Tag: forskning

  • Juks i forskning om juks

    I 2021 vart det avdekka juks med data i ein forskningsartikkel om juks (“Signing at the beginning makes ethics salient and decreases dishonest self-reports in comparison to signing at the end“). Eit datasett i artikkelen hadde blitt redigert slik at dataene skulle stemme med teorien. Dan Ariely, internasjonalt kjent professor i atferdsøkonomi, tok på seg alt ansvar, medforfattarane Shu, Mazar, Gino & Bazerman hadde ikkje vore involvert i å samle eller analysere dataene. Artikkelen vart trekt tilbake, og saka fekk ingen kjente konsekvensar for Ariely fordi det ikkje var bevist at det var han som hadde juksa.

    Jukset vart avdekka på bloggen Data Colada driven av professorane Simonsohn, Nelson og Simmons. Data Colada-gjengen er kjente for å vere data-detektivar, og har avdekka ei rekke tilfeller av svak forskningspraksis og resultat som ikkje stemmer.

    Denne veka publiserte Data Colada ei ny sak (Data Falsificada (Part 1): Clusterfake) om eit anna datasett som har blitt redigert. Det spesielle? Datasettet er fra same artikkelen der det hadde blitt avdekka juks i 2021! Denne gangen var det medforfattar Francesca Gino, også svært kjent professor, som var ansvarlig for innsamling og analyse av datasettet, som igjen hadde blitt redigert for å passe til teorien.

    Vi er altså i den fantastiske situasjonen at to datasett i same artikkel har blitt redigert for å passe teorien (=juksa med), og to medforfattarar har mest sannsynlig uavhengig av kvarandre vore ansvarlege. Og det i en artikkel som handlar om korleis ein kan redusere juks!

    Store delar av samfunnsvitskapane står i ei repliseringskrise, det viser seg enkelt sagt at svært mykje av publisert forskning ikkje stemmer. Årsakene er samansette, men ein av grunnane er at forskarar blir belønna for å finne signifikante funn, noko som gjer at det blir attraktivt å tilpasse/torturere/jukse med dataene på ulike måtar. Belønninga kan vere stor, som eit resultat av forskninga si har Francesca Gino fast jobb ved Harvard Business School, årslønn på ca 5 millionar og tek 100.000 og oppover for å halde foredrag på næringslivskonferansar.

    Data Colada har lova at det kjem fleire bloggpostar om Gino sin forskning. I minst tre andre artiklar har dei funne gode bevis for juks (oppdatering: Bloggpost 2 er no publisert).

    Francesca Gino står for øvrig (framleis) på talarlista på Oslo Business Forum no i 2023. Kanskje ho skal prate om den siste boka si, “Rebel Talent: Why it Pays to Break the Rules in Work and Life”? Mykje tyder på at ho kan prate frå eiga erfaring.

  • Reklame reduserer livskvalitet

    Reklame har positive og negative effekter. På den eine sida gir reklamen informasjon om produkt og prisar, som vi forbrukarar kan bruke til å gjere gode og informerte val. På den andre sida bidrar reklame til å auke sal av produkt og tenester. Dette er negativt for miljøet, men kan også vere negativt for folk sin livskvalitet, dersom reklamen fører til at vi blir mindre nøgde med vår eksisterande situasjon.

    I ein ny artikkel som ser på dette spørsmålet finn forfattarane at reklame har ein negativ effekt på livskvalitet (målt som svar på spørsmålet “On the whole, are you very satisfied, fairly satisfied, not very satisfied or not at all satisfied with the life you lead?”). Gjennom å sjå på investeringar i reklame og livskvalitet i 27 europeiske land i perioden 1980-2011, finn dei at auka investeringar i reklame fører til mindre livskvalitet åra etter. Samandraget:

    Advertising is ubiquitous in modern life. Yet might it be harmful to the happiness of nations? This paper blends longitudinal data on advertising with large-scale surveys on citizens’ well-being. The analysis uses information on approximately 1 million randomly sampled European citizens across 27 nations over 3 decades. We show that increases in national advertising expenditure are followed by significant declines in levels of life satisfaction. This finding is robust to adjustments for a range of potential confounders — including the personal and economic characteristics of individuals, country fixed-effects, year dummies, and business-cycle influences. Further research remains desirable. Nevertheless, our empirical results are some of the first to be consistent with the hypothesis that, perhaps by fostering unending desires, high levels of advertising may depress societal well-being.

