Tag: etisk handel

  • Samansetjinga av teamet påverkar resultata i sosiale inspeksjonar

    Vestlege bedrifter som produserer i eller har underleverandørar i fattige land (tenk tekstilproduksjon i Asia) brukar annonserte og uannonserte inspeksjonar for å kontrollere at arbeidsforholda er akseptable og følgjer kontrakten. Typiske tema for inspeksjonane er tryggleik, bruk av overtid, verneutstyr, lønn, barnearbeid og så vidare. No finst det for første gang god forsking som ser på effektane av samansetjinga av inspeksjonsteamet. Amerikanske forskarar har fått tilgang til ein database med resultata av 15.000 inspeksjonar gjennomført av eit spesialisert konsulentfirma. Funna er interessante:

    • Team med erfarne inspektørar avdekker fleire problem
    • Men effekten av erfaring er avtakande, og for mykje erfaring er negativt
    • Inspeksjonsteam som reiser tilbake til same fabrikk finn færre feil enn nye team
    • Trening og opplæring av inspektørar hjelp litt, universitetsutdanning hjelp ikkje
    • Kvinner avdekker fleire problem enn menn, og det er nok å ha ei kvinne på teamet, så blir heile teamet meir effektivt.

    Desse funna har sjølvsagt klare implikasjonar for bedrifter som driv med inspeksjonar av sosiale og miljømessige forhold i forsyningskjeda: Ta med ei passe erfaren kvinne!

    Referanse:
    Short, J. L., Toffel, M. W., & Hugill, A. R. (2013). Monitoring the Monitors: How Social Factors Influence Supply Chain Auditors (Working Paper No. 14-032). Harvard Business School. Retrieved from http://www.hbs.edu/faculty/Pages/item.aspx?num=45768

  • Sweatshop labour is wrong unless the shoes are cute

    Forbrukarane sitt manglande engasjement er ei kjelde til frustrasjon for mange aktivistar som ønskjer betre vilkår for arbeidarar i fattige land. I spørjeundersøkingar er forbrukarar svært opptekne av etikk, men når det kjem til kjøpssituasjonen er det mange andre ting som spelar inn og etikk hamnar lenger nede på lista, sjølv der informasjon om etikk er tilgjengeleg. Eit nyleg publisert forskingsarbeid av Paharia og medforfattarar kastar lys på nokre av vurderingane forbrukarar – bevisst eller ubevisst – gjer stilt ovanfor informasjon om potensielt dårlege arbeidsvilkår bak produktet.

    I ein studie vart forbrukarar bedt om å setje seg inn i ein situasjon der dei sjølv, eller nokon dei kjende, skulle på ferie til Karibien. Dei fekk så informasjon om at mange av landa i Karibien er fattige og at mange av turistanlegga i desse landa har tvilsame arbeidsvilkår for sine tilsette, før dei vart bedt om å svare på spørsmål om kor einige dei er med typiske økonomiske argument for dårlege arbeidsvilkår i utviklingsland (nødvendig for landet si utvikling, einaste kjelde til inntekter osv). Det interessante er at dei som skulle på ferie sjølv var meir einige med desse økonomiske argumenta, enn dei som las om vennane sine. Viss vi nyt godt av det sjølve, altså, legg vi større vekt på bortforklaringane av dårlege arbeidsvilkår.

    I neste studie vart andre forbrukarar bedt om å tenke seg at dei hadde kjøpt eit par Nike-sko verdt 175 dollar. Halvparten vart bedt om å tenke seg at dei hadde kjøpt skorne på tilbod med 75% avslag, og at dei var svært nøgde med skorne. Den andre halvparten vart bedt om å tenke seg at dei hadde fått 5% rabatt, og at dei var nøgde med skorne. Dei svarte så på spørsmåla om økonomiske argument for dårlege arbeidsvilkår. Igjen var det signifikant forskjell på gruppene, dei som hadde fått stor rabatt og var svært nøgde med kjøpet var meir einige med dei økonomiske argumenta for dårlege arbeidsvilkår. Viss skoa er søte, altså, er dårlege arbeidsvilkår meir nødvendig for dei fattige si utvikling.

