Bør bedrifter vere opne om sine leverandørar i fattige land? I dag har eg delteke på eit seminar i regi av Virke og Initiativ for etisk handel om dette temaet. Debatten om openheit blussa opp igjen sist haust etter ein dokumentar vist på svensk tv som stilte spørsmål ved arbeidsforholda i leverandørkjeden til H&M (om dette på denne bloggen her og her). På dagens godt besøkte seminar presenterte mellom anna representantar for Rema, Helly Hansen og Beer Sten sitt arbeid med samfunnsansvar i leverandørkjeden og si haldning til spørsmålet om openheit.
I mitt eige innlegg prata eg om fire punkt som eg meiner er viktige i denne debatten. For det første er det ikkje openbart at offentlege leverandørlister vil gi betre forhold for arbeidarane hos leverandørane. Forskning, til dømes Richard Locke sine studiar av store amerikanske firma, har vist at det eksisterande “kontrollregimet” basert på codes of conduct, dokumentasjon og inspeksjonar har liten effekt. Firma som brukar eit “samarbeidsregime” basert på langsiktige relasjonar, felles problemløysing, tillit og kompetanseutvikling kan oppnå forbetringar. Dersom openheit om leverandørlister skubbar bedrifter over fra kontrollregimet til samarbeidsregimet vil openheit kunne vere positivt. Faren er at det heller blir meir av det same, med enda meir omfattande codes of conduct og enda fleire inspeksjonar. Dette vil mest sannsynlig ha liten effekt.
For det andre kan offentleggjering av leverandørlister ha reelle kostnader for bedriftene. Det kan koste mykje tid og pengar å finne dei beste leverandørane. Med offentlege lister vil det verte enklare for konkurrentar å nyte godt av din innsats og dine investeringar. Dette gjeld også innan samfunnsansvar, bedrifter som jobbar seriøst med dette i leverandørkjeden kan oppleve at konkurrentar vert gratispassasjerar.
Det er likevel ting som tydar på at bedriftene overvurderar kostnadene ved offentleggjeringa. I mange bransjar har bedriftene alt god kontroll på for eksempel kva leverandørar konkurrenten brukar. Folk byttar jobb, folk deltek på bransjemesser, leverandørar av råvarer og maskiner deler informasjon om sine kundar og så vidare. Argumenta for å halde lister hemmelige fordi det er konkurransesensitiv informasjon held ofte ikkje, fordi denne informasjonen alt er tilgjengeleg i bransjen. Bedrifter som Nike, Puma, Dell, Apple, Helly Hansen og Stormberg har alt offentleggjort leverandørlistene, utan at dette har hatt spesielt negative konsekvensar.
Mitt siste poeng i innlegget var at den teknologiske utviklinga går ekstremt raskt, og at det blir vanskelegare og vanskelegare å halde informasjon skjult for omgivelsane. Nettstader som sourcemap.org , der kven som helst kan legge inn oversikter over leverandørkjeder, og nettsida/Iphone-appen Bribr , der alle kan registrere krav om bestikkelsar, er eksempel på dette. Bedrifter som ikkje ønskar offentlege leverandørlister kan difor raskt oppleve at listene vert gjort offentlege av andre. Som Andy Rubin, tidlegare sjef for samfunnsansvar i Walmart, uttaler i ein interessant Ted-talk: “We are all going to be naked, so you might as well get fit”.
Innlegget mitt baserte seg delvis på følgjande artiklar:
Doorey, David J. 2011. «The Transparent Supply Chain: from Resistance to Implementation at Nike and Levi-Strauss». Journal of Business Ethics (mai).
Locke, Richard M., Fei Qin, og Alberto Brause. 2007. «Does Monitoring Improve Labor Standards? Lessons from Nike». Industrial and Labor Relations Review 61 (1) (oktober 1): 3–31.
Locke, Richard, Matthew Amengual, og Akshay Mangla. 2009. «Virtue out of Necessity? Compliance, Commitment, and the Improvement of Labor Conditions in Global Supply Chains». Politics & Society 37 (3): 319 –351.
New, Steve. 2010. «The Transparent Supply Chain». Harvard Business Review 88 (10) (oktober): 76–82.
Utgård, Jakob. 2013. Determinants of Retail Chains’ Corporate Social Responsibility Disclosure. Manuscript.