Valgfag i bærekraftig markedsføring på Markedshøyskolen

Vi er no godt i gang med eit nytt valgfag i bærekraftig markedsføring på Markedshøyskolen. Nokre-og-tjue godt motiverte studentar såg i sist forelesning filmen «Blackfish«, som handlar om ein spekkhoggar i fangenskap som er involvert i tre dødsfall, og analyserte deretter dyreparken Seaworld sitt ansvar for situasjonen.

I løpet av dette semesteret skal studentane gjennom mange liknande øvingar, i tillegg til besøk av folk fra næringslivet,  eit bedriftsbesøk eller to, og ein god del til dels utfordrande pensum.  Klassa har alt hatt besøk av dyktige klimaforskarar frå Cicero (Borgar Aamaas og Trude Rauken), som mellom anna har forklart kva som skjer med klimaet, og kvifor det er så vanskeleg å kome fram til bindande klimaavtalar.

I kurset tek vi utgangspunkt i ein utvida definisjon av bærekraft, og dekkjer ikkje kun miljø men også sosiale forhold og etikk. Tanken bak kurset er at markedsføring både kan bidra til miljøproblem og sosiale problem og til løysinga av desse problema. Kurset gir difor kunnskap både om problema (og korleis den moderne kapitalismen – inkludert moderne markedsføring – bidrar til desse), og om korleis oppdatert kunnskap om forbrukeratferd og markedsføring kan bli brukt til å selje meir bærekraftige produkt og tenester.

Kurset går gjennom heile semesteret og er delt opp i fire hovudmodular. I den første modulen, som pågår no, får studentane ein introduksjon til bærekraftig markedsføring.  Neste modul tar for seg forretningetikk og bedrifters samfunnsansvar (CSR). Tredje modul går meir nøye inn på forbrukeratferd, merkevarer og bærekraft, og siste modul løftar blikket litt og ser på bærekraftige forretningsmodellar meir generelt.  Pensum er tre utanlandske [zotpressInText item=»{4QPU4DDE},{E3FJ7SVR},{8MU8N56F}»] og ei norsk lærebok [zotpressInText item=»{NGUABKRT}»], i tillegg til ein god del vitskapelege artiklar.

Studentane skal i løpet av semesteret utvikle ein bærekraftsstrategi for ei sjølvvalt bedrift. Strategien skal sjølvsagt bruke oppdatert kunnskap frå kurset til å gi meir bærekraft men like stor eller større lønsemd, men skal også vurdere om ein del av bedrifta sine aktivitetar er så uheldige at dei bør bli avvikla.

Som ein del av kurset har studentane starta ein blogg, som i skrivande stund er tom men som etter kvart forhåpentlegvis vil bli fylt med refleksjonar og kunnskap inspirert av kurset. Bloggen har fått det velklingande namnet «de grønne oljebarna«, noko som står i klar motsetnad til dei andre oljebarna og også gir eit sterkt signal om at framtida i norsk næringsliv tilhøyrer ein ny generasjon studentar.

Referansar:

[zotpressInTextBib style=»chicago-author-date» sort=»ASC»]

Skriv ein kommentar