Tag: reklame

  • Fossilreklameforbud i Norge?

    Sist veke deltok eg i ein debatt om regulering av “fossilreklame” i regi Framtiden i våre henders studentlag i Oslo. Bakgrunnen er at ein del byar i Europa og andre stadar (fin oversikt her) har begrensa eller stoppa såkalla fossilreklame. Akkurat kva det betyr varierer, men typisk forbud mot reklame for bensin/drivstoff, bensinbilar, flyreiser, og cruise. Mange av reguleringane har blitt innført på lokalt nivå, og gjeld i praksis utandørsreklame eller reklame på offentleg transport.

    Mine hovudpoeng i debatten, som eg halvvegs fekk framført:

    • Reklame påverkar forbruk, men det er vanskeleg å vite akkurat kor mykje fordi det fins få “naturlige eksperiment” der reklame tilfeldigvis har blitt kutta. Studiar av forbod mot reklame for alkohol eller tobakk finn ingen (f.eks Capella mfl 2008) eller små effektar (f.eks Saffer & Chaloupka 2000). Når det norske forbudet mot alkohol kom, gjekk forbruket ned med 7% pluss minus feilmarginar (Rossow 2021), men det er vanskelig å vite om dette kun er på grunn av forbudet.
    • Lokale forbud mot utandørsreklame er ein naturleg plass å starte, Oslo kommune via Ruter kan for eksempel ta dette inn i kontrakta si om utandørsreklame. Dette vil likevel ha svært begrensa effekt, slik reklame utgjer berre nokre få prosent av totalen.
    • Grønnvasking, at bedrifter framstiller seg som betre enn realiteten, er eit stort problem. Det kan hende at forbod mot fossilreklame kan hjelpe litt, mange av selskapa som blir tatt for grønnvasking driv med “fossil-intensive” aktivitetar.
    • Så er det sjølvsagt vanskeleg å sette grensene for kva som skal vere ulovleg. Men slik er det i mange typar markedsføringsregulering (kva er eit “sunt” produkt for eksempel)
    • Det fins ein lang tradisjon for regulering av markedsføring og reklame i Norge, med stadige endringar i lovgiving. Snart kjem det nye reglar mot markedsføring av usunn mat og drikke mot barn, og mot markedsføring av upassande produkt og tenester mot barn i sosiale medier. Kanskje kan eit fossilreklameforbud bli neste?

    Debatten ligg på Youtube. Det vart litt masse fokus på Equinor og mindre om sjølve temaet, men slik måtte det kanskje bli når sjølvaste Equinor stilte opp, honnør til Equinor og kommunikasjonsdirektør Jannik Lindbæk Jr for det.

    Referansar:

    Capella, M. L., Taylor, C. R., & Webster, C. (2008). The Effect of Cigarette Advertising Bans on Consumption: A Meta-analysis. Journal of Advertising, 37(2), 7–18. https://doi.org/10.2753/JOA0091-3367370201.

    Saffer, H., & Chaloupka, F. (2000). The effect of tobacco advertising bans on tobacco consumption. Journal of Health Economics, 19(6), 1117–1137. https://doi.org/10.1016/S0167-6296(00)00054-0.

    Rossow, I. (2021). The alcohol advertising ban in Norway: Effects on recorded alcohol sales. Drug and Alcohol Review, 40(7), 1392–1395. https://doi.org/10.1111/dar.13289

  • Reklame reduserer livskvalitet

    Reklame har positive og negative effekter. På den eine sida gir reklamen informasjon om produkt og prisar, som vi forbrukarar kan bruke til å gjere gode og informerte val. På den andre sida bidrar reklame til å auke sal av produkt og tenester. Dette er negativt for miljøet, men kan også vere negativt for folk sin livskvalitet, dersom reklamen fører til at vi blir mindre nøgde med vår eksisterande situasjon.

