Blog

  • Paying a visit: The Dalai Lama effect on international trade

    I desse Dalai Lama-tider vart eg tipsa om ein interessant artikkel som har studert effekten av nettopp å få besøk av Dalai Lama. Forfattarane finn ein reduksjon i eksporten til Kina for land som har mottatt Dalai Lama offisielt. Effekten forsvinn imidlertid raskt.

    Is political compliance a precondition for healthy trade relations with China? The Chinese government frequently threatens that meetings between its trading partners’ officials and the Dalai Lama will be met with animosity and ultimately harm trade ties. We run a gravity model of exports to China from 159 partner countries between 1991 and 2008 to test the extent to which bilateral tensions affect trade with autocratic China. In particular, we empirically investigate whether countries that receive the Dalai Lama despite China’s opposition experience a significant reduction in their exports to China. In order to account for the potential endogeneity of meetings with the Dalai Lama, the number of Tibet Support Groups and the travel pattern of the Tibetan leader are used as instruments. Our empirical results support the idea that countries officially receiving the Dalai Lama at the highest political level are punished through a reduction of their exports to China. However, this ‘Dalai Lama Effect’ is only observed for the Hu Jintao era and not for earlier periods. Furthermore, we find that this effect is mainly driven by reduced exports of machinery and transport equipment and that it disappears in the second year after a meeting took place.

    Referanse:
    Fuchs, Andreas, and Nils-Hendrik Klann. 2013. “Paying a Visit: The Dalai Lama Effect on International Trade.” Journal of International Economics 91 (1): 164–77. doi:10.1016/j.jinteco.2013.04.007.

    Ein opent tilgjengeleg versjon av artikkelen ligg her.

  • Nobody took it

    Nobody took it. With corporations it is always nobody. The big boss calls in the sub-boss, the sub-boss calls in his lieutenant, the lieutenant speaks to the chef of corporate security who speaks to the sub-chef who speaks to his friends who speaks to their friends. And so it is done. Not by the boss or the sub-boss or the lieutenant or the sub-chef. Not by the corporation. Not by anybody at all, actually. But still it is done. There are no papers, no cheques, no contracts. Nobody knows anything. Nobody was there. But it is done.

    The Constant Gardener (p 320 in my version) by John Le Carre

  • Juks i verkstedbransjen

    Verkstadtenester (reparasjonar, vedlikehald, kontroll etc) er ein type teneste der det er stor skilnad på kunnskapen til kjøpar og seljar, på linje med tannlege- og legetenester, advokattenester, utdanning, kosttilskot og mange andre produkt og tenester. Desse har blitt kalla “tillitsgoder”, fordi det er vanskeleg å vite kva ein treng, og å vurdere kvaliteten – sjølv etter at ein har gjennomført handelen. Ein må må rett og slett ha tillit til seljar. (det finst sjølvsagt andre måtar å vurdere kvaliteten på, ein kan sjekke referansar, lese testar på nettet, ta prisen som eit signal på kvalitet++). Dels på grunn av dette har verkstadbransjen vore gjenstand for mange interessante forskningprosjekt dei siste åra. Under oppsummerer eg nokre av desse, mest for eigen bruk i samband med eit prosjekt eg jobbar med, men kanskje andre også kan finne studiane interessante.

    Overbehandling og overfakturering Dei fleste bileigarar kan lite om teknikk og teknologi, og mekanikaren har eit stort overtak når tenestene skal avtalast eller utførast (=informasjonsasymmetri). Fleire studiar har difor sett på problemet med overbehandling, at verkstaden gjer meir enn nødvendig, eller overfakturering, at verkstaden tek seg betalt for meir enn dei har gjort.

    Schneider, Henry S. 2012. “Agency Problems and Reputation in Expert Services: Evidence from Auto Repair.” The Journal of Industrial Economics 60 (3): 406–33.

    • Schneider tek med bilen sin med fabrikerte feil til ulike verkstader, og fortel halvparten av verkstadene at han akkurat har flytta til området og den andre halvparten at han skal flytte frå området.  27% av verkstadene overbehandlar bilen (som utgjer 61% av dei totale kostnadene). I tilfella der han skal flytte til området får han lavare pris på inspeksjonen, men ikkje på reparasjonskostnadene.

