in Book review

Bryan Caplan: The case against education

Bryan Caplan
The case against education: Why the education system is a waste of time and money
2018, Princeton University Press.

Kvifor er det så lønsamt for den enkelte å ta utdanning? I si nye bok forkastar Bryan Caplan i stor grad den enklaste forklaringa, at utdanning gir kunnskap og ferdigheiter som arbeidsgivarar set pris på og dermed betalar godt for. For det første er ein stor del av innhaldet i dei fleste studiar irrelevant for arbeidsgjevarar. Nesten ingen får bruk for eldre historie, fransk, samfunnsfag, etikk, eller avansert matematikk. Sjølv innan høgre utdanning er mykje av innhaldet i studiane lite relevant for arbeidsmarknaden. For det andre lærer faktisk studentar svært lite. Etter fullførte studiar over fleire år sit studentane igjen med lite kunnskap, også om det relevante. Dette er eit resultat av at vi menneske lett gløymer kunnskap vi ikkje brukar jamleg. Og det er ikkje slik at studentar lærer meir abstrakte ferdigheiter gjennom studiar (”lære å lære”, “lære ein måte å tenkje på” og liknande), det meste av kunnskap er domene-spesifikk, og dersom du ikkje lærer spansk i spanskkurset er det lite sannsynleg at du lærer noko anna, i følgje Caplan.

Utdanning som signal

Kva er det så som kan forklare at utdanning likevel gir suksess på arbeidsmarknaden? Caplan brukar boka til å argumentere for at utdanning fungerer som eit signal til arbeidsmarknaden om kandidaten sin produktivitet som arbeidstakar. Ein arbeidsgjevar som skal tilsette ein ny person står ovanfor det kjende problemet med å vurdere kandidatane sine kvalitetar. Kandidaten vil kanskje påstå at han eller ho er ein topp kandidat med alt som skal til for å lykkast i jobben. Men dette kan vere falskt skryt, og arbeidsgjevar ønskjer å sortere dei verkeleg gode frå dei mindre gode kandidatane. Dette kan dei då bruke utdanning til å gjere. Så lenge utdanning har positivt samanheng med prestasjonar på jobben, og så lenge utdanning er mindre kostbart for dei verkeleg gode kandidatane enn for dei mindre gode kandidatane (”kostbart signal”), vil det vere rasjonelt for arbeidsgjevarar å bruke utdanning som vurderingsgrunnlag.

I følgje Caplan er høgre utdanning eit ideelt kostbart signal, fordi utdanning signaliserer sameksistensen av tre eigenskapar som er nødvendige for å vere ein produktiv arbeidstakar i moderne organisasjonar: Intelligens, arbeidsvilje (conscientiousness på engelsk) og konformitet. Intelligens er nødvendig for å gjere ein god jobb med komplekse oppgåver i komplekse organisasjonar. Arbeidsvilje må også til, fordi arbeidsgjevar må vere sikker på at arbeidstakaren vil bruke intelligensen i hardt, praktisk arbeid. Til slutt er det viktig med konformitet, fordi intelligensen og arbeidsviljen må bli brukt til å jobbe for mål som arbeidsgjevaren ønskjer, og fordi det er viktig at arbeidstakaren passar inn sosialt i bedrifta. To av tre er ikkje nok, alle tre eigenskapane må vere til stades.

Utdanning er det perfekte signalet på at folk har desse eigenskapane. Intelligente studentar kjem seg enklare gjennom studiet og får betre karakterar. Arbeidsvilje er viktig, dei som er villige til å arbeide hardt og jamt med til dels meiningslause fag og oppgåver gjer det også betre som student. Og konformitet er avgjerande, både fordi studenten må respektere vilkårlege reglar gjennom utdanninga og fordi utdanning ofte krev mykje sosial interaksjon, og det dermed er vanskeleg å kome seg gjennom studiet på ein god måte .

Utfordringa for dei som ikkje tek utdanning er at det er vanskeleg å overbevise om at dei har alle dei ønskjelege eigenskapane. Medlemskap i MENSA viser kanskje at du er intelligent, men dersom ein arbeidsgjevar ser at du ikkje har tatt utdanning vil spørsmål bli stilt om arbeidsmotivasjon eller konformitet. Ein kandidat utan utdanning men som kan vise både intelligens og arbeidsvilje på andre måtar vil bli vurdert til å mangle konformitet og sosiale evner.

Andre argument

Hovudargumentet til Caplan er at utdanning ikkje kan bidra til særleg mykje human kapital fordi det meste av innhaldet i utdanning er irrelevant og at studentane uansett ikkje lærer eller hugsar særleg mykje. Men han har også andre gode argument for at signaleffekten av utdanning overgår kunnskapseffekten.

Kanskje det viktigaste er den såkalla “sheepskin”-effekten. Dersom det var slik at det var kunnskap og ferdigheiter som var viktig, burde vi sjå at alle studieår hadde omtrent lik verdi for ein arbeidsgjevar. Effekten av to år med høgre utdanning burde vere om lag halvparten av fire år med høgre utdanning. I praksis er det siste året langt viktigare for arbeidsgjevarar, og ein uforholdsmessig stor del av gevinsten av utdanning kjem frå at studentar fullfører det siste året. Dette kjem ikkje fordi det siste året er spesielt relevant eller givande, men fordi arbeidsgjevar set pris på evna til å fullføre utdanning.