    Effekten er ikkje liten, ein auke i reklameinvesteringar på 3% tilsvarer om lag 1/4 av den negative effekten av å vere arbeidsledig. Dersom resultata stemmer er det dermed gode grunnar til å skattlegge eller regulere reklame på andre måtar.

    Michel, C., Sovinsky, M., Proto, E., & Oswald, A. J. (2019). Advertising as a Major Source of Human Dissatisfaction: Cross-National Evidence on One Million Europeans. In The Economics of Happiness (pp. 217-239), ed. Rojas, M. Springer, Cham.

  • Korleis søke i Google Scholar for å finne litteratur til bachelor- eller masteroppgåva

    (Denne artikkelen er meint for mine studentar som skriv bachelor eller masteroppgåver – men andre er kanskje også interesserte)

    Google Scholar er den beste og mest omfattande søkemotoren for fagartiklar

    Biblioteka ved Høyskolen Kristiania, OsloMet og andre institusjonar har fleire ulike databasar og søkemotorar for å finne faglitteratur. Desse fungerer heilt ok, men Google Scholar (scholar.google.com) er mest omfattande og best. På Google Scholar finn du det meste dersom du søkjer litt smart.

    Søk i Google Scholar fungerer omtrent som vanlige Google-søk

    For å finne relevante artiklar er det som vanleg viktig å bruke rett terminologi og presist språk Veldig generelle søkeord gir alt for mange og irrelevante treff. Google sine vanlege søkereglar gjeld elles. For artiklar som omhandlar samanhengen mellom markedsorientering og tilfredshet, skriv f.eks “market orientation” “customer satisfaction”.

    Google Scholar gjer det enkelt å finne relatert litteratur

    Når du har funne ein interessant artikkel vil klikk på “Cited by” gi ei liste over artiklar som har referert til den gjeldande artikkelen. Dette vil vere eit godt utgangspunkt for å finne andre relevante artiklar. “Related articles” vil gi ei liste over andre liknande eller relaterte artiklar, som ikkje nødvendigvis siterer den aktuelle artikkelen.

    For å velge ut god litteratur, sjå på tittel, tidsskrift og antall siteringar (og så må du sjølvsagt lese)

    Ein fordel og ulempe er at Google Scholar dekkjer alt mulig av faglitteratur. Dette betyr at kvalitetsnivået på treffa kan variere veldig, alt frå svært gode artiklar i fagfellevurderte tidsskrift til konferansebidrag eller upubliserte arbeid av svak kvalitet. For å velge ut kvalitetslitteratur er det smart å sjå på tidsskriftet det er publisert i (det bør som minimum vere registrert i det norske registeret for vitenskaplege publiseringskanalar – og gjerne på nivå 2, som er dei beste tidsskrifta). I tillegg kan det vere lurt å sjå på antall siteringar. Dersom ein artikkel har titals eller hundretals siteringar, så tyder det på at det relevante fagmiljøet har funne artikkelen god nok til å bruke han. Men: Det fins sjølvsagt svake studiar som er publiserte i gode tidsskrift og som har mange siteringar, og svært gode artiklar som ingen har sitert, så ein må sjølv gjere ei vurdering etter å ha lese artikkelen. I alle fall på masternivå forventar eg ein viss grad av kritisk haldning til eksisterande forskning.

    Kva om fulltekstversjonen av artikkelen ikkje er tilgjengeleg?

    Google Scholar er flinke til å finne fulltekstversjonen av ein artikkel. Dersom du har tilgang til artikkelen gjennom biblioteket vil Scholar vanlegvis identifisere dette, og dersom artikkelen er publisert på nettet andre stadar vil Scholar også finne dette. Dersom artikkelen likevel ikkje er tilgjengeleg, ta kontakt med biblioteket, dei er flinke til å hjelpe med å få tak i litteratur.