    Rasch, Alexander, and Christian Waibel. 2013. “What Drives Fraud in a Credence Goods Market?: Evidence from a Field Study”. Working paper 13/179, CER-ETH-Center of Economic Research at ETH Zurich. http://www.cer.ethz.ch/research/WP-13-179.pdf.

    • Basert på data fra German Automobile Association (tyske NAF) studerer forfattarane tendensen til å overbehandle fra tyske verkstader. Dei finn at verkstader med tøff konkurranse, gode økonomiske resultat, høg kompetanse og lokaliserte i marknader der omdømme er viktig overbehandlar mindre.

    Kontrolloppgåver Verkstader har også kontrolloppgåver for å sikre ein miljøvennleg og sikker bilpark, EU-kontrollen er eit typisk eksempel. Ei hovudutfordring her er at verkstaden har økonomiske insentiv til å anten overbehandle for å få ekstra inntekter, gjere ein dårleg jobb for å spare tid, eller vere snille mot bileigarane slik at dei skal kome tilbake. Staten, verkstaden og bileigaren har ulike interesser, rett og slett.

    Bennett, Victor Manuel, Lamar Pierce, Jason A. Snyder, and Michael W. Toffel. 2013. “Customer-Driven Misconduct: How Competition Corrupts Business Practices.” Management Science 59 (8): 1725–42. doi:10.1287/mnsc.1120.1680.

    • Forfattarane studerer resultat fra obligatoriske utsleppsinspeksjonar av bilar (om lag som EU-kontrollen) i New York og finn at verkstader som har tøff konkurranse er snillare på inspeksjonane, av frykt for å miste kundar. Dei finn også at nyetablerte firma er snillare, noko som kan vere ein strategi for å etablere seg i marknaden.

    Hubbard, Thomas N. 2002. “How Do Consumers Motivate Experts? Reputational Incentives in an Auto Repair Market*.” Journal of Law and Economics 45 (2): 437–68.

    • Igjen data fra amerikanske bilinspeksjonar. Dersom ein bil blir godkjent er det 30% større sannsynligheit for at bileigaren kjem tilbake til same verkstaden neste gang.
  • Effekten av insentiv

    One day Deng Xiaoping decided to take one of his grandsons to visit Mao Tse-tung.

    “Call me Granduncle,” Mao offered warmly.

    “Oh, I certainly couldn’t do that, Chairman Mao,” the awe-struck child replied.

    “Why don’t you give him an apple?” suggested Deng.

    No sooner had Mao done so than the boy took a healthy bite out of it, then happily chirped, “Oh, thank you, Granduncle.”

    “You see, “said Deng, “what incentives can achieve.”

    —A story told around Peking

    From Time Magazine, 30.04.1984. Quoted by: Eisenhardt, K. M. 1989. “Agency Theory: An Assessment and Review.” The Academy of Management Review 14 (1): 57–74.

  • Breiband gir dårlegare karakterar

    Bruk av breiband i skulen gir dårlegare karakterar, men det hjelp å blokkere Youtube…

    This paper examines the effects of providing broadband to schools on students’ performance. We use a rich panel of data on broadband use and students’ grades from all middle schools in Portugal. Employing a first-differences specification to control for school-specific unobserved effects and instrumenting the quality of broadband to account for unobserved time-varying effects, we show that high levels of broadband use in schools were detrimental for grades on the ninth-grade national exams in Portugal. For the average broadband use in schools, grades reduced 0.78 of a standard deviation from 2005 to 2009. We also show that broadband has a negative impact on exam scores regardless of gender, subject, or school quality and that the way schools allow students to use the Internet affects their performance. In particular, students in schools that block access to websites such as YouTube perform relatively better.

    Referanse:
    Belo, Rodrigo, Pedro Ferreira, and Rahul Telang. “Broadband in School: Impact on Student Performance.” Management Science (forthcoming). doi:10.1287/mnsc.2013.1770.