    I ein av dei andre studiane i artikkelen fekk forbrukarar informasjon om tvilsame forhold i Apple si leverandørkjede. Dei som likte Apple på førehand var mindre kritiske til desse forholda, men meir kritiske til tilsvarande forhold i leverandørkjeda til Hewlett Packard. Viss vi likar eit merke er ikkje dårlege arbeidsvilkår så farleg.

    Totalt sett viser artikkelen på ein fin måte korleis vi kan oppretthalde eit inntrykk av oss sjølv som moralske og gode menneske, sjølv når vi gjer tvilsame handlingar, ved å bevisst eller ubevisst velje argument som passar våre val.

    Referanse:
    Paharia, Neeru, Kathleen D. Vohs, and Rohit Deshpandé. 2013. “Sweatshop Labor Is Wrong Unless the Shoes Are Cute: Cognition Can Both Help and Hurt Moral Motivated Reasoning.” Organizational Behavior and Human Decision Processes 121 (1) (May): 81–88. doi:10.1016/j.obhdp.2013.01.001.

  • (U)lønsam openheit

    Bør bedrifter vere opne om sine leverandørar i fattige land? I dag har eg delteke på eit seminar i regi av Virke og Initiativ for etisk handel om dette temaet. Debatten om openheit blussa opp igjen sist haust etter ein dokumentar vist på svensk tv som stilte spørsmål ved arbeidsforholda i leverandørkjeden til H&M (om dette på denne bloggen her og her). På dagens godt besøkte seminar presenterte mellom anna representantar for Rema, Helly Hansen og Beer Sten sitt arbeid med samfunnsansvar i leverandørkjeden og si haldning til spørsmålet om openheit.

    I mitt eige innlegg prata eg om fire punkt som eg meiner er viktige i denne debatten. For det første er det ikkje openbart at offentlege leverandørlister vil gi betre forhold for arbeidarane hos leverandørane. Forskning, til dømes Richard Locke sine studiar av store amerikanske firma, har vist at det eksisterande “kontrollregimet” basert på codes of conduct, dokumentasjon og inspeksjonar har liten effekt. Firma som brukar eit “samarbeidsregime” basert på langsiktige relasjonar, felles problemløysing, tillit og kompetanseutvikling kan oppnå forbetringar. Dersom openheit om leverandørlister skubbar bedrifter over fra kontrollregimet til samarbeidsregimet vil openheit kunne vere positivt. Faren er at det heller blir meir av det same, med enda meir omfattande codes of conduct og enda fleire inspeksjonar. Dette vil mest sannsynlig ha liten effekt.

    For det andre kan offentleggjering av leverandørlister ha reelle kostnader for bedriftene. Det kan koste mykje tid og pengar å finne dei beste leverandørane. Med offentlege lister vil det verte enklare for konkurrentar å nyte godt av din innsats og dine investeringar. Dette gjeld også innan samfunnsansvar, bedrifter som jobbar seriøst med dette i leverandørkjeden kan oppleve at konkurrentar vert gratispassasjerar.

    Det er likevel ting som tydar på at bedriftene overvurderar kostnadene ved offentleggjeringa. I mange bransjar har bedriftene alt god kontroll på for eksempel kva leverandørar konkurrenten brukar. Folk byttar jobb, folk deltek på bransjemesser, leverandørar av råvarer og maskiner deler informasjon om sine kundar og så vidare. Argumenta for å halde lister hemmelige fordi det er konkurransesensitiv informasjon held ofte ikkje, fordi denne informasjonen alt er tilgjengeleg i bransjen. Bedrifter som Nike, Puma, Dell, Apple, Helly Hansen og Stormberg har alt offentleggjort leverandørlistene, utan at dette har hatt spesielt negative konsekvensar.

