Tag: etikk

  • Lokkeprisar som marknadsføring

    Det er igjen mykje snakk om lokkeprisar i bustadmarknaden i Oslo, og både Forbrukerombudet og politikarar er på saka. Det er det god grunn til, men kanskje av andre grunnar enn det mange trur.

    Ei bekymring er at lokkeprisar skal føre til høgre prisar. Teorien bak denne bekymringa er at bustadseljarar reduserer utropsprisen i auksjonen (prisantydning) for å tiltrekke seg fleire på visning, noko som igjen fører til fleire og høgre bod i auksjonen, og til slutt høgre salspris.

    Å redusere prisen for å få selt til høgre pris er ein merkeleg, om enn ikkje utenkeleg , marknadsføringsmetode, men her er det fleire ting som må stemme. For det første må aktuelle kjøparar ha tru på at lokkeprisen er reell (viss alle veit at lokkeprisen er ein lokkepris, vil jo ikkje dette ha nokon effekt). I ein bustadmarknad med stigande prisar er dette ikkje openbart, og rasjonelle kjøparar som ser at prisantydninga er lågare enn takst vil nok tenkje sitt. For det andre må dei ekstra kjøparane som kjem på visning vere villige til å by meir enn dei som hadde kome på visning sjølv om utropsprisen var sett høgre. Dette kan sjølvsagt hende, men i snitt vil dei som har blitt lokka nok ha mindre og ikkje større budsjett.

    Eksisterande forsking gir heller ikkje støtte for at lokkeprisar gir høgre salsprisar. Tvert om, både internasjonal forsking og ei norsk masteroppgåve med data frå Oslo har funne at lågare utropspris gir lågare salspris (sjå tidlegare bloggpost).

    Min teori er altså at eigedomsmeklarar tenar på å sette lokkeprisar, fordi dei får mykje folk på visning og gjennomført salet raskt. Gode data er nødvendige for å teste denne teorien (ta kontakt om du har tilgang til slike data…).

    Det er ingen tvil om at det er uetisk å sette prisantydning lågare enn prisen seljar er villig til å akseptere. Men om dette fører til høgre salsprisar er altså heller tvilsamt.

  • Ei maksimalgrense for tipping?

    Norsk Tipping si mulige maksimalgrense for tipping er godt samfunnsansvar og god forretningsstrategi

    Norsk Tipping vurderer å innføre ei maksimalgrense for kor mykje spelarar kan tape i løpet av ei gitt periode. Dette for å redusere problemet med speleavhengighet eller såkalla problematisk speling. Per i dag har dei 2-3000 spelarar som taper meir enn 15 000 per månad. Ei slik grense vil ha negative økonomiske konsekvensar for Norsk Tipping. Utrekningar tyder på at ei grense på 15 000 vil gi 100-150 millionar i redusert overskot per år, noko som igjen vil gå ut over idretts- og kulturformål.

    Tipping er eit produkt som kan vere positivt for forbrukarane (og bedriftene, og til sjuande og sist samfunnet) i små og moderate mengder, men skadeleg og negativt i store mengder. Sjølv om den forventa økonomiske verdien av å delta i f.eks. lotto er negativ (tilbakebetalingsprosenten er 50), er spenninga og tanken om at det fins ein liten sjanse til å bli svært rik nok til at den totale verdien for spelarar blir positiv. Dette er grunnen til at gambling er ein så stor global industri. Problemet er spelarane som ikkje greier seg med moderate innsatsar, men som spelar så mykje at det får negativ påverknad på økonomi og livskvalitet.

    Mange produkt (dei fleste!) har ei positiv effekt i små og moderate mengder, men negativ effekt i for store mengder. Eksempel er alkohol og andre rusmiddel, sukker og fett, TV, dataspel, og salt. Historisk har slike produkt og tenester i stor grad vorte regulerte svært “grovt”, og har anten vore fullstendig forbodne (narkotika), sterkt regulerte gjennom redusert tilbod (alkohol, tobakk), eller fritt tilgjengelege (sukker). Norsk Tipping si moglege beløpsgrense er eit tidleg forsøk på å direkte kontrollere mengda kvar enkelt person brukar. Dette er mogleg fordi Norsk Tipping identifiserer kvar kunde via spelekontoen. (Ein digresjon: Ein kan lett sjå for seg at liknande typar kontroll kan bli brukt på andre problematiske produkt, slik som alkohol. Vinmonopolet kunne lett ha laga eit system med identifisering av kvar kunde, og ei maksgrense for mengde alkohol per veke, og eventuelt utveksla informasjon om kjøp med daglegvarebransjen og restaurantar. Storebror!).

    Norsk Tipping (og Kulturdepartmentet, som er eigar) fortenar honnør for å prøve å redusere problemet med speleavhengighet. I eit utilitaristisk perspektiv er det truleg at nytten av eit slikt tiltak vil vere mykje større for dei 2-3000 problemspelarane, enn ulempa for dei få som har økonomi og ønskjer å satse meir enn til dømes 15 000 kroner per månad. Dei 150 millionane norsk idrett går glipp av er ikkje så attraktive dersom ein veit at dei har bidrege til økonomiske problem og personlege tragediar.

