Blog

  • Oppsummering av emnet i forretningsetikk ved Høyskolen Kristiania hausten 2018

    Oppsummering av emnet i forretningsetikk ved Høyskolen Kristiania hausten 2018

    I emnet Forretningsetikk ved Høyskolen Kristiania jobbar studentane med ei omfattande prosjektoppgåve om ei bedrift sitt bærekraftsarbeid. I haustsemesteret 2018 var temaet Nortura sine utfordringar innan og arbeid med etikk, samfunnsansvar og bærekraft. Her oppsummerar eg nokre erfaringar frå emnet, mest for eigen del.

    Prosjektoppgåva, del for del

    Del 1: Eit etisk dilemma i Nortura

    Første del av prosjektoppgåva var å beskrive eit hypotetisk/tenkt etisk dilemma i Nortura, og så å diskutere dilemmaet og ta ei beslutning ved hjelp av Kvalnes og Øverenget sitt navigasjonshjul. Den første erfaringa studentane fekk var at det var vanskeleg å utvikle eit ekte etisk dilemma (definert som et valg mellom galt og galt, eller eventuelt rett og rett). Mange etiske dilemma i næringslivet er såkalla kvasi-dilemma, der valet i praksis står mellom det som er etisk rett og det som er økonomisk bra. Samtidig er ein god økonomi også viktig for organisasjonar (for dei tilsette, for eigarane, og andre), så dette har jo også gjerne etisk vekt, og nesten alle grupper fekk til eit ganske bra dilemma etter kvart.

    Det var stor kreativitet i utarbeidelsen av dilemma, alt frå dyrevelferd, kjøtt vs vegetar, miljø, arbeidsplassar, rettferdig lønn, bruk av skinn, satsing på lab-kjøt, markedsføring av økologisk, salg i utlandet og meir. Dei mest populære temaene for dilemma var nok dyrevelferd og miljø/bærekraft. Ganske mange grupper skreiv om dilemmaet ved å auke kjøttproduksjonen gitt at kjøtproduksjon har stor og negativ påvirkning på klima og miljø.

    Kvalnes og Øverenget sitt Navigasjonshjul er for øvrig ei enkel huskeliste av ting ein bør tenkje på når ein skal ta ei beslutning i eit etisk dilemma. (Jus – er det lovlig? Identitet – stemmer det med våre verdier? Moral – er det riktig? Omdømme – påvirker det vår goodwill? Økonomi – er det i henhold til våre forretningsmessige mål? Og Etikk – kan det bli rettferdiggjort). Med å bruke dette verktøyet får studentane trening i å bruke etisk teori i beslutningar, samtidig som dei må tenke på totalsituasjonen. Vi håper sjølvsagt at studentane hugsar dette verktøyet når dei i framtida kjem opp i etiske dilemma.

    Del 2: Nortura sitt arbeid med samfunnsansvar og bærekraft

    I del to av oppgåva vurderte studentane Nortura sitt arbeid med samfunnsansvar og bærekraft. Først gjorde dei  ei interessentanalyse, og beskreiv påvirkninga Nortura har på sine viktigaste interessentar. Dei fleste hamna vel på at tilsette, eigarar/bønder, kundar og forbrukarar var dei viktigaste interessentane. Etter litt tilbakemeldingar var det også mange som tok med dyr og miljø som interessentar (det fins ulike måtar å gjere dette på i interessentanalyser. Men det er interessant at mange ikkje tenkjer på dyr som ein interessent!). I motsetning til mange kurs i forretningsetikk, som ofte konsentrerer seg om problema, så ba vi studentane også skrive om selskapet sin positive påverknad, som er stor (gode produkt og matkultur, arbeidsplassar med god lønn, levande distriktsnorge, bra dyrevelferd osv). Den negative påvirknaden er jo også betydelig, på miljø, helse, og på dyra (som blir tatt livet av, rett nok skånsomt).