    Google Scholar gjer det enkelt å lage database over litteratur eller litteraturliste

    Frå Google Scholar er det enkelt å sitere artiklar (trykk på “sitat”-tegnet og vel ønska sitatstil, så kan du kopiere referansen til litteraturlista). Det er også enkelt å importere referansar med eit klikk til ulike referanseverktøy, inkludert Zotero, som er gratis og blir støtta på Høyskolen Kristiania og OsloMet. For masterstudentar anbefalar eg slike verktøy.

  • Uetisk marknadsføring av alternativ medisin

    Er det etisk å marknadsføre alternativ medisin? Dette er spørsmålet i ein kort men interessant artikkel av Macdonald og Gavura.

    Utgangspunktet deira er at alternativ medisin ikkje berre er behandling/terapi/medisin, men også produkt og tenester som blir marknadsførte og selde. Marknadsføring av alternativ medisin må difor sjølvsagt oppfylle generelle, etiske krav til marknadsføring.

    Forfattarane identifiserer først to argument til støtte for marknadsføring av alternativ medisin. Det første argumentet er respekten for individuell autonomi. Folk er forskjellige, og (innanfor rimelege grenser) bør ein respektere individuelle val. Sidan alternativ medisin gir fleire alternativ å velje mellom, er dette i utgangspunktet positivt. Det andre argumentet, som heng saman med det første, er at alternativ medisin fører til tøffare konkurranse for tradisjonell medisin, og konkurranse har som kjent fleire positive effektar, inkludert høgre kvalitet og lågare prisar.

    For å vurdere etikken i marknadsføringa nyttar dei så nokre enkle prinsipp for kommersiell etikk. Dei som sel produkt og tenester på ein marknad må (mi oversetjing):

    1. Tilby eit produkt som verkar – eit produkt som i følgje handelsrett er “salgbart” (“merchantable”).
    2. Berre selje produkt til folk som forstår dei grunnleggjande eigenskapane ved produkta, og som i det store er i stand til å forstå (anten sjølv eller med profesjonell rådgiving) om produktet vil tilfredsstille deira behov. Dette medfører at seljar må vere ærleg og ikkje tene på kundane sin manglande kunnskap.
    3. Ta rimelege grep for å sikre at tredjepartar (dei som ikkje deltek i eller aksepterer handelen) ikkje vert skada.

    Når det gjeld prinsipp 1 konkluderer forfattarane med at det meste av alternativ medisin ikkje tilfredsstiller dette prinsippet. Dei fleste produkt og tenester innan alternativ medisin fungerer ikkje – teoretisk er det ofte umulig at dei kan verke, og så godt som all god forsking har funne at tenestene ikkje har nokon effekt ut over placebo. Det er heller ingen unnskyldning at marknadsførarane av alternativ medisin sjølv trur at produkta verkar, dei har eit sjølvstendig ansvar i å sette seg inn i kunnskapen om produkta.

    Forfattarane konkluderer også med at prinsipp 2 ikkje blir tilfredsstilt av alternativ medisin. Dei fleste av kundane kan ikkje gjere gode vurderingar av effekten av til dømes akupunktur, fordi dei ikkje har nok innsikt i behandlingsmetoden eller grunnleggjande biologi.

    Prinsipp 3 er ikkje eit spesielt problem for alternativ medisin, all den tid behandlinga i hovudsak er individuell. Forfattarane nemnar likevel problemet med foreldre som brukar alternativ medisin for sine barn, av og til med tragiske utfall.

    Totalt sett er det difor i følgje forfattarane ingen tvil om at marknadsføring av alternativ medisin er uetisk.

    Referanse:
    Macdonald, Chris, and Scott Gavura. 2016. “Alternative Medicine and the Ethics of Commerce.” Bioethics 30 (2): 77–84. doi:10.1111/bioe.12226.

  • Diskriminering også i delingsøkonomien

    Ein stor og god litteratur har tidlegare dokumentert diskriminering basert på etnisitet i arbeidsmarknaden, leigemarknaden og andre marknader, også i Noreg. Det er kanskje ikkje så overraskande, men diskriminering er også ein del av delingsøkonomien. Eit nytt arbeidsnotat frå forskarar ved Harvard finn at gjestar med “afro-amerikanske” namn har 16% mindre sjanse til å bli aksepterte enn gjestar med “kvite” namn. Dette er kostbart for utleigar, som i 1/3 av tilfella ikkje får erstatta den potensielle gjesten.