  • Juks med online vurderingar #2

    Juks med online vurderingar er eit problem for dei som driv nettsider som Tripadvisor.com og Hotels.com og til sjuande og sist for dei som eig eller driv bedriftene som blir påverka av slik juks.

    Eg har tidlegare skrive om korleis ein artikkel av Luca og medforfattarar har funne at restaurantar juksar når dei har få vurderingar eller nyleg har fått ei dårleg vurdering, at restaurantar som høyrer til ei kjede juksar mindre, og at tøffare konkurranse aukar sjansen for juks med negative vurderingar.

    Svakheita med den artikkelen var at forfattarane brukte Yelp.com sin eigen algoritme for å identifisere juks, og at det er uklart kor god denne er. Ein ny artikkel som snart blir publisert i American Economic Review brukar ein betre metode for å identifisere juks. Forfattarane (Mayzlin, Dover og Chevalier) brukar forskjellen på vurderingane på Expedia.com (der kun dei som faktisk har bodd på eit hotell kan skrive ei vurdering) og Tripadvisor.com (der alle kan skrive ei vurdering) til å avdekke juks. Funna liknar mykje på Luca et al. sine, kjedehotell oppfører seg betre, og konkurranse gir meir juks.

    Heile samandraget:

    Online reviews could, in principle, greatly improve consumers’ ability to evaluate products. However, the authenticity of online user reviews remains a concern; firms have an incentive to manufacture positive reviews for their own products and negative reviews for their rivals. In this paper, we marry the diverse literature on economic subterfuge with the literature on organizational form. We undertake an empirical analysis of promotional reviews, examining both the extent to which fakery occurs and the market conditions that encourage or discourage promotional reviewing activity. Specifically, we examine hotel reviews, exploiting the organizational differences between two travel websites: Expedia.com and TripAdvisor.com. While anyone can post a review on TripAdvisor, a consumer can only post a review of a hotel on Expedia if she actually booked at least one night at the hotel through the website. We examine differences in the distribution of reviews for a given hotel between TripAdvisor and Expedia. We exploit the characteristics of a hotel’s neighbor. We show that hotels with a nearby neighbor have more one- and two-star (negative) reviews on TripAdvisor relative to Expedia. We argue that the net gains from promotional reviewing are likely to be highest for independent hotels that are owned by single-unit owners and lowest for branded chain hotels that are owned by multi-unit owners. Our methodology thus isolates hotels with a disproportionate incentive to engage in promotional reviewing activity. We show that the hotel neighbors of hotels with a high incentive to fake have more one- and two-star (negative) reviews on TripAdvisor relative to Expedia than do hotels whose neighbors have a low incentive to fake. Furthermore, we show that hotels with a high incentive to fake have a greater share of five-star (positive) reviews on TripAdvisor relative to Expedia.

    Referanse:

    Mayzlin, Dina, Yaniv Dover, and Judith A. Chevalier. “Promotional Reviews: An Empirical Investigation of Online Review Manipulation.” American Economic Review (Forthcoming). http://www.nber.org/papers/w18340.

  • Er det lønsamt å ta samfunnsansvar?

    Eit stort spørsmål for bedrifter og forskarar er om det er lønsamt å ta samfunnsansvar. Svaret på dette spørsmålet er avgjerande for korleis bedrifter bør handle, korleis offentlege styresmakter bør regulere næringslivet, og korleis aktivistar bør motivere bedriftene til å ta samfunnsansvar.

    Mange ønskjer at svaret på spørsmålet skal vere “ja”. Då vil marknaden sjølv sørge for ansvarlege bedrifter, fordi slike vil vere meir lønnsame enn bedrifter som oppfører seg mindre bra. Alle som ønskjer høgre profitt vil dermed følgje etter. Jobben for styresmakter og aktivistar blir enkel, dei kan informere bedriftene om at meir samfunnsansvar gir meir profitt og så lene seg tilbake.