    I presentasjonen av Nortura sitt arbeid med samfunnsansvar og bærekraft henta mange mykje informasjon frå samfunnsrapporten til Nortura, og brukte ulike modellar frå pensum til å strukturere besvarelsen. Dei fleste konkluderte med at Nortura gjer mykje bra, men at den store utfordringa er miljø- og klimaeffektane av kjøtproduksjon. Samanlikna med andre relevante bedrifter (her valde studentane å samanlikne med norske private kjøtbedrifter, dagligvarekjeder, andre matprodusentar, eller utanlandske bedrifter) er det heller ingen tvil om at Nortura gjer mykje bra arbeid innan samfunnsansvar og bærekraft.

    Del 3: Kva kan Nortura forbetre?

    I den siste delen vart studentane utfordra til å kome opp med forslag til tiltak som både kan bidra til betre økonomiske resultat for Nortura og samstundes skape sosial verdi for samfunnet. I denne delen tok vi utgangspunkt i Porter og Kramer sitt konsept “felles verdi”, der hovudideen er at bedrifter kan skape stor positiv verdi for samfunnet, dersom dei jobbar med å kombinere sosial og økonomisk verdi. Vi foreslo her at studentane kunne ta utgangspunkt i FN sine bærekraftsmål, og sjå kva mål Nortura kan bidra til, noko mange også gjorde.

    Eit av dei beste forslaga var at Nortura bør jobbe med å utvikle meir miljøvennlige produkt, inkludert vegetarprodukt (mange grupper var inne pådette). Dette vil kunne skape sosial verdi (gjennom sunne og miljøvennlige produkt, produsert av ein merkevare og eit selskap som norske forbrukarar stolar på) og også betydelig økonomisk verdi. Dette vil krevje at Nortura endrar sin identitet, frå å vere ein slaktar og foredlar av kjøtt til å bli ein breiare matleverandør (min kommentar: dette har jo Nortura delvis gjort alt, med Fjordland og satsing på vegetarmat, men krev nok mykje diskusjon for å bli einig internt gitt eigarstruktur, historie og kultur). Andre gode forslag var tiltak for å redusere matsvinn og emballasjebruk, og også å bidra til meir klimavennlige kyr gjennom avlsprogram og forsøk med betre for.

    Informasjonskjelder

    Informasjon om Nortura sitt arbeid kom frå Nortura sin gode samfunnsrapport, bærekraftsrapport, og ein flott presentasjon av Ellen Flø Skagen, konserndirektør i Nortura med ansvar for samfunnsansvar og bærekraft, som tok seg tid til å besøke emnet (takk!). Dei offentleg tilgjengelege kjeldene ga nok informasjon til å skrive oppgåva , men det var stor stas med besøk frå bedrifta.

    Pedagogisk opplegg

    Emnet vart undervist med ein kombinasjon av forelesningar (ganske få) og workshops, der studentane sjølv jobba med oppgåvene etter ein introduksjon av lærar (meg sjølv og dyktige Anne Rose). Studentane leverte inn del 1 og 2 som obligatoriske innleveringar, og fekk korte skriftlege tilbakemeldingar på desse delane. Dette vart tatt godt i mot, og gjorde også at alle måtte kome i gang ganske tidleg med arbeidet. Dette gjorde igjen at nivået på oppgåvene etter mi meining vart bra, med veldig få svake oppgåver. Til neste gjennomføring vil vi vurdere å legge til rette for meir individuell veiledning, spesielt på del 3.

    Alt i alt er vi veldig nøgde med emnet, eg trur studentane lærte masse om etikk, samfunnsansvar og bærekraft, og dei er no klare til å bidra innan desse temaene ute i organisasjonar. Samstundes fekk dei fekk jobbe på ein litt annan måte enn dei er vant til i mange andre emner.

  • Bryan Caplan: The case against education

    Bryan Caplan
    The case against education: Why the education system is a waste of time and money
    2018, Princeton University Press.