    Online marketplaces increasingly choose to reduce the anonymity of buyers and sellers in order to facilitate trust. We demonstrate that this common market design choice results in an important unintended consequence: racial discrimination. In a field experiment on Airbnb, we find that requests from guests with distinctively African-American names are roughly 16% less likely to be accepted than identical guests with distinctively White names. The difference persists whether the host is African-American or White, male or female. The difference also persists whether the host shares the property with the guest or not, and whether the property is cheap or expensive. We validate our findings through observational data on hosts’ recent experiences with African-American guests, finding host behavior consistent with some, though not all, hosts discriminating. Finally, we find that discrimination is costly for hosts who indulge in it: hosts who reject African- American guests are able to find a replacement guest only 35% of the time. On the whole, our analysis suggests a need for caution: while information can facilitate transactions, it also facilitates discrimination.

    Edelman, Benjamin G., Michael Luca, and Dan Svirsky. 2016. “Racial Discrimination in the Sharing Economy: Evidence from a Field Experiment.” Harvard Business School NOM Unit Working Paper 16-069. Boston, MA: Harvard Business School. http://papers.ssrn.com/abstract=2712393.
    (via Kevin Lewis)
  • Lokkeprisar på bustadmarknaden

    Forbrukerombudet og Forbrukerrådet har vore bekymra for bruk av lokkeprisar på bustadmarknaden. Lokkeprisar er prisantydningar som er sett lågare enn prisen seljar er villig til å akseptere.  Ein populærteori har vore at lokkeprisar får fleire innom visning, noko som kan føre til fleire bodgjevarar i auksjonen og dermed høgre pris.

    Ei ny masteroppgåve frå Anders Skjærholt ved økonomisk institutt på Universitetet i Oslo kastar nytt, norsk lys over effektane av lokkeprisar. Han analyserer data frå eigedomstransaksjonar i Oslo i perioden 2006-2013, og finn at lokkeprisar (definert som forskjellen mellom takst og prisantydning) har ein signifikant og negativ effekt på endeleg pris. “Per krone of underpricing, the estimated coefficient on final sales price is a reduction of 81 to 93 cents (øre).” (side 52). Dette er på linje med funn i internasjonal forskning, som også finn at høgre prisantydning gir høgre endeleg pris (Bucchianeri og Minson, 2013), og kan vere i tråd med ein teori der prisantydninga vert ein slags “referansepris” som kjøparane ikkje vil gå for høgt over.

    Det er altså god grunn til å vere bekymra for lokkeprisar, men bekymringa bør handle om seljar, og ikkje kjøpar, si velferd.

    Kvifor brukar seljarar lokkepris dersom dette gir lågare endeleg pris? Ei mogleg forklaring kan vere agentproblem (ulike interesser) mellom seljar og meklar. Seljar si interesse er høgst mogleg pris, men eigedomsmeklar si interesse er hovudsakleg å få selt bustaden så raskt som mogleg (sjå f.eks Levitt og Syverson, 2008). Dersom lokkeprisar bidreg til raskare sal, kan meklar ha interesse av å foreslå lokkeprisar. Dette er kun ei arbeidshypotese som må testast.

    Inntil vidare er det framleis god grunn til å unngå lokkeprisar – i alle fall dersom du skal selje bustad.

    Referansar

    Bucchianeri, G. W., & Minson, J. A. (2013). A homeowner’s dilemma: Anchoring in residential real estate transactions. Journal of Economic Behavior & Organization, 89, 76–92.
    Levitt, S. D., & Syverson, C. (2008). Market distortions when agents are better informed: The value of information in real estate transactions. The Review of Economics and Statistics, 90(4), 599–611.
    Skjærholt, A. (2015). Behavioral Biases in Housing Markets – The Case of Oslo. Masteroppgave, Universitetet i Oslo. Retrieved from https://www.duo.uio.no/handle/10852/44291
  • Økonomiske effektar av søndagsåpent i varehandelen

    Ein av dei mest relevante studiane i debatten om dei økonomiske effektane av søndagsåpent i varehandelen er studien “Evaluating the impact of Sunday trading deregulation” av forskarane Danchev og Genakos. Studien er (førebels) ikkje publisert i eit tidsskrift, men er publisert som ein rapport frå ei arbeidsgruppe i OCED og som eit working paper frå Centre for Economic Performance ved London School of Economics (der ein av forskarane bak er tilknytt).