    Teoretikarar har imidlertid notert seg at samanhengen mellom lønsemd og samfunnsansvar kan gå mange veiar. Samanhengen kan vere positiv (samfunnsansvar gir lønsemd pga f.eks betre omdømme blant kundar og andre samarbeidspartnarar), negativ (samfunnsansvar gir mindre lønsemd fordi samfunnsansvar er dyrt, og kundane bryr seg ikkje så mykje), omvendt (god lønsemd gir meir samfunnsansvar, fordi bedrifter med mykje pengar har meir ressursar å bruke) eller ikkje-lineær (f.eks ved at middels nivå av samfunnsansvar gir mest lønsemd, fordi bedriftene unngår både å bli assosiert med verstingane og å sløse med ressursar).

    Det finst minst 250 studiar av samanhengen mellom samfunnsansvar og lønsemd, og den beste måten å oppsummere desse på er å gjere meta-studiar, som “slår saman” resultata i dei andre studiane. To gode og relativt nye slike meta-studier eksisterer.

    Orlitzsky og kollegar oppsummerte funna frå 52 tidlegare studiar, og konkluderte på følgjande måte (Orlitzky mfl 2003; s. 427) (CSP er corporate social performance, og CFP er corporate financial performance):

    This meta-analysis has shown that (1) across studies, CSP is positively correlated with CFP, (2) the relationship tends to be bidirectional and simultaneous, (3) reputation appears to be an important mediator of the relationship, and (4) stakeholder mismatching, sampling error, and measurement error can explain between 15 percent and 100 percent of the cross-study variation in various subsets of CSP–CFP correlations. Corporate virtue in the form of social and, to a lesser extent, environmental responsibility is rewarding in more ways than one.

    Margolis og kollegar (2009) oppsummerte funna fra 251 ulike studiar, og samanfattar funna slik:

    In the most comprehensive review of this research to date, we conduct a meta-analysis of 251 studies presented in 214 manuscripts. The overall effect is positive but small (mean r = .13, median r = .09, weighted r = .11), and results for the 106 studies from the past decade are even smaller.

    Totalt sett verkar det altså som om samfunnsansvar har ei positiv (men svak) effekt på lønsemd.

    Desse funna har likevel nokre begrensningar. Det er eit spørsmål om “kor mykje” samfunnsansvar bedriftene i dei ulike studiane har produsert. Det kan vere at gjennomsnittet er forholdsvis lavt, og at bedrifter som verkeleg er samfunnsansvarlege vil score dårlegare. Samfunnsansvar gir i alle fall delvis lønsemd fordi omdømmet blir betre blant interessentar som etterspør ansvarleg oppførsel. Mange dimensjonar av samfunnsansvar er vanskeleg å observere, og blir heller ikkje etterspurt. I nokre tilfelle blir eit “overfladisk” nivå av samfunnsansvar etterspurt. Det er for eksempel ikkje sikkert at klesmerke som tek vilkåra for arbeidarane i Asia verkeleg seriøst blir meir lønsame enn dei som gjer eit minimum for å sjå bra ut.

    Dei som håpar på at auka lønsemd skal få bedrifter til å ta samfunnsansvar kan uansett vere forsiktig optimistiske. For dimensjonar av samfunnsansvar som ikkje blir etterspurt eller er vanskelege å måle vil marknaden ikkje ta ansvaret, og aktivistar og styresmakter må ta ei aktiv rolle.

    Referansar

    Orlitzky, Marc, Frank L. Schmidt, and Sara L. Rynes. “Corporate Social and Financial Performance: A Meta-Analysis.” Organization Studies 24, no. 3 (March 1, 2003): 403 –441. doi:10.1177/0170840603024003910.

    Margolis, Joshua D., Hillary Anger Elfenbein, and James P. Walsh. Does It Pay to Be Good…And Does It Matter? A Meta-Analysis of the Relationship Between Corporate Social and Financial Performance. SSRN Scholarly Paper. Rochester, NY: Social Science Research Network, March 1, 2009. http://papers.ssrn.com/abstract=1866371.

