Regulering, sjølvregulering og forbod mot marknadsføring av usunn mat og drikke ovanfor barn og unge

I det siste har det vore strid om eit forslag frå Helse- og omsorgsdepartementet om å forby marknadsføring av usunn mat og drikke ovanfor barn og unge under 18 år.  Bakgrunnen for forslaget er bekymring for vektutviklinga blant barn og unge. Fedme, ei medverkande årsak til ei rekkje sjukdomar, er eit aukande problem også i Norge.

Då forslaget vart kjent før sommaren kom det sterke reaksjonar frå mange, spesielt matindustrien. Forslaget kunne bety at enkelte produkt, som Kinder-egg og Happy Meal, ville bli ulovlige, noko dåverande helseminister stadfesta. Dette gav overskrifter i media, og statsministeren avkrefta dette raskt på Twitter.» – Nei, det er ingen god idé å forby Kinderegg. Det blir derfor heller ikke noe forbud».

No er høyringsfristen ute og reaksjonane frå matsektoren er framleis sterke. Ei rekkje bedrifter og organisasjonar kritiserer forslaget for å mangle heimel, for å vere i strid med EØS-retten, for å ikkje å vere effektivt og for å vere utforutsigbart. Departementet skal no vurdere høyringsinnspela og kome med eit endeleg utkast til forskrift.

Forslaget må sjåast i samanheng med Forbrukerrådet og matbransjens forsøk på sjølvregulering av slik marknadsføring. Etter initiativ frå Forbrukerrådet gjekk ei rekkje  bedrifter, næringslivsorganisasjonar og offentlege etatar i 2007 saman om «Retningslinjer for markedsføring av mat og drikke rettet mot barn og unge«. Desse retningslinjene stiller mange krav til marknadsføringa, men er meir næringslivsvenlege enn det nye lovforslaget. Departementet tvilar på om desse retningslinjene har virka, og støttar seg på ei evaluering forskarar ved SIFO gjorde i 2010. Denne konkluderte med at retningslinjene var «gode intensjonar som mangla eigarskap», og at det var vanskeleg å påverke nokon effekt.

At retningslinjene ikkje har hatt særleg effekt er sannsynleg, sidan dei manglar både eit system for kontrollar og sanksjonar. Ingen har ansvaret for å sjekke om retningslinjene vert følgde, og dersom ei bedrift går over streken får det ingen konsekvensar. Internasjonal forskning tyder på at effektane av slike retningslinjer utan sanksjonar har liten eller ingen effekt.

Ei vanleg årsak til at næringslivet startar sjølvregulering er å kome offentlege reguleringar i forkjøpet. Dersom ein brukbar sjølvjustis er på plass blir behovet for offentleg styring mindre. Dette var ein av fleire årsaker til at retningslinjene kom på plass i si tid. Det spørs om ikkje bransjen skulle ha gått enda lenger enn dei gjorde, og inkludert kontrollar og sanksjonar i retningslinjene. Kontrollane kunne ha vore gjennomført som årlege stikkprøver, og sanksjonane kunne til dømes ha vore «naming and shaming» ved at bedrifter som braut reglane vart namngjevne på ei nettside eller liknande. Då hadde retningslinjene hatt større legitimitet, og det hadde vorte enklare å påvise effekten av dei, utan at opplegget hadde vorte for kostbart eller komplisert.

Og då er det ikkje sikkert at sjølvreguleringa hadde blitt erstatta med regulering, i alle fall ikkje så raskt!

Skriv ein kommentar