    Mitt siste poeng i innlegget var at den teknologiske utviklinga går ekstremt raskt, og at det blir vanskelegare og vanskelegare å halde informasjon skjult for omgivelsane. Nettstader som sourcemap.org , der kven som helst kan legge inn oversikter over leverandørkjeder, og nettsida/Iphone-appen Bribr , der alle kan registrere krav om bestikkelsar, er eksempel på dette. Bedrifter som ikkje ønskar offentlege leverandørlister kan difor raskt oppleve at listene vert gjort offentlege av andre. Som Andy Rubin, tidlegare sjef for samfunnsansvar i Walmart, uttaler i ein interessant Ted-talk: “We are all going to be naked, so you might as well get fit”.

    Innlegget mitt baserte seg delvis på følgjande artiklar:

    Doorey, David J. 2011. «The Transparent Supply Chain: from Resistance to Implementation at Nike and Levi-Strauss». Journal of Business Ethics (mai).

    Locke, Richard M., Fei Qin, og Alberto Brause. 2007. «Does Monitoring Improve Labor Standards? Lessons from Nike». Industrial and Labor Relations Review 61 (1) (oktober 1): 3–31.

    Locke, Richard, Matthew Amengual, og Akshay Mangla. 2009. «Virtue out of Necessity? Compliance, Commitment, and the Improvement of Labor Conditions in Global Supply Chains». Politics & Society 37 (3): 319 –351.

    New, Steve. 2010. «The Transparent Supply Chain». Harvard Business Review 88 (10) (oktober): 76–82.

    Utgård, Jakob. 2013. Determinants of Retail Chains’ Corporate Social Responsibility Disclosure. Manuscript.

     

  • Styring av arbeidsforhold hos leverandørar

    Dokumentarfilmen om arbeidsforholda hos H&M sine leverandørar vist på svensk Tv4 for nokre veker sidan starta ein debatt om korleis ein kan sikre akseptable arbeidsforhold i leverandørkjeden (min kommentar til filmen). Debatten vil nok ikkje ta slutt med det første, tidlegare denne veka var TV4 sitt dokumentarprogram “Kalla Fakta” nok ein gong via temaet.

    Eit av H&M sine argument er at dei ikkje eig fabrikkane og difor ikkje rår over arbeidsforholda. Dette er eit dårleg argument, og nesten som å påstå at fordi dei ikkje eig fabrikkane kan dei ikkje bestemme fargen eller mønsteret på kleda. H&M, og andre firma, kan stille stort sett dei krava dei vil til sine leverandørar, så lenge dei held seg innan gjeldande lover og reglar. Korleis dei stiller krava og følgjer opp leverandørane vil likevel ha stor påverknad på resultata. Her er nokre av mine tankar om korleis det bør gjerast, stort sett basert på internasjonal forskning (kontakt meg om du ønskjer referansar til nokre av studiane).

    Kontraktar: Bedrifter som ønskjer å sikre gode arbeidsforhold hos sine leverandørar bør inkludere krava sine i kontraktane. Utan klare krav vil det neppe skje forbetringar. Signaturar er billege og det er ikkje sikkert at det som vert avtalt vert gjennomført. Ei bedrift som betalar ein høgre pris til sine leverandørar slik at dei tilsette skal få høgre løn, kan i verste fall oppleve at kun overføringane til leiinga og eigarane aukar. Krava til bedrifta bør mest sannsynleg inn i den vanlege kontrakten og ikkje eit “etisk vedlegg” eller liknande, slik at det er klart at sosiale og miljømessige forhold er viktig på linje med kvalitet og leveringstid.

    Kontrollar: Bedriftene må kontrollere kor godt leverandørane følgjer opp avtalane, sidan det som ikkje vert målt vanlegvis vert nedprioritert. Det eksisterande regimet med avtalte og ikkje avtalte inspeksjonar er ein form for slik kontroll, men ein kan tenke seg andre måtar, slik som samarbeid med fagforeiningar der det eksisterer, krav om bevis på lønsutbetalingar og så vidare. Verdt å merke seg er det at for intensiv kontrollverksemd er eit signal på at ein ikkje stoler på leverandøren, noko som kan ha negative konsekvensar for relasjonen totalt sett.

