in Uncategorized

Diplomatar og parkeringsbøter

Ambassadane i Oslo har hundrevis av ubetalte parkeringsbøter, i følgje Aftenposten som har henta inn tal frå Kemnerkontoret. Situasjonen var ganske lik i 2004, då Dagens Næringsliv skreiv om tilsvarande sak. Ein av hovudgrunnane til dei uteståande bøtene er sjølvsagt den diplomatiske immuniteten, som gjer at ambassadane slepp å betale parkeringsbøtene dersom dei  ikkje ønskjer det. Diplomatane kan difor parkere der dei vil utan å tenkje på ei eventuell bot.

På toppen av lista over ambassadar med ubetalte bøter ligg Russland, Marokko, Vietnam, Makedonia og Kina. Ein kan kanskje tenkje seg at dette er land der det er kultur for å utnytte muligheter til å få personlege fordelar dersom risikoen for å bli tatt er liten. På Transparency International sin korrupsjonsindeks scorar til dømes alle desse landa middels eller over middels.

I ein interessant artikkel fann forskarane Fisman og Miguel nettopp ein slik samanheng mellom ambassadar sine ubetalte parkeringsbøter i New York og korrupsjonsindeksen. Diplomatar frå land med mykje korrupsjon pådrog seg signifikant meir parkeringsbøter.  Når reglane i New York vart endra slik at bilar med uteståande parkeringsbøter kunne bli avskilta gjekk talet på parkeringsbøter kraftig ned. Kanskje ein idé for norske styresmakter? Her er heile samandraget:

We study cultural norms and legal enforcement in controlling corruption by analyzing the parking behavior of United Nations officials in Manhattan. Until 2002, diplomatic immunity protected UN diplomats from parking enforcement actions, so diplomats’ actions were constrained by cultural norms alone. We find a strong effect of corruption norms: diplomats from high-corruption countries (on the basis of existing survey-based indices) accumulated significantly more unpaid parking violations. In 2002, enforcement authorities acquired the right to confiscate diplomatic license plates of violators. Unpaid violations dropped sharply in response. Cultural norms and (particularly in this context) legal enforcement are both important determinants of corruption.

Fisman, Raymond, og Edward Miguel. 2007. «Corruption, Norms, and Legal Enforcement: Evidence from Diplomatic Parking Tickets». Journal of Political Economy 115 (6) (desember 1): 1020–1048. doi:10.1086/527495.

Skriv ein kommentar