    Kvifor er det så lønsamt for den enkelte å ta utdanning? I si nye bok forkastar Bryan Caplan i stor grad den enklaste forklaringa, at utdanning gir kunnskap og ferdigheiter som arbeidsgivarar set pris på og dermed betalar godt for. For det første er ein stor del av innhaldet i dei fleste studiar irrelevant for arbeidsgjevarar. Nesten ingen får bruk for eldre historie, fransk, samfunnsfag, etikk, eller avansert matematikk. Sjølv innan høgre utdanning er mykje av innhaldet i studiane lite relevant for arbeidsmarknaden. For det andre lærer faktisk studentar svært lite. Etter fullførte studiar over fleire år sit studentane igjen med lite kunnskap, også om det relevante. Dette er eit resultat av at vi menneske lett gløymer kunnskap vi ikkje brukar jamleg. Og det er ikkje slik at studentar lærer meir abstrakte ferdigheiter gjennom studiar (”lære å lære”, “lære ein måte å tenkje på” og liknande), det meste av kunnskap er domene-spesifikk, og dersom du ikkje lærer spansk i spanskkurset er det lite sannsynleg at du lærer noko anna, i følgje Caplan.

    Utdanning som signal

    Kva er det så som kan forklare at utdanning likevel gir suksess på arbeidsmarknaden? Caplan brukar boka til å argumentere for at utdanning fungerer som eit signal til arbeidsmarknaden om kandidaten sin produktivitet som arbeidstakar. Ein arbeidsgjevar som skal tilsette ein ny person står ovanfor det kjende problemet med å vurdere kandidatane sine kvalitetar. Kandidaten vil kanskje påstå at han eller ho er ein topp kandidat med alt som skal til for å lykkast i jobben. Men dette kan vere falskt skryt, og arbeidsgjevar ønskjer å sortere dei verkeleg gode frå dei mindre gode kandidatane. Dette kan dei då bruke utdanning til å gjere. Så lenge utdanning har positivt samanheng med prestasjonar på jobben, og så lenge utdanning er mindre kostbart for dei verkeleg gode kandidatane enn for dei mindre gode kandidatane (”kostbart signal”), vil det vere rasjonelt for arbeidsgjevarar å bruke utdanning som vurderingsgrunnlag.

    I følgje Caplan er høgre utdanning eit ideelt kostbart signal, fordi utdanning signaliserer sameksistensen av tre eigenskapar som er nødvendige for å vere ein produktiv arbeidstakar i moderne organisasjonar: Intelligens, arbeidsvilje (conscientiousness på engelsk) og konformitet. Intelligens er nødvendig for å gjere ein god jobb med komplekse oppgåver i komplekse organisasjonar. Arbeidsvilje må også til, fordi arbeidsgjevar må vere sikker på at arbeidstakaren vil bruke intelligensen i hardt, praktisk arbeid. Til slutt er det viktig med konformitet, fordi intelligensen og arbeidsviljen må bli brukt til å jobbe for mål som arbeidsgjevaren ønskjer, og fordi det er viktig at arbeidstakaren passar inn sosialt i bedrifta. To av tre er ikkje nok, alle tre eigenskapane må vere til stades.

    Utdanning er det perfekte signalet på at folk har desse eigenskapane. Intelligente studentar kjem seg enklare gjennom studiet og får betre karakterar. Arbeidsvilje er viktig, dei som er villige til å arbeide hardt og jamt med til dels meiningslause fag og oppgåver gjer det også betre som student. Og konformitet er avgjerande, både fordi studenten må respektere vilkårlege reglar gjennom utdanninga og fordi utdanning ofte krev mykje sosial interaksjon, og det dermed er vanskeleg å kome seg gjennom studiet på ein god måte .

    Utfordringa for dei som ikkje tek utdanning er at det er vanskeleg å overbevise om at dei har alle dei ønskjelege eigenskapane. Medlemskap i MENSA viser kanskje at du er intelligent, men dersom ein arbeidsgjevar ser at du ikkje har tatt utdanning vil spørsmål bli stilt om arbeidsmotivasjon eller konformitet. Ein kandidat utan utdanning men som kan vise både intelligens og arbeidsvilje på andre måtar vil bli vurdert til å mangle konformitet og sosiale evner.

    Andre argument

    Hovudargumentet til Caplan er at utdanning ikkje kan bidra til særleg mykje human kapital fordi det meste av innhaldet i utdanning er irrelevant og at studentane uansett ikkje lærer eller hugsar særleg mykje. Men han har også andre gode argument for at signaleffekten av utdanning overgår kunnskapseffekten.