    Tillit: Gode relasjonar der begge partar stolar på kvarandre gir mindre motivasjon for juks. Utfordringa er sjølvsagt korleis byggje opp slike gode samarbeidsforhold. Langsiktige relasjonar, ærleg og open kommunikasjon og personlige band mellom tilsette i dei to bedriftene bør hjelpe litt på veg. Ei ulempe er at for stor tillit gir større rom for å bli lurt.

    Felles avhengighet: Stabile og gode relasjonar er stort sett basert på felles avhengighet. Dersom begge partar er avhengige av kvarandre er det mindre å vinne på å jukse, fordi juksaren også vil tape på det (og begge partar er klar over dette). Større grad av felles avhengighet blir oppnådd ved til dømes å bruke færre leverandørar og meir langsiktige kontraktar.

    Mykje å tape: Ein rasjonell leverandør vil berre jukse dersom dei tener på det. Då gjeld det å sørge for at tapet ved å jukse blir større enn gevinsten, til dømes gjennom tapet av framtidige kontraktar.

    Kompetansebygging: Mange feil og brot på reglar og avtalar er også eit resultat av svak kompetanse hos leverandøren. Kompetente leverandørar vil kunne bidra med nødvendig kunnskap, og samstundes knytte leverandøren nærare og få både høgre felles avhengighet og større felles tillit.

    Felles for desse strategiane er at dei har ein kostnad som bedrifta må vere villig til å ta. Samtidig vil nok betre samarbeid med leverandørane gi både sparte kostnader (gjennom t.d. mindre feil) og auka inntektspotensial (gjennom t.d. felles produktutvikling). Dersom sterke interessegrupper i tillegg pressar bedrifta vil det totalte reknestykket raskt bli positivt.

  • Offentleggjering av leverandørlister har ein kostnad

    H&M har fått kritikk for å akseptere dårlege arbeids- og lønsvilkår hos sine underleverandørar – sjølv om dei neppe er verre, og kanskje heller betre enn mange andre klesprodusentar. Som ein følgje av dette kalla forbrukarminister Inga Mate Thorkildsen inn H&M, andre representantar for bransjen og ulike interessentar til eit møte sist veke. Eit av poenga frå møtet var at ministeren ønskjer at selskapa skal offentleggjere namna på sine underleverandørar. – Jeg kommer til å be Varner-Gruppen om å offentliggjøre alle fabrikkene sine – hver eneste en av dem. Det er en oppfordring jeg virkelig håper at de tar til seg, sa Thorkilden til MinMote.

    H&M, Varner-gruppa og dei fleste andre leverandørar offentleggjer ikkje namna på sine underleverandørar av konkurranseomsyn. Eit unntak er Stormberg, som har hatt offentlege leverandørlister i fleire år.

    Det kan vere gode grunnar til å halde namna på leverandørane hemmelege, sjølv om ein ikkje har noko å skjule. Dersom for eksempel H&M går ut med namna på sine over 1 600 underleverandørar vil desse fabrikkane få eit kvalitetsstempel og automatisk bli meir attraktive for andre klesmerke, sidan H&M “går god” for fabrikkane. Dette vil bidra til å presse prisane oppover, noko som ikkje er i H&M si interesse. Dette vil neppe skje for Stormberg, som ikkje er ein internasjonalt kjent merkevare, og offentleggjering er derfor uproblematisk for dei.

    Offentlege leverandørlister påverkar også konkurransesituasjonen. Dersom leverandørar eller potensielle leverandørar veit kven konkurrentane sine er, kan dei tilpasse prisane sine deretter. Dette er heller ikkje i ein innkjøpar si interesse.