    Studien er hyppig sitert i Noreg, og går ofte under namnet “OECD-rapporten” eller liknande. Spesielt tilhengjarane av søndagsåpent siterar studien, fordi studien konkluderer med at søndagsåpent gir større sysselsetting og større omsetning, men ikkje høgre prisar. Regjeringa refererte også til studien i sitt høyringsnotat, og fleire av høyringssvara viser til studien.

    Enkelte tvilar på studien sin verdi, Virke uttalar i sitt høyringssvar (pdf) at resultata frå studien ikkje er “er anvendbare på norske forhold”, i hovudsak fordi norsk handel i følgje Virke er svært forskjellig frå andre europeiske land.

    For å vurdere studien sin verdi må ein sjå på data og metode. Dataene kjem frå Eurostat, og sjølv om det alltid er spørsmål rundt statistikk på makronivå er dataene dei beste som eksisterer. Metoden er ganske enkel. Kort forklart har forskarane samanlikna utviklinga i land som har liberalisert lovgivinga si (før – etter) med land som ikkje har liberalisert lovgivinga si. Dette har dei gjort for 30 europeiske land i perioden 1999-2013. I denne perioden har sju land (Tyskland, Danmark, Spania, Finland, Frankrike, Italia, og Portugal) liberalisert lovgivinga for søndagshandel, mens dei andre landa ikkje har gjort det. Metoden tek omsyn både til individuelle forskjellar mellom land (f.eks at landa starta på svært forskjellig nivå, har ulik kultur etc) og generelle økonomiske trendar (f.eks finanskrisa).

    Forskning er aldri perfekt, men metoden bak denne studien er solid. Ved å bruke paneldata med kontroll både for såkalla “enhetsfaste” og “tidsfaste” effektar unngår ein dei største fallgruvene når ein ønskjer å avdekkje ein kausal effekt. Ein kan likevel ikkje vere heilt sikker på å ha estimert den rette effekten, fordi det framleis kan vere ikkje inkluderte variablar som påverkar landa ulikt over tid. Svært mykje forskning innan samfunnsvitskapane, inkludert økonomi, sosiologi og statsvitskap, baserer seg på denne metoden.

    Sjølv om metoden er solid er det vanskeleg å seie kor relevant studien er for den norske marknaden. Ein kan tenkje på funna i studien som “gjennomsnittseffektar”, som ein ikkje kan vere sikker på vil slå til i Norge. Det er likevel ingen tvil om at studien bør ha mykje større vekt enn anektodiske bevis og historier. Fleire, inkludert Virke i sitt høyringssvar, brukar den såkalla negative utviklinga i Danmark etter liberaliseringa der som argument mot søndagsåpent i Noreg. Men: Eg har ikkje sett gode studiar eller analyser som viser at 1) utviklinga i Danmark er negativ, 2) den (mulige) negative utviklinga skuldast søndagsåpent, og 3) utviklinga i Noreg vil følgje Danmark, og ikkje andre europeiske land.

    Ein bør alltid vere varsam med å konkludere basert på enkeltstudiar, og heller prøve å sjå fellestrekk blant fleire studiar. I artikkelen går Danchev og Genakos gjennom tidlegare forskning, som i hovudsak liknar på deira eigne funn: Auka omsetning og sysselsetting, ingen effekt på prisar. Totalt sett tydar forskninga dermed på at dette er effekten vi kan forvente oss.

    Forskning kan ikkje svare på om søndagsåpent er bra eller dårlig for Noreg. Til sjuande og sist blir det å vege ulike omsyn opp mot kvarandre. Men: dei som ønskjer eit faktabasert grunnlag for å gjere vurderinga av økonomiske effektar bør heller basere seg på Danchev og Genakos sin studie enn på anekdotar.

