Media, annonsørar og uavhengighet

Hennes & Mauritz har fått kritikk etter at ein dokumentar på svensk TV viste at tilsette hos underleverandørar tener svært dårleg og har tøffe arbeidsvilkår (Dagbladet, min kommentar).

MinMote har ein interessant artikkel og kommentar om norsk motepresse, som stort sett har unngått å skrive om denne saka. MinMote spekulerar i om dette skuldast at moteredaksjonane er for avhengige av H&M, som både legg igjen annonsekroner og sponsar turar til New York for journalistar og redaktørar. Redaktørane forsvarer seg stort sett med at dei ikkje har sett dokumentaren (men ein kan jo sjølvsagt spørre seg kvifor dei ikkje har sett han).

Det kan vere fleire grunnar til at få mote-nettsider har dekka saka, og det er for bastant å konkludere med at alle er «i lomma» på H&M. Det er likevel ingen tvil om at media generelt lar seg påverke av annonsørar.

Dette finst det nemleg gode internasjonale studiar på. Rinallo og kollegar studerte om det var ein samanheng mellom annonsering og redaksjonell dekning. Med data frå italienske motehus og 123 magasin og aviser frå Italia, Frankrike, Tyskland, Storbritannia og USA fann dei ein sterk og klar samanheng. Jo meir motehusa annonserte, jo meir redaksjonell dekning fekk dei. Effekten var sterkast for aviser og magasin som fekk mesteparten av inntektene sine frå ein bransje, noko som tyder på jo meir avhengige mediene blir, jo meir vert redaksjonelle vurderingar påverka. Annonsering i ei avis eller magasin auka også sjansen for å få redaksjonell dekning andre stader, fordi publikasjonane vert påverka av kvarandre.

Dette var internasjonale data, og det kan jo hende at situasjonen er annleis i Norge. Elle-redaktør Signy Fardal sin kommentar til at H&M sponsa New York-tur tyder likevel ikkje på det: «Hvis vi ikke hadde sagt ja til denne turen, måtte vi droppet den, ettersom vi ikke har økonomi til å betale selv».

Som Rinallo og Basuroy oppsummerer sin studie: «These findings raise concerns about the independence of editorial content and coverage of magazines».


Rinallo, Diego, and Suman Basuroy (2009), “Does Advertising Spending Influence Media Coverage of the Advertiser?,” Journal of Marketing, 73(6), 33–46.
Rinallo, Diego, Suman Basuroy, Ruhai Wu, and Hyo Jin Jeon (2012), “The Media and Their Advertisers: Exploring Ethical Dilemmas in Product Coverage Decisions,” Journal of Business Ethics.

Leave a Reply to Innhaldsmarknadsføring som juks: Nokre økonomiske vurderingar | Asymmetrisk informasjonAsymmetrisk informasjon Cancel reply