Er rettferdig handel betre for bonden?

Effektane av rettferdig handel (fair trade) er eit mykje diskutert spørsmål. Ein akademisk studie har samanlikna livskvaliteten til kakaobønder som deltek i ei fairtrade-ordning med liknande bønder som ikkje deltek. Resultata er lovande for tilhengjarar av rettferdig handel.

To amerikanske forskarar har undersøkt livskvaliteten til kakaobønder i Peru, Nicaragua og Guatemala [1. Geiger-Oneto, S., & Arnould, E. J. (2011). Alternative Trade Organization and Subjective Quality of Life: The Case of Latin American Coffee Producers. Journal of Macromarketing.], og funne at bønder som er medlemmar i Transfair, ei amerikansk ordning for rettferdig handel, har høgre livskvalitet og er meir optimistiske enn samanliknbare bønder som ikkje er medlemmar. I spørreundersøkelsen rapporterte også medlemmane om større forbetringar dei siste tre åra enn ikkje-medlemmane.

Det mest interessante er kanskje at det ikkje er høgre inntekter som bidreg til den auka livskvaliteten, men medlemskapet i seg sjølv og den sosiale og forretningsmessige assistansen som bøndene får tilgang til gjennom Transfair.

Resultata må sjølvsagt tolkast forsiktig, studien har nokre svake sider [2. Den største utfordringa er utvalet, det kan godt hende at medlemmane i Tranfair skiller seg fra ikkje-medlemmane i utgangspunktet. Det kan også hende at medlemmane svarte «taktisk» på spørreundersøkelsen.] og omhandlar ein enkelt fair trade-organisasjon og ein enkelt type produksjon. Likevel er resultata lovande for dei som er opptatt av rettferdig handel!

Skriv ein kommentar