  • Juks med online vurderingar

    Juks med brukarvurderingar er eit problem for nettsider som Tripadvisor, Amazon eller Yelp.com. Ein type juks er positive vurderingar lagt inn av bedriftseigaren sjølv. I eit nytt arbeidsnotat (working paper) studerar Luca og medforfattarar kva som fører til slik juks. Dei finn at restaurantar juksar når dei har få vurderingar eller nyleg har fått ei dårleg vurdering. Restaurantar som høyrer til ei kjede juksar mindre. Dei finn også at tøffare konkurranse aukar sjansen for juks med negative vurderingar. Artikkelen er under arbeid, men resultata er likevel interessante. Her er samandraget:

    Review sites have become increasingly important sources of information for consumers. Because these reviews aff ect sales, businesses have the incentive to game the system by leaving positive reviews for themselves, or negative reviews for their competitors. Such review fraud undermines the trustworthiness of consumer reviews, and constitutes a major risk factor for review sites. In this paper, we investigate review fraud on the popular consumer review site Yelp. We construct a novel data set to analyze this problem, combining restaurant reviews with Yelp’s algorithmic indicator of fake reviews. Using this imperfect indicator as a proxy, we develop an empirical methodology to identify the points in the life-cycle of a business during which review fraud is most prevalent. We fi nd that a restaurant’s changing reputation affe cts its decision to engage in review fraud. Speci cally, a restaurant is more likely to seek a positive fake review when its reputation is weak, i.e., when it has few reviews, or it has recently received bad reviews. Consistent with theory, we fi nd that chains are less likely than independent restaurants to engage in review fraud. We then turn our attention to negative review fraud, and find that increased competition by similar restaurants the driving force behind it.

    Referanse: Luca, Michael, and Georgios Zervas. 2013. “Fake It Till You Make It: Reputation, Competition, and Yelp Review Fraud”. SSRN Scholarly Paper ID 2293164. Rochester, NY: Social Science Research Network. http://papers.ssrn.com/abstract=2293164.

  • Sweatshop labour is wrong unless the shoes are cute

    Forbrukarane sitt manglande engasjement er ei kjelde til frustrasjon for mange aktivistar som ønskjer betre vilkår for arbeidarar i fattige land. I spørjeundersøkingar er forbrukarar svært opptekne av etikk, men når det kjem til kjøpssituasjonen er det mange andre ting som spelar inn og etikk hamnar lenger nede på lista, sjølv der informasjon om etikk er tilgjengeleg. Eit nyleg publisert forskingsarbeid av Paharia og medforfattarar kastar lys på nokre av vurderingane forbrukarar – bevisst eller ubevisst – gjer stilt ovanfor informasjon om potensielt dårlege arbeidsvilkår bak produktet.

    I ein studie vart forbrukarar bedt om å setje seg inn i ein situasjon der dei sjølv, eller nokon dei kjende, skulle på ferie til Karibien. Dei fekk så informasjon om at mange av landa i Karibien er fattige og at mange av turistanlegga i desse landa har tvilsame arbeidsvilkår for sine tilsette, før dei vart bedt om å svare på spørsmål om kor einige dei er med typiske økonomiske argument for dårlege arbeidsvilkår i utviklingsland (nødvendig for landet si utvikling, einaste kjelde til inntekter osv). Det interessante er at dei som skulle på ferie sjølv var meir einige med desse økonomiske argumenta, enn dei som las om vennane sine. Viss vi nyt godt av det sjølve, altså, legg vi større vekt på bortforklaringane av dårlege arbeidsvilkår.

    I neste studie vart andre forbrukarar bedt om å tenke seg at dei hadde kjøpt eit par Nike-sko verdt 175 dollar. Halvparten vart bedt om å tenke seg at dei hadde kjøpt skorne på tilbod med 75% avslag, og at dei var svært nøgde med skorne. Den andre halvparten vart bedt om å tenke seg at dei hadde fått 5% rabatt, og at dei var nøgde med skorne. Dei svarte så på spørsmåla om økonomiske argument for dårlege arbeidsvilkår. Igjen var det signifikant forskjell på gruppene, dei som hadde fått stor rabatt og var svært nøgde med kjøpet var meir einige med dei økonomiske argumenta for dårlege arbeidsvilkår. Viss skoa er søte, altså, er dårlege arbeidsvilkår meir nødvendig for dei fattige si utvikling.

