Sweatshop labour is wrong unless the shoes are cute

Forbrukarane sitt manglande engasjement er ei kjelde til frustrasjon for mange aktivistar som ønskjer betre vilkår for arbeidarar i fattige land. I spørjeundersøkingar er forbrukarar svært opptekne av etikk, men når det kjem til kjøpssituasjonen er det mange andre ting som spelar inn og etikk hamnar lenger nede på lista, sjølv der informasjon om etikk er tilgjengeleg. Eit nyleg publisert forskingsarbeid av Paharia og medforfattarar kastar lys på nokre av vurderingane forbrukarar – bevisst eller ubevisst – gjer stilt ovanfor informasjon om potensielt dårlege arbeidsvilkår bak produktet.

I ein studie vart forbrukarar bedt om å setje seg inn i ein situasjon der dei sjølv, eller nokon dei kjende, skulle på ferie til Karibien. Dei fekk så informasjon om at mange av landa i Karibien er fattige og at mange av turistanlegga i desse landa har tvilsame arbeidsvilkår for sine tilsette, før dei vart bedt om å svare på spørsmål om kor einige dei er med typiske økonomiske argument for dårlege arbeidsvilkår i utviklingsland (nødvendig for landet si utvikling, einaste kjelde til inntekter osv). Det interessante er at dei som skulle på ferie sjølv var meir einige med desse økonomiske argumenta, enn dei som las om vennane sine. Viss vi nyt godt av det sjølve, altså, legg vi større vekt på bortforklaringane av dårlege arbeidsvilkår.

I neste studie vart andre forbrukarar bedt om å tenke seg at dei hadde kjøpt eit par Nike-sko verdt 175 dollar. Halvparten vart bedt om å tenke seg at dei hadde kjøpt skorne på tilbod med 75% avslag, og at dei var svært nøgde med skorne. Den andre halvparten vart bedt om å tenke seg at dei hadde fått 5% rabatt, og at dei var nøgde med skorne. Dei svarte så på spørsmåla om økonomiske argument for dårlege arbeidsvilkår. Igjen var det signifikant forskjell på gruppene, dei som hadde fått stor rabatt og var svært nøgde med kjøpet var meir einige med dei økonomiske argumenta for dårlege arbeidsvilkår. Viss skoa er søte, altså, er dårlege arbeidsvilkår meir nødvendig for dei fattige si utvikling.

I ein av dei andre studiane i artikkelen fekk forbrukarar informasjon om tvilsame forhold i Apple si leverandørkjede. Dei som likte Apple på førehand var mindre kritiske til desse forholda, men meir kritiske til tilsvarande forhold i leverandørkjeda til Hewlett Packard. Viss vi likar eit merke er ikkje dårlege arbeidsvilkår så farleg.

Totalt sett viser artikkelen på ein fin måte korleis vi kan oppretthalde eit inntrykk av oss sjølv som moralske og gode menneske, sjølv når vi gjer tvilsame handlingar, ved å bevisst eller ubevisst velje argument som passar våre val.

Referanse:
Paharia, Neeru, Kathleen D. Vohs, and Rohit Deshpandé. 2013. “Sweatshop Labor Is Wrong Unless the Shoes Are Cute: Cognition Can Both Help and Hurt Moral Motivated Reasoning.” Organizational Behavior and Human Decision Processes 121 (1) (May): 81–88. doi:10.1016/j.obhdp.2013.01.001.

Comments

Skriv ein kommentar