    Det er sjølvsagt uklart kva effektar ei maksimalgrense i realiteten vil få. Dei største spelarane brukar nok også utanlandske speleselskap til å bli kvitt pengane sine. Dersom Norsk Tipping innfører ei tapsgrense vil ein del av tapa sikkert bli overførte til utanlandske aktørar. Dersom 100% av tapa blir overførte blir effekten på spelegalskap eit nullsumspel, men profitten til speleselskapa overført frå Norsk Tipping til utanlandske konkurrentar. Det er vel likevel sannsynleg at ein mindre del av spelinga blir overført til utlandet, spesielt sidan konkurrentar som tilbyr betre odds enn Norsk Tipping lenge har vore tilgjengelege.

    Kvifor vil departementet og NT “frivillig” gå glipp av 100-150 millionar? Eg trur at Norsk Tipping sitt initiativ må bli sett i lys av at det kan vere aktuelt å erstatte monopolsystemet med eit konsesjonssystem for gambling i Norge, som vil opne også for utanlandske aktørar. Dersom konsesjonssystemet inkluderer krav om at selskapa har grenser for kor mykje enkeltspelarar kan tape vil den norske marknaden bli mindre attraktiv for utanlandske gamblingselskap, som då vil miste sine mest attraktive kundar. Desse kundane kan jo i dag tape så mykje dei vil, via gamblingselskapa sine utanlandske nettsider. Dette gjer at Norsk Tipping på sikt kan tene inn ein god del av dei tapte millionane gjennom auka marknadsandelar i åra som kjem.

    Ei tapsgrense er difor slik eg ser det både godt samfunnsansvar, og god forretningsstrategi.

  • Regulering, sjølvregulering og forbod mot marknadsføring av usunn mat og drikke ovanfor barn og unge

    I det siste har det vore strid om eit forslag frå Helse- og omsorgsdepartementet om å forby marknadsføring av usunn mat og drikke ovanfor barn og unge under 18 år.  Bakgrunnen for forslaget er bekymring for vektutviklinga blant barn og unge. Fedme, ei medverkande årsak til ei rekkje sjukdomar, er eit aukande problem også i Norge.

    Då forslaget vart kjent før sommaren kom det sterke reaksjonar frå mange, spesielt matindustrien. Forslaget kunne bety at enkelte produkt, som Kinder-egg og Happy Meal, ville bli ulovlige, noko dåverande helseminister stadfesta. Dette gav overskrifter i media, og statsministeren avkrefta dette raskt på Twitter.” – Nei, det er ingen god idé å forby Kinderegg. Det blir derfor heller ikke noe forbud”.

    No er høyringsfristen ute og reaksjonane frå matsektoren er framleis sterke. Ei rekkje bedrifter og organisasjonar kritiserer forslaget for å mangle heimel, for å vere i strid med EØS-retten, for å ikkje å vere effektivt og for å vere utforutsigbart. Departementet skal no vurdere høyringsinnspela og kome med eit endeleg utkast til forskrift.

    Forslaget må sjåast i samanheng med Forbrukerrådet og matbransjens forsøk på sjølvregulering av slik marknadsføring. Etter initiativ frå Forbrukerrådet gjekk ei rekkje  bedrifter, næringslivsorganisasjonar og offentlege etatar i 2007 saman om “Retningslinjer for markedsføring av mat og drikke rettet mot barn og unge“. Desse retningslinjene stiller mange krav til marknadsføringa, men er meir næringslivsvenlege enn det nye lovforslaget. Departementet tvilar på om desse retningslinjene har virka, og støttar seg på ei evaluering forskarar ved SIFO gjorde i 2010. Denne konkluderte med at retningslinjene var “gode intensjonar som mangla eigarskap”, og at det var vanskeleg å påverke nokon effekt.

    At retningslinjene ikkje har hatt særleg effekt er sannsynleg, sidan dei manglar både eit system for kontrollar og sanksjonar. Ingen har ansvaret for å sjekke om retningslinjene vert følgde, og dersom ei bedrift går over streken får det ingen konsekvensar. Internasjonal forskning tyder på at effektane av slike retningslinjer utan sanksjonar har liten eller ingen effekt.

    Ei vanleg årsak til at næringslivet startar sjølvregulering er å kome offentlege reguleringar i forkjøpet. Dersom ein brukbar sjølvjustis er på plass blir behovet for offentleg styring mindre. Dette var ein av fleire årsaker til at retningslinjene kom på plass i si tid. Det spørs om ikkje bransjen skulle ha gått enda lenger enn dei gjorde, og inkludert kontrollar og sanksjonar i retningslinjene. Kontrollane kunne ha vore gjennomført som årlege stikkprøver, og sanksjonane kunne til dømes ha vore “naming and shaming” ved at bedrifter som braut reglane vart namngjevne på ei nettside eller liknande. Då hadde retningslinjene hatt større legitimitet, og det hadde vorte enklare å påvise effekten av dei, utan at opplegget hadde vorte for kostbart eller komplisert.

    Og då er det ikkje sikkert at sjølvreguleringa hadde blitt erstatta med regulering, i alle fall ikkje så raskt!