omsyn både til individuelle forskjellar mellom land (f.eks at landa starta på svært forskjellig nivå, har ulik kultur etc) og generelle økonomiske trendar (f.eks finanskrisa).

Forskning er aldri perfekt, men metoden bak denne studien er solid. Ved å bruke paneldata med kontroll både for såkalla «enhetsfaste» og «tidsfaste» effektar unngår ein dei største fallgruvene når ein ønskjer å avdekkje ein kausal effekt. Ein kan likevel ikkje vere heilt sikker på å ha estimert den rette effekten, fordi det framleis kan vere ikkje inkluderte variablar som påverkar landa ulikt over tid. Svært mykje forskning innan samfunnsvitskapane, inkludert økonomi, sosiologi og statsvitskap, baserer seg på denne metoden.

Sjølv om metoden er solid er det vanskeleg å seie kor relevant studien er for den norske marknaden. Ein kan tenkje på funna i studien som «gjennomsnittseffektar», som ein ikkje kan vere sikker på vil slå til i Norge. Det er likevel ingen tvil om at studien bør ha mykje større vekt enn anektodiske bevis og historier. Fleire, inkludert Virke i sitt høyringssvar, brukar den såkalla negative utviklinga i Danmark etter liberaliseringa der som argument mot søndagsåpent i Noreg. Men: Eg har ikkje sett gode studiar eller analyser som viser at 1) utviklinga i Danmark er negativ, 2) den (mulige) negative utviklinga skuldast søndagsåpent, og 3) utviklinga i Noreg vil følgje Danmark, og ikkje andre europeiske land.

Ein bør alltid vere varsam med å konkludere basert på enkeltstudiar, og heller prøve å sjå fellestrekk blant fleire studiar. I artikkelen går Danchev og Genakos gjennom tidlegare forskning, som i hovudsak liknar på deira eigne funn: Auka omsetning og sysselsetting, ingen effekt på prisar. Totalt sett tydar forskninga dermed på at dette er effekten vi kan forvente oss.

Forskning kan ikkje svare på om søndagsåpent er bra eller dårlig for Noreg. Til sjuande og sist blir det å vege ulike omsyn opp mot kvarandre. Men: dei som ønskjer eit faktabasert grunnlag for å gjere vurderinga av økonomiske effektar bør heller basere seg på Danchev og Genakos sin studie enn på anekdotar.

Referanse til studien:

Danchev, S., & Genakos, C. (2015). Evaluating the impact of Sunday trading deregulation (CEP Discussion Paper No. 1336). London: London School of Economics. Retrieved from http://cep.lse.ac.uk/pubs/download/dp1336.pdf

  • Som grunnleggjande liberal er eg positiv til søndagsåpent, men eg meiner at begge sider i debatten bør basere seg på fakta og ikkje synsing og anekdotar. Eg har tidlegare skrive om mulige negative ikkje-økonomiske effektar av søndagsåpent.

Skriv ein kommentar