Marknadsføringskriminalitet som mindre alvorleg kriminalitet

I fjor haust kom regjeringa med forslag til endringar i handhevinga av marknadsføringslova (høyringsnotat her). Monica Syrdal i advokatfirmaet Hjort har oppsummert forslaget. Den største foreslåtte endringa er at Forbrukerombudet skal få vedtakskompetanse. Dette betyr at Forbrukerombudet vil kunne vedta at ein marknadsføringsspraksis er ulovleg. Til no har Forbrukerombudet i hovudsak ikkje kunne ha gjort det, og måtta basert seg på dialog og frivillige avtalar med næringsdrivande, den såkalla forhandlingsmodellen.

Forhandlingsmodellen går i korte trekk ut på at Forbrukerombudet gjennom dialog og forhandlinger skal forsøke å få de næringsdrivende til å innrette seg frivillig etter loven (høyringsnotatat, s. 13).

Til no har altså  Forbrukerombudet måtta overtalt næringsdrivende til å slutte å bryte lova. Det har også vore svært lite bruk av straff, og straffende har vore lave. Slik praksis hadde vore utenkelig på mange andre område. Konkurransetilsynet skriv ikkje brev til bedrifter for å få dei til å slutte med kartellverksemd, og Økokrim forhandlar ikkje med bedrifter om å slutte med korrupsjon.

Kvifor vert marknadsføringskriminalitet generelt  sett på som mindre alvorleg kriminalitet? Her er nokre observasjonar:

  • Offera er ofte ukjende, og dei negative konsekvensane kan vere uklare («victimless crimes»).  Kven taper på at ein TV blir annonsert til ein falsk førpris, og kor stort er tapet?
  • Dei som taper mest er ofte konkurrentar, som blir offer for den urettferdige konkurransen. Konkurrentar er ikkje sett på som veldig viktige offer, fordi dei er næringsdrivande sjølv (og implisitt fortener mindre beskyttelse).
  • Den store kostnaden ved marknadsføringskriminalitet er at marknader fungerer dårlegare, noko som har enorme kostnader, men desse er generelt skjulte og vanskeleg å talfeste
  • Det er ofte komplisert å avgjere om lova har blitt brota, fordi næringsdrivande er svært kreative og finn stadig nye måtar å jukse på. Dette gjer at lova må bli skriven på ein generell måte, noko som igjen gir større rom for tolkning.

Forslaget til lovendring, dersom det blir vedtatt, vil føre til at marknadsføringskriminalitet vil bli behandla meir på lik linje med andre typar økonomisk kriminalitet. Dette er ei positiv utvikling.

Som ein del av endringa vil Forbrukerombudet bytte namn til Forbrukertilsynet eller Markedsføringstilsynet (det siste er eit betre namn – det er marknadsføringa dei skal drive tilsyn med, ikkje forbrukarane). Dette understreker også endringa i synet på marknadsføringskriminalitet, eit ombud skal ikkje lenger jobbe for korrekt marknadsføring, eit tilsyn skal kontrollere at lova blir respektert.

Skriv ein kommentar