Tag: Chooose

  • Oppstartsselskapet Chooose lar deg abonnere på klimakvotar

    Oppstartsselskapet Chooose har ein interessant forretningside: Dei lar kundane abonnere på klimakvotar. For kroner 49 per månad kan du bli klimanøytral, for 99 kroner klimapositiv. Chooose vart nyleg omtalt i Dagens Næringsliv, i samband med at dei skal delta i Katapult sitt program for oppstartsselskap.

    Eg meinar at Chooose har ein god forretningsidé. 49 kroner per månad forsvinn fra kredittkortet utan at du merkar det, og i bytte får du betre samvittighet. Over 300 000 nordmenn har til samanlikning fadderbarn i fattige land til ein langt større kostnad, og dersom Chooose greier å få nokre titals tusen nordmenn til å abonnere på klimakvotar vil dei kunne etablere seg som ei levedyktig bedrift med positiv miljøpåverkning.

    Eit problem er at det billegaste abonnementet (“Chooose neutral”) neppe gjer deg klimanøytral. Årsaka er at dette abonnementet kompenserer for utsleppa til ein gjennomsnittsnordmann. Det er lett å tenke seg at mange av Chooose sine kundar har eit større utslepp enn gjennomsnittet. For å bøte på dette burde Chooose inkludere ein utsleppskalkulator og tilpasse abonnementet til kvar kunde sine utslepp. Dette vil “komplisere konseptet” litt, men eg trur det er nødvendig.

    I tillegg er utslepp utanlands (f.eks i produksjon av varer) neppe med i reknskapen, men her må eg ta forbehold fordi Chooose skriv svært lite om utrekningane på sine heimesider.

    Ein annan utfordring er også at oppførselen til folk kan endre seg etter at dei har blitt kundar – fordi dei kompenserar for utsleppa kan dei f.eks reise meir. Dette kan redusere nettoeffekten av å kjøpe klimakvotar.

    Eg likar likevel ideen så godt at eg har blitt kunde hos Chooose, og det skal bli spanande å følgje utviklinga deira framover.