    Kanskje det viktigaste er den såkalla “sheepskin”-effekten. Dersom det var slik at det var kunnskap og ferdigheiter som var viktig, burde vi sjå at alle studieår hadde omtrent lik verdi for ein arbeidsgjevar. Effekten av to år med høgre utdanning burde vere om lag halvparten av fire år med høgre utdanning. I praksis er det siste året langt viktigare for arbeidsgjevarar, og ein uforholdsmessig stor del av gevinsten av utdanning kjem frå at studentar fullfører det siste året. Dette kjem ikkje fordi det siste året er spesielt relevant eller givande, men fordi arbeidsgjevar set pris på evna til å fullføre utdanning.

    Eit anna argument frå Caplan er at svært mykje kunnskap alt er gratis tilgjengeleg, utan å betale for å gå på dyre universitet. Toppuniversitet i USA har ofte opne dører, og alle som vil kan sette seg i forelesningssalane og høyre på dei smartaste og beste forelesarane i verda. Likevel står det ingen køar av folk som vil inn for å få den beste utdanninga i verda, gratis. Kvifor ikkje? Fordi denne utdanninga ikkje har særleg verdi, utan sertifikatet som viser at du har gått på topp-universitetet. På Youtube og Coursera og Wikipedia ligg det så mykje kunnskap enkelt tilgjengeleg at det ikkje er nokon grunn til å gå på universitetet. Arbeidsgjevarar er likevel ikkje særleg interessert i netthistorikken til kandidatane. Igjen, det er sertifikatet som er viktig.

    Det er også slik at det har svært ulike konsekvensar å ikkje bestå eit kurs på universitetet eller raskt gløyme innhaldet av kurset. Dette skulle ha same konsekvensar dersom det var innhaldet i kurset som var viktig – men i praksis er det evnene til å lære stoffet som avgjer arbeidsgjevarane sin reaksjon – fordi dette er eit signal om intelligens, arbeidsevne og konformitet. Dei som består men gløymer får difor langt betre jobbar enn dei som ikkje består.

    Studentar jobbar hardt for å kome inn på dei beste universiteta, men når dei først er der så prøver dei ofte å ta dei enklaste kursa som er tilgjengelege. Kvifor? Fordi skulen sitt namn er eit signal om kvaliteten på studenten, men dei ulike kursa sin vanskegrad er neppe kjent i arbeidsmarknaden.

    Og kva med juks? Dersom det var det studentane lærte som var viktig, var juks fullstendig unyttig. Studenten ville berre “lure seg sjølv”, som enkelte lærarar kanskje påstår, i alle fall på lang sikt. Grunnen til at juks blir kjempa mot er sjølvsagt at eit vitnemål ikkje er eit signal om intelligens, arbeidsevne og konformitet dersom studenten kan kome seg gjennom studiet utan desse eigenskapane. Institusjonar og ærlege medstudentar har difor insentiv til å kjempe mot juks.

    Alt dette betyr ikkje at Caplan ikkje trur at utdanning også aukar kompetansen til studenten, , men berre at Caplan trur at det meste av effektane av utdanning kjem som følgje av signaleffekten. Han meiner at minst 30%, mest truleg 50%, og kanskje opp mot 80% av effektane av utdanning kjem av signaleffekten. Her går han mot majoriteten av utdanningsforskarar, som er einige i at signaleffekten er reell, men som trur at den er mykje mindre.

    Problemet

    Dersom utdanning har ein viktig funksjon for arbeidsmarknaden og den enkelte (gjennom å “matche” passande arbeidstakar med passande jobb), kva er så problemet om denne effekten kjem gjennom utdanning som eit signal, og ikkje utdanning som kunnskap og ferdigheiter? Problemet er sjølvsagt at signal ofte blir eit våpenkappløp, der alle studerer meir for å utkonkurrere alle andre. Dette er negativt for samfunnet, fordi folk brukar for mykje tid og pengar på utdanning, heller enn å bidra produktivt til samfunnet gjennom arbeid.

