Korleis søke i Google Scholar for å finne litteratur til bachelor- eller masteroppgåva

(Denne artikkelen er meint for mine studentar som skriv bachelor eller masteroppgåver – men andre er kanskje også interesserte)

Google Scholar er den beste og mest omfattande søkemotoren for fagartiklar

Biblioteket ved Høyskolen Kristiania og andre bibliotek har fleire ulike databasar og søkemotorar for å finne faglitteratur. Desse fungerer heilt ok, men Google Scholar (scholar.google.com) er mest omfattande og best. På Google Scholar finn du det meste dersom du søkjer litt smart.

Søk i Google Scholar fungerer omtrent som vanlige Google-søk

For å finne relevante artiklar er det som vanleg viktig å bruke rett terminologi og presist språk Veldig generelle søkeord gir alt for mange og irrelevante treff. Google sine vanlege søkereglar gjeld elles. For artiklar som omhandlar samanhengen mellom markedsorientering og tilfredshet, skriv f.eks «market orientation» «customer satisfaction».

Google Scholar gjer det enkelt å finne relatert litteratur

Når du har funne ein interessant artikkel vil klikk på «Cited by» gi ei liste over artiklar som har referert til den gjeldande artikkelen. Dette vil vere eit godt utgangspunkt for å finne andre relevante artiklar. «Related articles» vil gi ei liste over andre liknande eller relaterte artiklar, som ikkje nødvendigvis siterer den aktuelle artikkelen.

For å velge ut god litteratur, sjå på tittel, tidsskrift og antall siteringar (og så må du sjølvsagt lese)

Ein fordel og ulempe er at Google Scholar dekkjer alt mulig av faglitteratur. Dette betyr at kvalitetsnivået på treffa kan variere veldig, alt frå svært gode artiklar i fagfellevurderte tidsskrift til konferansebidrag eller upubliserte arbeid av svak kvalitet. For å velge ut kvalitetslitteratur er det smart å sjå på tidsskriftet det er publisert i (det bør som minimum vere registrert i det norske registeret for vitenskaplege publiseringskanalar – og gjerne på nivå 2, som er dei beste tidsskrifta). I tillegg kan det vere lurt å sjå på antall siteringar. Dersom ein artikkel har titals eller hundretals siteringar, så tyder det på at det relevante fagmiljøet har funne artikkelen god nok til å bruke han. Men: Det fins sjølvsagt svake studiar som er publiserte i gode tidsskrift og som har mange siteringar, og svært gode artiklar som ingen har sitert, så ein må sjølv gjere ei vurdering etter å ha lese artikkelen. I alle fall på masternivå forventar eg ein viss grad av kritisk haldning til eksisterande forskning.

Kva om fulltekstversjonen av artikkelen ikkje er tilgjengeleg?

Google Scholar er flinke til å finne fulltekstversjonen av ein artikkel. Dersom du har tilgang til artikkelen gjennom biblioteket vil Scholar vanlegvis identifisere dette, og dersom artikkelen er publisert på nettet andre stadar vil Scholar også finne dette. Dersom artikkelen likevel ikkje er tilgjengeleg, ta kontakt med biblioteket, dei er flinke til å hjelpe med å få tak i litteratur.

Google Scholar gjer det enkelt å lage database over litteratur eller litteraturliste

Frå Google Scholar er det enkelt å sitere artiklar (trykk på «sitat»-tegnet og vel ønska sitatstil, så kan du kopiere referansen til litteraturlista). Det er også enkelt å importere referansar med eit klikk til ulike referanseverktøy, inkludert Zotero, som er gratis og blir støtta på Høyskolen Kristiania. For masterstudentar anbefalar eg slike verktøy.

2 tankar på “Korleis søke i Google Scholar for å finne litteratur til bachelor- eller masteroppgåva

  1. Er ikke helt enig i det du skriver i første avsnitt, om at faglige databaser «fungerer heilt ok, men Google Scholar (scholar.google.com) er mest omfattande og best». Google Scholar kan være et ok supplement til øvrige fagbaser, men fordelene ved disse basene overgår fordelene med Google Scholar «by far». Ulemper med Google Scholar er at en f.eks. ikke kan gjennomføre større/omfattende søk, som en ofte trenger når en søker etter faglitteratur. Det er også mange tidsskrift som ikke blir indeksert i Google Scholar, så en går som oftest glipp av relevante artikler om en bare bruker Google Scholar. Bare for å nevne noen eksempler…

  2. Mi erfaring er at Google Scholar er beste alternativ for bachelor- og masteroppgåver fordi søkemotoren er enkel i bruk og gir relevante og gode søkeresultat. Mi erfaring er også at Google Scholar gir dei meir omfattande resultat, fordi studentoppgåver, working papers, osv i større grad blir plukka opp. Dette stemmer godt med resultata frå ein nylig publisert analyse: Google Scholar plukkar opp meir, men resultata er ikkje like ryddige og organiserte som dei systematiserte databasane (analysene har dog nokre svakheter): https://blogs.lse.ac.uk/impactofsocialsciences/2019/12/03/google-scholar-web-of-science-and-scopus-which-is-best-for-me/

Skriv ein kommentar