Bachelor i økonomi og ledelse ved Høyskolen Kristiania

Det siste året har eg vore involvert i utviklinga av eit nytt studie ved Høyskolen Kristiania, nemleg Bachelor i økonomi og ledelse. Dette er eit studie med lange tradisjonar og som har eksistert på mange andre høgskular i mange år (Bachelor i økonomi og administrasjon/»øk-adm») Studiet er basert på NRØA (Nasjonalt råd for økonomisk-administrativ utdanning) sine retningslinjer for Bachelor i økonomi og administrasjon/bachelor i økonomi og ledelse. Dette betyr at studiet kan gi opptak på Master i økonomi og administrasjon (Siviløkonom) på f.eks BI eller NHH – gitt gode nok karakterar. Studiet gir sjølvsagt også opptak på våre eigne mastergrader i markedsføringsledelse eller ledelse. Bachelor i økonomi og ledelse er elles eit av dei mest generelle (og eg vil seie beste) studiane for dei som ønskjer seg ei karriere i næringslivet eller offentleg sektor, utan at ein treng å spesialisere seg eller velje retning før etter studiet er ferdig.

Innhaldsmessig har studiet hovudvekt på økonomi-, ledelse og analysefag. I løpet av tre år blir det fleire emner innan bedriftsøkonomi, to emner innan samfunnsøkonomi, to emner innan vitenskapeleg metode, matematikk og statistikk, og ein del ledelsesemner (organisasjon og ledelse, personalledelse, prosjektledelse, forretningsetikk og foretaksstrategi). I tillegg kjem eit heilt semester med valgemner eller utveksling (5. semester), samt bacheloroppgave og nokre andre emner.

Sjølv om det fins liknande studium på andre utdanningsinstitusjonar er det gode grunnar til å studere økonomi og ledelse hos oss. I «kjerneemna» i studiet – økonomifag, matematikk/statistikk og fleire av ledelsesfaga – vil vi ha små klasser (maks ca 60 studentar), noko som skaper godt klassemiljø og gir stor nærheit til forelesarar. Vi har hatt begrensa tilbod om studiar innan økonomi tidlegare men vi har lange tradisjonar innan ledelse, markedsføring og relaterte fagfelt. Vi har gode økonomiforelesarar, og vi kjem også til å rekruttere ein ny forelesar/forskar som spesielt skal jobbe med dette studiet. Og som alltid, vi har sentral plassering midt i Oslo!

Tags: No tags

Skriv ein kommentar