    Den beste løysinga på dette problemet, i følgje Caplan, er å slutte å subsidiere utdanning. Då vil ein automatisk få eit lågare utdanningsnivå. Ein bachelorgrad er kanskje nok for å signalisere kvalitet, ein treng ikkje ein mastergrad i tillegg (ein gong i tida var det slik!). Med mindre subsidiar til universitet og studentar vil det blir færre mastergrader. I eit fordelingsperspektiv er dette ikkje heldig, men Caplan argumenterer for at eit stipendsystem kan sikre at dei som har stort akademisk talent men lite økonomiske ressursar kan få sjansen til å studere.

    Boka sine bidrag

    At utdanning har ei viktig rolle som signal til arbeidsmarknaden har lenge vore anerkjent, fleire økonomar har fått nobelprisen for relaterte arbeid. Denne boka sitt bidrag er vel å kome med eit gjennomarbeidd estimat av kor stor signal-effekten er – eit estimat som er mykje større enn dei fleste andre, men som likevel er truverdig. Boka diskuterer også grundig kva utdanning er eit signal om, altså intelligens, arbeidsvilje og konformitet. Dersom utdanning kun var eit signal om intelligens, hadde ein IQ-test kunne gjort same nytten, men det er det sjølvsagt ikkje. Til slutt illustrerer Caplan dei negative effektane av ein ukritisk satsing på “meir utdanning” som løysinga på generelle problem.

    Caplan er økonom, og han har skrive ei bok om økonomi, på godt og vondt. Nokre effektar av utdanning har han ikkje tatt med, han har ikkje sett på effektane av utdanning på lykke, status eller sjølvtillit. Men han hadde vel, med rette, sagt at slike effektar også mest truleg vil vere svært relative.

  • Finansielle rådgivarar er like dårlege med eigne investeringar

    Blir finansielle rådgivarar påvirka av sine økonomiske insentiv til å gi dårlege råd til sine kundar? Ei nytt paper med data frå kanadiske finansielle rådgivarar tyder på at dei er like dårlege med sine eigne investeringar, og at det dermed er mangel på kompetanse som er hovudproblemet.
    A common view of retail finance is that conflicts of interest contribute to the high cost of advice. Using detailed data on financial advisors and their clients, however, we show that most advisors invest personally just as they advise their clients. Advisors trade frequently, chase returns, prefer expensive, actively managed funds, and underdiversify. Advisors’ net returns of -3% per year are similar to their clients’ net returns. Advisors do not strategically hold expensive portfolios only to convince clients to do the same; they continue to do so after they leave the industry.
    Referanse:
    Linnainmaa, Juhani T. and Melzer, Brian and Previtero, Alessandro, The Misguided Beliefs of Financial Advisors (December 15, 2017). Kelley School of Business Research Paper No. 18-9. Available at SSRN: https://ssrn.com/abstract=3101426 or http://dx.doi.org/10.2139/ssrn.3101426
  • Kommunikasjon om samfunnsansvar blant norske butikkjeder

    Kommunikasjon om samfunnsansvar blant norske butikkjeder

    Min artikkel om norske butikkjeder sin samfunnsansvars-kommunikasjon er no endeleg på trykk. Denne artikkelen var ein del av doktorgradsavhandlinga mi, vart sendt inn til tidsskriftet i 2014 og akseptert mot slutten av 2015, så “vitenskapen” arbeidar også i dette tilfellet sakte.

    I studien testar eg nokre antagelsar frå økonomisk teori (signalteori) om når butikkjeder vil kommunisere om sitt samfunnsansvarsarbeid. Den enkle økonomiske logikken er at kjeder alt anna likt vil vere meir tilbøyelege til å kommunisere om samfunnsansvar dersom dette er meir lønsamt for dei. Eg antek difor at kjeder som brukar eigne merkevarer er meir tilbøyelege til å kommunisere om samfunnsansvar (slike merkevarer har større usikkerhet rundt kvalitet), at kjeder som er kjente for lave prisar er mindre tilbøyelege (ikkje så viktig), at utanlandske kjeder er meir tilbøyelege enn norske kjeder til å kommunisere (igjen, større usikkerhet rundt kvalitet), og at fillialkjeder er meir tilbøyelege til å kommunisere enn kjeder med andre organisasjonsformer (vanskelegare å koordinere arbeid med samfunnsansvar i kjeder med franchising eller i frivillege kjeder).