    I ein ny artikkel som ser på dette spørsmålet finn forfattarane at reklame har ein negativ effekt på livskvalitet (målt som svar på spørsmålet “On the whole, are you very satisfied, fairly satisfied, not very satisfied or not at all satisfied with the life you lead?”). Gjennom å sjå på investeringar i reklame og livskvalitet i 27 europeiske land i perioden 1980-2011, finn dei at auka investeringar i reklame fører til mindre livskvalitet åra etter. Samandraget:

    Advertising is ubiquitous in modern life. Yet might it be harmful to the happiness of nations? This paper blends longitudinal data on advertising with large-scale surveys on citizens’ well-being. The analysis uses information on approximately 1 million randomly sampled European citizens across 27 nations over 3 decades. We show that increases in national advertising expenditure are followed by significant declines in levels of life satisfaction. This finding is robust to adjustments for a range of potential confounders — including the personal and economic characteristics of individuals, country fixed-effects, year dummies, and business-cycle influences. Further research remains desirable. Nevertheless, our empirical results are some of the first to be consistent with the hypothesis that, perhaps by fostering unending desires, high levels of advertising may depress societal well-being.

    Effekten er ikkje liten, ein auke i reklameinvesteringar på 3% tilsvarer om lag 1/4 av den negative effekten av å vere arbeidsledig. Dersom resultata stemmer er det dermed gode grunnar til å skattlegge eller regulere reklame på andre måtar.

    Michel, C., Sovinsky, M., Proto, E., & Oswald, A. J. (2019). Advertising as a Major Source of Human Dissatisfaction: Cross-National Evidence on One Million Europeans. In The Economics of Happiness (pp. 217-239), ed. Rojas, M. Springer, Cham.

  • Spis mer brød!

    Spis mer brød!

    Når Statens Ernæringsråd seier det er det vel berre å setje i gang (gamal reklame i bakerivindu i Ålesund)

  • “The attention merchants” av Tim Wu

    I si nye bok “The attention merchants” går Tim Wu gjennom 150 år med reklamehistorie, skildrar korleis kommersielle interesser stadig har gått lengre for å få di oppmerksomhet, og diskuterer dei negative følgjene av reklamefinansierte media.

    Boka startar på 1830-talet, då aviser i New York starta å bruke annonser som finansieringskilde, og i følgje Wu dermed fann opp annonsefinansiering som forretningsmodell. Boka fortset så gjennom reklamehistoria, med “snake oil” og løgn i annonser,  plakatar i det offentlege rom, offentleg propaganda under verdskrigane, introduksjon av radio og TV, og til slutt Internett og mobiltelefonar.

    Eit gjennomgåande tema i boka er korleis kampen om oppmerksomhet alltid er pågåande, mellom profesjonelle/kommersielle interesser og folk flest. Når det blir for mykje reklame/forstyrrelsar slår folk tilbake, gjennom strengare reguleringar eller ved å forlate mediet. Kommersielle interesser svarer så gjennom innovasjon og mindre påtrengande reklame. Slik fortset kampen. Dei som ønskjer di oppmerksomhet har likevel gradvis okkupert fleire og fleire arenaer – skulen, huset (gjennom tv, radio), jobben (gjennom Internett) og til dels kroppen din (mobiltelefonen)

    Eit anna hovudpoeng er at media som i hovudsak er finansiert av reklame har dårleg kvalitet – det blir alltid et “race to the bottom” med clickbait, sensasjonelle nyheter, stor vekt på kjendisar, overskrifter som ikkje dekkjer innhaldet,  og så vidare. Alternativet er sjølvsagt forretningsmodellar der vi betalar for nyheiter og underhaldning. Kabel-tv, Netflix og liknande medium har vist at dette er mogleg.

    Boka gir ikkje så mykje ny kunnskap, men er likevel ein god presentasjon av reklamen si historie, og skildrar godt den kommersielle verdien av  oppmerksomhet. Når det kjem til løysingar er boka tynnare – reklameblokkering, reklamefrie pausar og arenaer og abonnementsløysingar blir diskutert, men  her har heller ikkje Tim Wu eit spesielt godt svar.