    Referanse til studien:

    Danchev, S., & Genakos, C. (2015). Evaluating the impact of Sunday trading deregulation (CEP Discussion Paper No. 1336). London: London School of Economics. Retrieved from http://cep.lse.ac.uk/pubs/download/dp1336.pdf

    • Som grunnleggjande liberal er eg positiv til søndagsåpent, men eg meiner at begge sider i debatten bør basere seg på fakta og ikkje synsing og anekdotar. Eg har tidlegare skrive om mulige negative ikkje-økonomiske effektar av søndagsåpent.
  • Gamblingselskap annonserer meir for kampar som har større forteneste

    Ikkje så overraskande annonserer gamblingselskap meir for kampar der dei har større forteneste:

    UK bookies (bookmakers) herd geographically in less-affluent areas. The present work shows that UK bookies also herd with the special bets that they advertise to consumers, both in their shop window advertising and on TV adverts as shown to millions of viewers. I report an observational study of betting adverts over the 2014 soccer World Cup. Bet types vary in complexity, with complex types having the highest expected losses. Bookies herded on a common strategy of advertising special bets on two levels: by almost exclusively advertising complex bet types with high expected losses, and by advertising representative events within a given complex bet type. This evidence is most consistent with bookies’ advertising targeting a representativeness heuristic amongst bettors. Bookies may know how to nudge bettors toward larger losses.

    Newall, P. W. (2015). How bookies make your money. Judgment and Decision Making, 10(23), 225–231.
  • Doktorgrad…

    For nokre veker sidan disputerte eg (endeleg) for doktorgraden ved Handelshøyskolen BI. Tittelen på avhandlinga var “Organizational form, local market structure and corporate social performance in retail”. Kort fortalt består avhandlinga av tre artiklar som på ulike måtar studerer varehandelsbutikkar og -kjeder sine sosiale resultat. Teoretisk er avhandlinga basert på agentteori. Agentteori fokuserer på ulik informasjon og ulike interesser i prinsipal-agentforholdet. Sidan ulike varehandelsbedrifter har ulike organisasjonsformer varierer også insentiva til å maksimere profitt for butikkane. Ein uavhengig butikk har større insentiv enn ein franchise-butikk, som har større insentiv enn ein filialbutikk. Dette kan bidra til betre (eller verre) sosiale resultat i butikkane, avhengig av om sosiale resultat er etterspurte og observerbare for kundar og andre. I tillegg kan eigenskapar ved lokalmarknaden påverke, omsynet til omdømme på små stader kan forbetre sosiale resultat, og konkurranse kan både forverre og forbetre resultata, igjen avhengig av kva marknaden ønskjer og kan observere. Eg testar denne enkle overordna teorien i tre artiklar med ulike problemstillingar og ulike datasett.

    I den første artikkelen (“Franchising, local market characteristics and alcohol sales to minors”) studerer eg korleis organisasjonsform og den lokale marknaden påverkar sal av alkohol til mindreårige i norsk daglegvarehandel. Med data frå Juvente sitt prosjekt Skjenkekontrollen finn eg at franchise-butikkar er meir tilbøyelege til å selje alkohol til mindreårige enn filialbutikkar. Franchise-butikkar er også meir sensitive for aktiv kontrollverksemd frå kommunen. Butikkar i små marknader (<10.000) er meir forsiktige med å selje øl til mindreårige, men eg finn ingen effekt av konkurranse. Ein noko endra versjon av denne artikkelen (medforfattarar Arne Nygaard og Robert Dahlstrom) har blitt akseptert i Journal of Business Research. Den andre artikkelen i avhandlinga ("Market structure, chain membership and food hygiene in retail") studerer effekten av konkurranse på hygiene i dagligvarebutikkar. Økonomisk teori tilseier at konkurranse skal gi betre kvalitet for dimensjonar som er etterspurte og observerbare. Hygiene er vanlegvis berre delvis observerbart (kva skjer på bakrommet?!), men ein del land har innført system der resultata av offentlege hygieneinspeksjonar blir gjort offentlege. Men: Dersom konkurranse gir betre hygiene, betyr dette at butikkar på små stader, der konkurransen er begrensa, vil ha dårlegare hygiene? Eg argumenterer for at dette ikkje vil vere tilfelle, fordi butikkar på små stadar vil vere spesielt opptekne av sitt omdømme, og dermed likevel produsere god kvalitet. I tillegg forventar eg at butikkar som er medlemmar av kjeder vil vere mindre sensitive ovanfor konkurranse, fordi kjedene standardiserer kvaliteten til butikkane. Med data frå alle danske daglegvarebutikkar (“Smiley-programmet”) får eg i hovudsak støtte for hypotesane, den U-forma samanhengen mellom konkurranse og kvalitet er spesielt robust.