    Desse hypotesene blir testa i eit sjølvkonstruert datasett sett saman frå fleire ulike kilder med informasjon om 208 butikkjeder i den norske marknaden.

    Resultata viser at eigne merkevarer og organisasjonsform har ein påverknad på deira kommunikasjon av samfunnsansvar, men ikkje prisar eller utanlandsk eigarskap. Ein ekstra empirisk test med sertifisering eller medlemsskap (Svanemerket/Miljøfyrtårn/Initiativ for etisk handel) som avhengig variabel finn same resultat for organisasjonsform, men ikkje for eigne merkevarer.

    Alt i alt tydar resultata på at franchise-kjeder kommuniserer mindre om samfunnsansvar, noko som er på linje med funn frå anna internasjonal forskning.

    Samandraget:

    This study examines determinants of retail chains’ corporate social responsibility (CSR) communication on their web pages. The theoretical foundation for the study is signaling theory, which suggests that firms will communicate about their CSR efforts when this is profitable for them and when such communication makes it possible for outsiders to distinguish good from bad performers. Based on this theory, I develop hypotheses about retail chains’ CSR signaling. The hypotheses are tested in a sample of 208 retail chains in the Norwegian market. As hypothesized, I find that foreign chains, chains using private brands, and vertically integrated chains are more likely to signal, but I find no relationship between pricing and signaling. In further analysis using chains’ CSR memberships and certifications as the measure of signals, only the relationship between organizational form and signaling is replicated. In total, the findings give partial support to signaling theory.

    Referanse:
    Utgård, Jakob. 2018. “Retail Chains’ Corporate Social Responsibility Communication.” Journal of Business Ethics 147 (2):385–400. https://doi.org/10.1007/s10551-015-2952-2.
  • Korleis søke i Google Scholar for å finne litteratur til bachelor- eller masteroppgåva

    (Denne artikkelen er meint for mine studentar som skriv bachelor eller masteroppgåver – men andre er kanskje også interesserte)

    Google Scholar er den beste og mest omfattande søkemotoren for fagartiklar

    Biblioteka ved Høyskolen Kristiania, OsloMet og andre institusjonar har fleire ulike databasar og søkemotorar for å finne faglitteratur. Desse fungerer heilt ok, men Google Scholar (scholar.google.com) er mest omfattande og best. På Google Scholar finn du det meste dersom du søkjer litt smart.

    Søk i Google Scholar fungerer omtrent som vanlige Google-søk

    For å finne relevante artiklar er det som vanleg viktig å bruke rett terminologi og presist språk Veldig generelle søkeord gir alt for mange og irrelevante treff. Google sine vanlege søkereglar gjeld elles. For artiklar som omhandlar samanhengen mellom markedsorientering og tilfredshet, skriv f.eks “market orientation” “customer satisfaction”.

    Google Scholar gjer det enkelt å finne relatert litteratur

    Når du har funne ein interessant artikkel vil klikk på “Cited by” gi ei liste over artiklar som har referert til den gjeldande artikkelen. Dette vil vere eit godt utgangspunkt for å finne andre relevante artiklar. “Related articles” vil gi ei liste over andre liknande eller relaterte artiklar, som ikkje nødvendigvis siterer den aktuelle artikkelen.

    For å velge ut god litteratur, sjå på tittel, tidsskrift og antall siteringar (og så må du sjølvsagt lese)

    Ein fordel og ulempe er at Google Scholar dekkjer alt mulig av faglitteratur. Dette betyr at kvalitetsnivået på treffa kan variere veldig, alt frå svært gode artiklar i fagfellevurderte tidsskrift til konferansebidrag eller upubliserte arbeid av svak kvalitet. For å velge ut kvalitetslitteratur er det smart å sjå på tidsskriftet det er publisert i (det bør som minimum vere registrert i det norske registeret for vitenskaplege publiseringskanalar – og gjerne på nivå 2, som er dei beste tidsskrifta). I tillegg kan det vere lurt å sjå på antall siteringar. Dersom ein artikkel har titals eller hundretals siteringar, så tyder det på at det relevante fagmiljøet har funne artikkelen god nok til å bruke han. Men: Det fins sjølvsagt svake studiar som er publiserte i gode tidsskrift og som har mange siteringar, og svært gode artiklar som ingen har sitert, så ein må sjølv gjere ei vurdering etter å ha lese artikkelen. I alle fall på masternivå forventar eg ein viss grad av kritisk haldning til eksisterande forskning.

