Innhaldsmarknadsføring som juks: Nokre økonomiske vurderingar

Merittane til innhaldsmarknadsføring (også kjent som content marketing) blir debattert friskt. Innhaldsmarknadsføring kan litt enkelt bli definert som «reklame som ser ut som journalistikk». Typiske eksempel er annonser som ser ut som artiklar, eller eigne seksjonar med betalt innhald i aviser og på nettsider. Debatten handlar i stor grad om skiljet mellom journalistikk og reklame. […]