    I ein av dei andre studiane i artikkelen fekk forbrukarar informasjon om tvilsame forhold i Apple si leverandørkjede. Dei som likte Apple på førehand var mindre kritiske til desse forholda, men meir kritiske til tilsvarande forhold i leverandørkjeda til Hewlett Packard. Viss vi likar eit merke er ikkje dårlege arbeidsvilkår så farleg.

    Totalt sett viser artikkelen på ein fin måte korleis vi kan oppretthalde eit inntrykk av oss sjølv som moralske og gode menneske, sjølv når vi gjer tvilsame handlingar, ved å bevisst eller ubevisst velje argument som passar våre val.

    Referanse:
    Paharia, Neeru, Kathleen D. Vohs, and Rohit Deshpandé. 2013. “Sweatshop Labor Is Wrong Unless the Shoes Are Cute: Cognition Can Both Help and Hurt Moral Motivated Reasoning.” Organizational Behavior and Human Decision Processes 121 (1) (May): 81–88. doi:10.1016/j.obhdp.2013.01.001.

  • Radikal openheit rundt kjøkenbordet

    For første gang på veldig lang tid er hest samtaletema rundt norske kjøkenbord. Når “kjøkenbordets folk” pratar om noko, sa den tidlegare svenske statsministeren Göran Persson i eit foredrag eg høyrde på, då er det alvor , og då vil det skje endringar.

    Fakta er kjende. Det har blitt funne hestekjøt i ein rekke produkt. Svindelen er så langt spora bakover til slaktarar i Romania via Frankrike, Kypros og Nederland. Skandalen er heileuropeisk, og alle dei fire store norske dagligvarekjedene har funne hestekjøt i sine produkt. Offera for svindelen er heller ikkje små firma i den uformelle delen av matsektoren, men store internasjonale kjeder og merkevareleverandørar. Og det er heller ikkje berre snakk om billege ferdigvarer i kjøledisken, fleire merkevarer og dyre produkt har også blitt råka. Kjøttbollane til IKEA er ikoniske, og det vert vitsa mykje om kjøtbollar på Twitter for tida. (“IKEA meatballs contain horse DNA… There’s a joke in there somewhere, you’ll have to assemble it yourselves.”)

    På ein måte er denne saka eit eksempel på at det vert vanskelegare å jukse, utan å bli tatt. Å bruke DNA-testar for å kontrollere innhald var science fiction for nokre år sidan. No er teknologien tilgjengeleg. Det er vanskeleg å gardere seg fullt ut mot svindel. Folk og selskap har juksa til alle tider, og ingen kontrollregimer eller regelverk kan hindre all juks. Dagligvarekjeder og andre vil no auke bruken av DNA-testar for å kontrollere at innhaldet stemmer. Dette har kostnader som vi forbrukarar må dekke.

    Saka illustrer fint kor komplekse leverandørkjedene i mange tilfelle er. Folk flest har neppe vore klar over kor mange mellomledd og firma ingrediensane i ei frosen lasagne er innom. No er dei kanskje klar over litt av kompleksiteten, men eg trur dei framleis har problem med å forstå kvifor det skal vere slik.

    Min spådom er at vi kjem til å forholdsvis raskt gå mot ei mykje større openheit om ingrediensar, produksjonsforhold, mellomledd og prisar. Kostnaden ved informasjon og sporing går raskt nedover, og forbrukarar, styresmakter og andre vil ikkje lenger akseptere hemmeleghald i leverandørkjeden. Kvifor skal vi ikkje få vite kva som er i produkta vi et, og korleis dei er produserte?

    I mellomtida kan vi kanskje pense samtalen rundt kjøkenbordet over frå hest til fisk. Ein rapport frå USA viser nemleg at ein av tre fisk der er marknadsført under feil namn. Blir fisk tema for den neste skandalen?