    Kva om fulltekstversjonen av artikkelen ikkje er tilgjengeleg?

    Google Scholar er flinke til å finne fulltekstversjonen av ein artikkel. Dersom du har tilgang til artikkelen gjennom biblioteket vil Scholar vanlegvis identifisere dette, og dersom artikkelen er publisert på nettet andre stadar vil Scholar også finne dette. Dersom artikkelen likevel ikkje er tilgjengeleg, ta kontakt med biblioteket, dei er flinke til å hjelpe med å få tak i litteratur.

    Google Scholar gjer det enkelt å lage database over litteratur eller litteraturliste

    Frå Google Scholar er det enkelt å sitere artiklar (trykk på “sitat”-tegnet og vel ønska sitatstil, så kan du kopiere referansen til litteraturlista). Det er også enkelt å importere referansar med eit klikk til ulike referanseverktøy, inkludert Zotero, som er gratis og blir støtta på Høyskolen Kristiania og OsloMet. For masterstudentar anbefalar eg slike verktøy.

  • Juks på Tripadvisor

    Det er velkjent at det fins ein del systematisk juks på Tripadvisor og liknande nettstader (tidlegare dekka på denne bloggen f.eks her). Bedrifter prøver på ulike måtar å få positive vurderingar av seg sjølv og negative vurderingar av konkurrentane. Tripadvisor og andre jobbar sjølvsagt for å hindre dette, men greier ikkje stoppe alt.

    Eit nytt eksempel på at systemet ikkje er perfekt fekk vi nyleg i London, der ein profesjonell juksemakar greidde å få sin ikkje-eksisterande restaurant til å bli nr 1 (Artikkelen “I Made My Shed the Top Rated Restaurant On Tripadvisor” er fascinerande lesing) ved å få vennar og kjente til å skrive positive vurderingar.

    Juks tek mange former. Etter eit besøk på ein ganske god Oslo-restaurant nyleg fekk eg automatisk epost med ønske om tilbakemelding, positiv eller negativ. Det var likevel klart at dei ikkje ønska alle typer tilbakemeldingar:

    “Er du spesielt fornøyd med din opplevelse hos oss og ønsker å dele dette med andre, rate oss gjerne på TripAdvisor her: “

    Dete er så vidt eg forstår i strid med Tripadvisor sine reglar, og reduserer treffsikkerheita til vurderingane vi finn på Tripadvisor.

     

  • Er samfunnsansvar lønnsomt?

    Eit av dei store spørsmåla innan forskning på bedrifters samfunnsansvar (CSR) er sjølvsagt om det er ein positiv samanheng mellom samfunnsansvar og lønsemd. Eg har forsøkt å oppsummere ein del av denne forskninga i ein artikkel publisert i siste utgåve av fagtidsskriftet Magma. Samandraget er som følgjar:

    Sammenhengen mellom en bedrifts arbeid med samfunnsansvar og dens økonomiske resultater har lenge vært et stort forskningstema. I denne artikkelen oppsummeres denne forskningen kort, med hovedvekt på metaanalyser og nyere forskning med metoder som kan avdekke kausale sammenhenger. Alt i alt tyder resultatene på at samfunnsansvar har en positiv men moderat effekt på økonomiske resultater. Dette skyldes i alle fall delvis at grupper som kunder, ansatte, långivere og media belønner samfunnsansvarlige bedrifter. Framover blir det like viktig å studere samfunnsansvarstiltaks sosiale og miljømessige effekter.

    Heile artikkelen ligg https://doi.org/10.23865/magma.v20.1069.

  • Spis mer brød!

    Spis mer brød!

    Når Statens Ernæringsråd seier det er det vel berre å setje i gang (gamal reklame i bakerivindu i Ålesund)

  • Oppstartsselskapet Chooose lar deg abonnere på klimakvotar

    Oppstartsselskapet Chooose har ein interessant forretningside: Dei lar kundane abonnere på klimakvotar. For kroner 49 per månad kan du bli klimanøytral, for 99 kroner klimapositiv. Chooose vart nyleg omtalt i Dagens Næringsliv, i samband med at dei skal delta i Katapult sitt program for oppstartsselskap.

