I emnet Forretningsetikk ved Høyskolen Kristiania jobbar studentane med ei omfattande prosjektoppgåve om ei bedrift sitt bærekraftsarbeid. I haustsemesteret 2018 var temaet Nortura sine utfordringar innan og arbeid med etikk, samfunnsansvar og bærekraft. Her oppsummerar eg nokre erfaringar frå emnet, mest for eigen del.
Prosjektoppgåva, del for del
Del 1: Eit etisk dilemma i Nortura
Første del av prosjektoppgåva var å beskrive eit hypotetisk/tenkt etisk dilemma i Nortura, og så å diskutere dilemmaet og ta ei beslutning ved hjelp av Kvalnes og Øverenget sitt navigasjonshjul. Den første erfaringa studentane fekk var at det var vanskeleg å utvikle eit ekte etisk dilemma (definert som et valg mellom galt og galt, eller eventuelt rett og rett). Mange etiske dilemma i næringslivet er såkalla kvasi-dilemma, der valet i praksis står mellom det som er etisk rett og det som er økonomisk bra. Samtidig er ein god økonomi også viktig for organisasjonar (for dei tilsette, for eigarane, og andre), så dette har jo også gjerne etisk vekt, og nesten alle grupper fekk til eit ganske bra dilemma etter kvart.
Det var stor kreativitet i utarbeidelsen av dilemma, alt frå dyrevelferd, kjøtt vs vegetar, miljø, arbeidsplassar, rettferdig lønn, bruk av skinn, satsing på lab-kjøt, markedsføring av økologisk, salg i utlandet og meir. Dei mest populære temaene for dilemma var nok dyrevelferd og miljø/bærekraft. Ganske mange grupper skreiv om dilemmaet ved å auke kjøttproduksjonen gitt at kjøtproduksjon har stor og negativ påvirkning på klima og miljø.
Kvalnes og Øverenget sitt Navigasjonshjul er for øvrig ei enkel huskeliste av ting ein bør tenkje på når ein skal ta ei beslutning i eit etisk dilemma. (Jus – er det lovlig? Identitet – stemmer det med våre verdier? Moral – er det riktig? Omdømme – påvirker det vår goodwill? Økonomi – er det i henhold til våre forretningsmessige mål? Og Etikk – kan det bli rettferdiggjort). Med å bruke dette verktøyet får studentane trening i å bruke etisk teori i beslutningar, samtidig som dei må tenke på totalsituasjonen. Vi håper sjølvsagt at studentane hugsar dette verktøyet når dei i framtida kjem opp i etiske dilemma.
Del 2: Nortura sitt arbeid med samfunnsansvar og bærekraft
I del to av oppgåva vurderte studentane Nortura sitt arbeid med samfunnsansvar og bærekraft. Først gjorde dei ei interessentanalyse, og beskreiv påvirkninga Nortura har på sine viktigaste interessentar. Dei fleste hamna vel på at tilsette, eigarar/bønder, kundar og forbrukarar var dei viktigaste interessentane. Etter litt tilbakemeldingar var det også mange som tok med dyr og miljø som interessentar (det fins ulike måtar å gjere dette på i interessentanalyser. Men det er interessant at mange ikkje tenkjer på dyr som ein interessent!). I motsetning til mange kurs i forretningsetikk, som ofte konsentrerer seg om problema, så ba vi studentane også skrive om selskapet sin positive påverknad, som er stor (gode produkt og matkultur, arbeidsplassar med god lønn, levande distriktsnorge, bra dyrevelferd osv). Den negative påvirknaden er jo også betydelig, på miljø, helse, og på dyra (som blir tatt livet av, rett nok skånsomt).
I presentasjonen av Nortura sitt arbeid med samfunnsansvar og bærekraft henta mange mykje informasjon frå samfunnsrapporten til Nortura, og brukte ulike modellar frå pensum til å strukturere besvarelsen. Dei fleste konkluderte med at Nortura gjer mykje bra, men at den store utfordringa er miljø- og klimaeffektane av kjøtproduksjon. Samanlikna med andre relevante bedrifter (her valde studentane å samanlikne med norske private kjøtbedrifter, dagligvarekjeder, andre matprodusentar, eller utanlandske bedrifter) er det heller ingen tvil om at Nortura gjer mykje bra arbeid innan samfunnsansvar og bærekraft.
Del 3: Kva kan Nortura forbetre?
I den siste delen vart studentane utfordra til å kome opp med forslag til tiltak som både kan bidra til betre økonomiske resultat for Nortura og samstundes skape sosial verdi for samfunnet. I denne delen tok vi utgangspunkt i Porter og Kramer sitt konsept “felles verdi”, der hovudideen er at bedrifter kan skape stor positiv verdi for samfunnet, dersom dei jobbar med å kombinere sosial og økonomisk verdi. Vi foreslo her at studentane kunne ta utgangspunkt i FN sine bærekraftsmål, og sjå kva mål Nortura kan bidra til, noko mange også gjorde.
Eit av dei beste forslaga var at Nortura bør jobbe med å utvikle meir miljøvennlige produkt, inkludert vegetarprodukt (mange grupper var inne pådette). Dette vil kunne skape sosial verdi (gjennom sunne og miljøvennlige produkt, produsert av ein merkevare og eit selskap som norske forbrukarar stolar på) og også betydelig økonomisk verdi. Dette vil krevje at Nortura endrar sin identitet, frå å vere ein slaktar og foredlar av kjøtt til å bli ein breiare matleverandør (min kommentar: dette har jo Nortura delvis gjort alt, med Fjordland og satsing på vegetarmat, men krev nok mykje diskusjon for å bli einig internt gitt eigarstruktur, historie og kultur). Andre gode forslag var tiltak for å redusere matsvinn og emballasjebruk, og også å bidra til meir klimavennlige kyr gjennom avlsprogram og forsøk med betre for.
Informasjonskjelder
Informasjon om Nortura sitt arbeid kom frå Nortura sin gode samfunnsrapport, bærekraftsrapport, og ein flott presentasjon av Ellen Flø Skagen, konserndirektør i Nortura med ansvar for samfunnsansvar og bærekraft, som tok seg tid til å besøke emnet (takk!). Dei offentleg tilgjengelege kjeldene ga nok informasjon til å skrive oppgåva , men det var stor stas med besøk frå bedrifta.
Pedagogisk opplegg
Emnet vart undervist med ein kombinasjon av forelesningar (ganske få) og workshops, der studentane sjølv jobba med oppgåvene etter ein introduksjon av lærar (meg sjølv og dyktige Anne Rose). Studentane leverte inn del 1 og 2 som obligatoriske innleveringar, og fekk korte skriftlege tilbakemeldingar på desse delane. Dette vart tatt godt i mot, og gjorde også at alle måtte kome i gang ganske tidleg med arbeidet. Dette gjorde igjen at nivået på oppgåvene etter mi meining vart bra, med veldig få svake oppgåver. Til neste gjennomføring vil vi vurdere å legge til rette for meir individuell veiledning, spesielt på del 3.
Alt i alt er vi veldig nøgde med emnet, eg trur studentane lærte masse om etikk, samfunnsansvar og bærekraft, og dei er no klare til å bidra innan desse temaene ute i organisasjonar. Samstundes fekk dei fekk jobbe på ein litt annan måte enn dei er vant til i mange andre emner.
Skriv ein kommentar