Samfunnsansvar og openheit: Eit ekstra argument

Framtiden i våre hender publiserte nyleg ein rapport om openheit i leverandørkjeder. 18 selskap innan klede, mobiltelefonar og datautstyr er undersøkte, og berre nokre få av desse selskapa er opne om kvar produkta deira er produserte. Selskap som Apple, Nokia, H&M, Zara og Varner-gruppa held namna på sine leverandørar hemmelege.

Kvifor skal selskap offentleggjere namna på sine leverandørar?

Grunnen til at Framtiden i våre hender og andre ideelle organisasjonar prøvar å påverke selskap til å offentleggjere leverandørlistene sine er at dei trur at dette vil kunne hjelpe på arbeidstilhøva og -vilkåra hos underleverandørane. Tilsette i kles- og IT-industrien i fattige land har av og til (ofte?) dårlege tilhøve på arbeidsplassen, med lange dagar, lite ferie, og ei lønn det ikkje alltid er mogleg å leve av [1. Dette kan sjølvsagt uansett vere betre enn alternativet.]. Sjølv om dei fleste store selskap har retningslinjer som underleverandørane forpliktar seg til å følgje, er det ikkje alltid dette blir gjort. Poenget for organisasjonane er at det er umogleg for uavhengige tredjepartar og andre interesserte å følgje opp dersom det ikkje er kjent kven som er leverandørar.

Selskapa har sine grunnar til å halde leverandørane sine hemmelege. Nokre av desse grunnane er legitime, noko dei ideelle organisasjonane også må innsjå. Ei offentleggjering av namna på leverandørane vil gjere det enklare for konkurrentar å bruke same leverandøren. Eit vestleg selskap kan ha investert store beløp i produktutvikling, kvalitetssikring- og system, logistikk og CSR, noko ein konkurrent også vil nyte godt av. Nokre selskap som har merkevarer med svært høg status, til dømes designarklede, vil tape status dersom det kjem fram at det er “vanlege” fabrikkar i Kina som står for produksjonen. Piratkopiering er også eit stort problem for enkelte merkevarer.

Likevel trur eg at grunnane til å opne opp har vorte sterkare. Aktive og bevisste forbrukarar ønskjer informasjon, og vil velje produkta til selskap som er opne ikkje berre om kva leverandørar dei brukar, men produksjonsprosessen totalt sett. Alle dei andre institusjonane som påverkar bedrifter sine etiske standardar (som etiske krav til innkjøp, lover og regelverk, investorar, ideelle organisasjonar) vil i aukande grad også krevje openheit. Den pågåande kampanjen til Framtiden i våre hender og Amnesty [2. Makt forplikter] er eit prov på dette.

Eit ekstra argument for å vere open

Eit ekstra argument for å vere meir opne om korleis varene vert produserte er at informasjonen kjem til å kome ut til slutt uansett. Vi har kun sett starten på internettrevolusjonen, som bryt ned informasjonsbarrierer i stor skala. Dersom arbeidarane hos underleverandørane dine har elendige arbeidstilhøve vil dei snart blogge om det, filme med smarttelefonen sin og legge ut på Youtube, opprette sin eigen twitterkonto med namnet “dittfirmaslavelabour” og legge ut informasjon om den uetiske produksjonsprosessen på Wikipedia.

Om dei ikkje alt gjer det!

Comments

Skriv ein kommentar