Juks med snø

For tida jobbar eg litt med eit prosjekt om uetisk marknadsføring. Dette er eit område der det ikkje fins så mange gode empiriske studiar. Ein av grunnane til dette er garantert vanskane med å skaffe gode data, det har ikkje eksistert gode databasar med oversikt over innhald i marknadsføring, og i alle fall ikkje eksistert systematiske vurderingar om kor (u)etisk marknadsføringa har vore.

Tilgangen til online data har endra dette. Eit døme: Forskarane Zinman og Zitzewitz har henta antall millimeter nysnø frå amerikanske skisenter sine nettsider og samanlikna desse tala med offisielle nedbørstal frå det amerikanske meteorologiske instituttet. Dei finn at skisentra overdriv mengden nysnø (med 12-23 %), og at dei overdriv mest i helgene. Skisenter som ikkje har «pengane-tilbake»-garanti, og som har off-piste-løyper, overdriv i større grad. Forskarane finn også tendensar til at skisenter med meir konkurranse i lokalområdet overdriv i større grad. Innføringa av ein Iphone-applikasjon som gjorde det enkelt for kundar sjølv å rapportere inn nysnø-mengde til ei nettside for skientusiastar fjerna problemet fullstendig. Desse funna tyder (ikkje overraskande!) på at uetisk marknadsføring er ganske vanleg, og at økonomiske vurderingar spelar ei rolle i bedrifter si praksis.

Referanse:

Zinman, Jonathan, and Eric Zitzewitz. Forthcoming. “Wintertime for Deceptive Advertising?” American Economic Journal: Applied Economics. Ein tidlegare versjon kan bli lasta ned frå http://www.dartmouth.edu/~jzinman/Papers/snowed_2014dec.pdf

Skriv ein kommentar