    Tredje artikkel (“Retail chains’ corporate social responsibility signaling”) studerer varehandelskjeder sin kommunikasjon av samfunnsansvar. I artikkelen argumenterer eg for at kjeder som det er vanskelegare for andre å vurdere kvaliteten til vil vere meir tilbøyelege til å kommunisere sitt arbeid med samfunnsansvar. Dette betyr for eksempel at kjeder som brukar eigne merkevarer eller er utanlandske vil kommunisere i større grad. Eg testar også om organisasjonsform påverkar kommunikasjon av samfunnsansvar, sidan kjeder med sjølvstendige butikkar vil ha større problem med å få butikkane til å gjere felles investeringar eller sikre at investeringane i samfunnsansvar blir følgde opp. Basert på ei innhaldsanalyse av nettsidene til 208 kjeder i den norske marknaden får eg i hovudsak støtte for hypotesane.

  • Andre effektar av søndagsopne butikkar

    Debatten om søndagsopne butikkar går vidare. Mykje av diskusjonen har så langt handla om effektar på prisar, omsetning og sysselsetting. Eg skal ikkje seie så mykje om dette, anna enn at mange av argumenta både for og imot ikkje verkar så veldig overbevisande. Det er til dømes etter mi meining lite sannsynleg at salsvolumet ikkje vil auke etter ei forlenging av opningstidene, men det fins også ein del forskning som tyder på at prisane kan auke, forbrukarane må betale for auka fleksibilitet/kvalitet.

    Personleg syns eg det er like interessant å sjå på andre, meir indirekte effektar av søndagsopne butikkar. Og det er det sjølvsagt nokre kreative forskarar som alt har gjort. Eit par studiar har for eksempel sett på effekten av auka opningstider på utdanningsnivået. Teorien har vore at sidan utvida opningstider aukar mulegheitene for å bruke tid i butikkar (enten på jobb – utvida opningstider gir som kjent auka sysselsetting og sjansar for deltidsjobb – eller på shopping) gir det mindre tid til overs for andre ting, slik som utdanning.

    Lee (2013) brukar variasjon i når amerikanske statar fjerna “blue laws”, altså forbod mot søndagshandel, for å estimere effekten på utdanningsnivå. Ho finn at fjerninga av lovene førte til både færre år i utdanning og mindre sjanse til å fullføre high school. Med data frå Norge får Bensnes og Strøm (2014) tilsvarande resultat. Dei studerer effekten av den nye opningstidslova innført i 1985, som tok frå kommunane retten til å begrense opningstidene for mykje, og finn at endringa signifikant reduserte sjansane for å fullføre vidaregåande skule.

    Andre har funne meir åpenbare men også viktige effektar, som at kyrkjebesøk og økonomisk støtte til kyrkja går ned etter opning for søndagshandel, og at bruk av alkohol og narkotika aukar (Gruber & Hungerman, 2008).

    Søndagsopne butikkar i Norge vil dermed ha konsekvensar også utover sysselsetting og prisnivå.

    Referansar

    Bensnes, Simon Søbstad, and Bjarne Strøm. (2014). “Schooling or shopping? The impact of shop opening hours deregulation on education and earnings.” Working paper. Nedlasta fra http://www.svt.ntnu.no/iso/marianne.haraldsvik/Workshop%202014/Papers/Bensnes.pdf

    Gruber, Jonathan, and Daniel M. Hungerman. “The Church versus the Mall: What Happens When Religion Faces Increased Secular Competition?.” The Quarterly Journal of Economics 123.2 (2008): 831-862.

    Lee, Dara N. (2013). “The impact of repealing Sunday closing laws on educational attainment.” Journal of Human Resources 48 (2): 286-310.