Eit anna argument frå Caplan er at svært mykje kunnskap alt er gratis tilgjengeleg, utan å betale for å gå på dyre universitet. Toppuniversitet i USA har ofte opne dører, og alle som vil kan sette seg i forelesningssalane og høyre på dei smartaste og beste forelesarane i verda. Likevel står det ingen køar av folk som vil inn for å få den beste utdanninga i verda, gratis. Kvifor ikkje? Fordi denne utdanninga ikkje har særleg verdi, utan sertifikatet som viser at du har gått på topp-universitetet. På Youtube og Coursera og Wikipedia ligg det så mykje kunnskap enkelt tilgjengeleg at det ikkje er nokon grunn til å gå på universitetet. Arbeidsgjevarar er likevel ikkje særleg interessert i netthistorikken til kandidatane. Igjen, det er sertifikatet som er viktig.

Det er også slik at det har svært ulike konsekvensar å ikkje bestå eit kurs på universitetet eller raskt gløyme innhaldet av kurset. Dette skulle ha same konsekvensar dersom det var innhaldet i kurset som var viktig – men i praksis er det evnene til å lære stoffet som avgjer arbeidsgjevarane sin reaksjon – fordi dette er eit signal om intelligens, arbeidsevne og konformitet. Dei som består men gløymer får difor langt betre jobbar enn dei som ikkje består.

Studentar jobbar hardt for å kome inn på dei beste universiteta, men når dei først er der så prøver dei ofte å ta dei enklaste kursa som er tilgjengelege. Kvifor? Fordi skulen sitt namn er eit signal om kvaliteten på studenten, men dei ulike kursa sin vanskegrad er neppe kjent i arbeidsmarknaden.

Og kva med juks? Dersom det var det studentane lærte som var viktig, var juks fullstendig unyttig. Studenten ville berre “lure seg sjølv”, som enkelte lærarar kanskje påstår, i alle fall på lang sikt. Grunnen til at juks blir kjempa mot er sjølvsagt at eit vitnemål ikkje er eit signal om intelligens, arbeidsevne og konformitet dersom studenten kan kome seg gjennom studiet utan desse eigenskapane. Institusjonar og ærlege medstudentar har difor insentiv til å kjempe mot juks.

Alt dette betyr ikkje at Caplan ikkje trur at utdanning også aukar kompetansen til studenten, , men berre at Caplan trur at det meste av effektane av utdanning kjem som følgje av signaleffekten. Han meiner at minst 30%, mest truleg 50%, og kanskje opp mot 80% av effektane av utdanning kjem av signaleffekten. Her går han mot majoriteten av utdanningsforskarar, som er einige i at signaleffekten er reell, men som trur at den er mykje mindre.

Problemet

Dersom utdanning har ein viktig funksjon for arbeidsmarknaden og den enkelte (gjennom å “matche” passande arbeidstakar med passande jobb), kva er så problemet om denne effekten kjem gjennom utdanning som eit signal, og ikkje utdanning som kunnskap og ferdigheiter? Problemet er sjølvsagt at signal ofte blir eit våpenkappløp, der alle studerer meir for å utkonkurrere alle andre. Dette er negativt for samfunnet, fordi folk brukar for mykje tid og pengar på utdanning, heller enn å bidra produktivt til samfunnet gjennom arbeid.

Den beste løysinga på dette problemet, i følgje Caplan, er å slutte å subsidiere utdanning. Då vil ein automatisk få eit lågare utdanningsnivå. Ein bachelorgrad er kanskje nok for å signalisere kvalitet, ein treng ikkje ein mastergrad i tillegg (ein gong i tida var det slik!). Med mindre subsidiar til universitet og studentar vil det blir færre mastergrader. I eit fordelingsperspektiv er dette ikkje heldig, men Caplan argumenterer for at eit stipendsystem kan sikre at dei som har stort akademisk talent men lite økonomiske ressursar kan få sjansen til å studere.

Boka sine bidrag

At utdanning har ei viktig rolle som signal til arbeidsmarknaden har lenge vore anerkjent, fleire økonomar har fått nobelprisen for relaterte arbeid. Denne boka sitt bidrag er vel å kome med eit gjennomarbeidd estimat av kor stor signal-effekten er – eit estimat som er mykje større enn dei fleste andre, men som likevel er truverdig. Boka diskuterer også grundig kva utdanning er eit signal om, altså intelligens, arbeidsvilje og konformitet. Dersom utdanning kun var eit signal om intelligens, hadde ein IQ-test kunne gjort same nytten, men det er det sjølvsagt ikkje. Til slutt illustrerer Caplan dei negative effektane av ein ukritisk satsing på “meir utdanning” som løysinga på generelle problem.

Caplan er økonom, og han har skrive ei bok om økonomi, på godt og vondt. Nokre effektar av utdanning har han ikkje tatt med, han har ikkje sett på effektane av utdanning på lykke, status eller sjølvtillit. Men han hadde vel, med rette, sagt at slike effektar også mest truleg vil vere svært relative.

Skriv ein kommentar