    Eg meinar at Chooose har ein god forretningsidé. 49 kroner per månad forsvinn fra kredittkortet utan at du merkar det, og i bytte får du betre samvittighet. Over 300 000 nordmenn har til samanlikning fadderbarn i fattige land til ein langt større kostnad, og dersom Chooose greier å få nokre titals tusen nordmenn til å abonnere på klimakvotar vil dei kunne etablere seg som ei levedyktig bedrift med positiv miljøpåverkning.

    Eit problem er at det billegaste abonnementet (“Chooose neutral”) neppe gjer deg klimanøytral. Årsaka er at dette abonnementet kompenserer for utsleppa til ein gjennomsnittsnordmann. Det er lett å tenke seg at mange av Chooose sine kundar har eit større utslepp enn gjennomsnittet. For å bøte på dette burde Chooose inkludere ein utsleppskalkulator og tilpasse abonnementet til kvar kunde sine utslepp. Dette vil “komplisere konseptet” litt, men eg trur det er nødvendig.

    I tillegg er utslepp utanlands (f.eks i produksjon av varer) neppe med i reknskapen, men her må eg ta forbehold fordi Chooose skriv svært lite om utrekningane på sine heimesider.

    Ein annan utfordring er også at oppførselen til folk kan endre seg etter at dei har blitt kundar – fordi dei kompenserar for utsleppa kan dei f.eks reise meir. Dette kan redusere nettoeffekten av å kjøpe klimakvotar.

    Eg likar likevel ideen så godt at eg har blitt kunde hos Chooose, og det skal bli spanande å følgje utviklinga deira framover.

  • Sosiale effektar av auka pantesatsar

    Miljødirektoratet har foreslått å auke satsane for pant frå 1 krone til 2,50 (små flasker) og 2,50 til 3 kroner (store flasker). Grunngjevinga for forslaget er i hovudsak at satsane har stått stille sidan tidleg 90-tal, og at inflasjon dermed har gjort den reelle pantesatsen langt lågare no.

    Det er for meg litt uklart kor nødvendig denne auken er – delen flasker som blir panta er svært høg (varierande, men 95% for mange typer pant), og eg trur dei fleste har fått det som rutine å pante. Samtidig er det sjølvsagt ikkje gitt at dette held fram dersom pantesatsen reelt blir for lav over tid.

    I høyringsforslaget skriv ikkje Miljødirektoratet om andre typar effektar av auka satsar for pant, sikkert fordi dette ikkje er deira ansvar. Eg ser i alle fall tre sosiale effektar av auka pantesatsar:

    1. Folk som har inntekt frå å pante flasker vil få auka inntekter, gitt at ikkje forbrukar av drikkeflaskene startar å pante flasker sjølv i langt større grad. Dette vil ha positiv effekt for nokre grupper, kanskje dei som treng det mest, slik som narkomane og tiggarar (og eg trur ikkje dette vil føre til særleg større etablering av flaskepantarar, sjølv om nokon sikkert vil vere redd for det.).
    2. Organisasjonar som tener på å pante flasker vil få større inntekter. Røde Kors vil få større inntekter gjennom Pantelotteriet (også dagligvarebutikkane som får ein del av inntektene frå dette lotteriet). Det ideelle selskapet Medarbeiderne som mellom anna samlar inn flasker hos min arbeidsgjevar Høyskolen Kristiania vil også få auka inntekter. Kor stor inntektsauken avheng igjen av i kor stor grad forbrukar endrar oppførsel – med større summar frå pant er det kanskje fleire som vil velje å pante sjølv eller få pengane utbetalt heller enn å velje pantelotteriet.
    3. Produkt på flaske får auka innkjøpspris – dette vil kunne ha nokre små effektar på f.eks. fordeling mellom juice og brus.

    Auka pantesatsar vil altså ha effektar ut over påverkinga på miljøet. Alt i alt er desse effektane ganske positive – så personleg syns eg dette er ein god idé.