    Ved å offentleggjere leverandørane opnar store merkevarer som H&M dessutan for enda hardare angrep frå aktivistar og media. Sidan ingen er perfekte vil det også mellom H&M sine leverandørar vere dårlege bedrifter og skje uheldige episodar. Dersom leverandørlistene vert offentleggjorde vil  journalistar og aktivistar raskt stå utanfor portane. Media er ikkje så gode til å sjå store samanhengar, og enkeltepisodar – ikkje langsiktig og systematisk forbetringsarbeid –  er førstesidestoff.

    Inga Marte Thorkildsen sitt problem er likevel at ho kan oppfordre bedriftene til å offentleggjere, men vanskeleg setje makt bak krava til internasjonale selskap basert i andre land med produksjon i Asia. Som innkjøpar har staten og alle statlege og offentlege verksemder enorm makt, men dei greier ikkje å stille krav til etikk i innkjøpa. Dette skuldast mangel på kompetanse, dårleg og komplisert organisering, gamalt regelverk og sikkert mange andre forhold. Dersom Thorkildsen verkeleg hadde ønska endring burde ho ha kalla inn til eit møte for å få orden på dette, heller enn å kome med populistiske og enkle utspel om næringslivet sitt ansvar.

    Poenget med dette innlegget er ikkje å unnskylde hemmeleghald, bortforklaringar og dårleg arbeid i leverandørkjeden, men å peike på at selskap har gode grunnar til ikkje å gå ut med leverandørlister. Offentlege leverandørlister er betre for samfunnet, fordi aktivistar, media og andre kan gå produsentane etter i saumane (bokstaveleg talt), men har ein kostnad for bedriftene.

  • Media, annonsørar og uavhengighet

    Hennes & Mauritz har fått kritikk etter at ein dokumentar på svensk TV viste at tilsette hos underleverandørar tener svært dårleg og har tøffe arbeidsvilkår (Dagbladet, min kommentar).

    MinMote har ein interessant artikkel og kommentar om norsk motepresse, som stort sett har unngått å skrive om denne saka. MinMote spekulerar i om dette skuldast at moteredaksjonane er for avhengige av H&M, som både legg igjen annonsekroner og sponsar turar til New York for journalistar og redaktørar. Redaktørane forsvarer seg stort sett med at dei ikkje har sett dokumentaren (men ein kan jo sjølvsagt spørre seg kvifor dei ikkje har sett han).

    Det kan vere fleire grunnar til at få mote-nettsider har dekka saka, og det er for bastant å konkludere med at alle er “i lomma” på H&M. Det er likevel ingen tvil om at media generelt lar seg påverke av annonsørar.

    Dette finst det nemleg gode internasjonale studiar på. Rinallo og kollegar studerte om det var ein samanheng mellom annonsering og redaksjonell dekning. Med data frå italienske motehus og 123 magasin og aviser frå Italia, Frankrike, Tyskland, Storbritannia og USA fann dei ein sterk og klar samanheng. Jo meir motehusa annonserte, jo meir redaksjonell dekning fekk dei. Effekten var sterkast for aviser og magasin som fekk mesteparten av inntektene sine frå ein bransje, noko som tyder på jo meir avhengige mediene blir, jo meir vert redaksjonelle vurderingar påverka. Annonsering i ei avis eller magasin auka også sjansen for å få redaksjonell dekning andre stader, fordi publikasjonane vert påverka av kvarandre.

    Dette var internasjonale data, og det kan jo hende at situasjonen er annleis i Norge. Elle-redaktør Signy Fardal sin kommentar til at H&M sponsa New York-tur tyder likevel ikkje på det: “Hvis vi ikke hadde sagt ja til denne turen, måtte vi droppet den, ettersom vi ikke har økonomi til å betale selv”.

    Som Rinallo og Basuroy oppsummerer sin studie: “These findings raise concerns about the independence of editorial content and coverage of magazines”.


    Rinallo, Diego, and Suman Basuroy (2009), “Does Advertising Spending Influence Media Coverage of the Advertiser?,” Journal of Marketing, 73(6), 33–46.
    Rinallo, Diego, Suman Basuroy, Ruhai Wu, and Hyo Jin Jeon (2012), “The Media and Their Advertisers: Exploring Ethical Dilemmas in Product Coverage Decisions,” Journal of Business Ethics.

  • Hennes & Mauritz og ei skikkelig lønn

    Hennes & Mauritz (H&M) er i trøbbel etter at ein dokumentar på svensk TV4 viste at arbeidarar hos underleverandørar i Kambodsja under tøffe arbeidsvilkår tener så lite som 2-3 kroner timen. Framtiden i våre hender, Dagbladet og andre har dekka saka. H&M er flinke til å ta samfunnsansvar samanlikna med mange av konkurrentane, men dokumentaren tyder på at heller ikkje dei gjer nok.

    H&M forsvarar seg (Expressen, Fibre2fashion.com, hm.com) med at dei ikkje kan bestemme lønnene til tilsette hos underleverandørar, at dei gjer ting for å påvirke lønnene (samarbeidar med fagforeningar, påverkar politikarar) og at det ikkje finst ein klar definisjon på kva som er “nok” lønn.

    Alle desse argumenta er mangelfulle. Kva som er god nok lønn kan diskuterast, men det går an å finne eit nivå som gir ein akseptabel levestandard. I Norge er SIFO ansvarlege for eit referansebudsjett som gir rom til ein nøktern livsstil, og ein liknande metode kunne ha vore brukt i Kambodsja.

    Det er heller ingen tvil om at H&M direkte kan påvirke lønnene til dei tilsette, til dømes ved å inkludere ei minstelønn i avtalane med underleverandørane, og kontrollere at dei tilsette faktisk får denne lønna. Det er ikkje eit problem at dei tilsette hos underleverandørar til H&M tener betre enn hos konkurrentane, dette vil tvert i mot gjere det svært attraktivt å jobbe for H&M.

    Dette vil koste litt, men sikkert ikkje så mange øre per t-skjorte eller genser.  H&M vil få betre omdømme, betre kvalitet på produkta, og betre relasjonar til leverandørane sine.

    Heller enn å kome med unnskyldningar bør H&M ta denne saka som eit bevis på at forbrukarar og andre forventar meir av store og kjende merkevarer, og derfor bruke meir ressursar på å sikre at produkta deira er laga på ein skikkeleg måte.

  • Etisk handel i norske bedrifter

    Initiativ for etisk handel har i dag lansert ein nettstad med gode råd til bedrifter som ønskjer å jobbe med etisk handel i leverandørkjeda. I samband med lanseringa presenterte dei også resultata frå ei undersøking dei har gjort blant norske bedrifter om ståa for arbeidet med etisk handel. Sjølv om undersøkinga kanskje har nokre svake sider er rapporten (pdf) likevel interessant lesing. Nokre interessante poeng:

    • 70% svarer at dei har anstendige arbeidsforhold og tek miljøomsyn i heile leverandørkjeda, men 66% svarer også at dei ikkje har oversikt over leverandørkjeda heilt tilbake til råvareuttak. Her er det nok mange bedrifter som håpar og trur.
    • På spørsmål om kva som skal til for å opprette retningslinjer for etisk handel svarer flest “kunnskap, veiledning og verktøy” (40%), og “må se relevansen og behovet (38%). Det er tydeleg at mange framleis ikkje føler press frå interessentar til å ta sosiale og miljømessige omsyn.
    • Dei to punkta som er inkludert i flest retningslinjer er barnearbeid og helse, miljø, sikkerhet. Er dette det som er sett på som viktigast å unngå?.
    • 42% av bedriftene har retningslinjer for etisk handel, og 57% av desse undersøker om retningslinjene blir følgde. Dette er fleire enn eg trudde, sjølv om “undersøker” kan bety så mangt.