Norsk Tippings tvilsame reklame-stunt

Den siste veka har “Fredrik” gitt bort flotte/spesielle ting gratis på finn.no fordi han har vunne i Lotto og skal gi bort alt han eig. I dag vart det avslørt at dette var ein reklamekampanje fra Norsk Tipping/Lotto (detaljar her), regissert av Try Reklamebyrå. I følgje den stolte pressemeldinga frå Norsk Tipping hadde annonsene på Finn “362 000 visninger, Fredrik mottok 32 000 mail og trafikken til Gi bort-torget økte med 22% i forrige uke”.

Reaksjonane har starta å kome. Antibloggeren kritiserer kampanjen sterkt av mange grunnar. PR-rådgiver Jarle Aabø meiner at Norsk Tipping og Try har lurt norsk presse og sine kundar, og uttalar at “dette vil bli en klassiker på mine foredrag om hvordan man ikke skal drive PR”.

Kommunikasjonsrådgivaren til Norsk Tipping forstår ikkje kva Aabø meiner: ” Vi opplever denne kampanjen som vellykket. Vi har fått god respons på den og omtalen den har fått med seg, ikke bare i mediene, men også i sosiale medier og mellom mennesker”.

Men dette var ingen vellykka reklamekampanje, dette var reint lureri. Dei 362 000 som såg annonsene, dei 32 000 som sendte epost, og dei som leste om “Fredrik” i forskjellige nyheitsoppslag, på sosiale media eller høyrde om han på anna måte har alle blitt prøvd påverka i ein skjult marknadsføringskampanje. Eit hovudprinsipp for etisk marknadsføring er at marknadsføring klart skal framstå som – nettopp – marknadsføring.  Dette er mellom anna fordi forbrukarane skal forstå at dei vert (prøvd) påverka, og dermed kan ta informasjon og påstandar med ein passe dose skepsis. (“Kanskje er ikkje sjansen så stor for å bli millionær i Lotto?”). § 3 i Markedsføringslova startar difor slik: “Markedsføring skal utformes og presenteres slik at den tydelig framstår som markedsføring”. Etter mi meining er Norsk Tipping sin kampanje klart i strid med denne paragrafen, og for øvrig også med § 2.

Heller enn å juble for ein vellykka kampanje bør Norsk Tipping tenke gjennom kva som gjekk galt. Kvifor var det ingen som sa stopp? Kvifor er vellykka kampanjar viktigare enn å oppføre seg skikkelig? Norsk Tipping har problem med kommisjonærar, Grasrotmidla og no også med si eiga marknadsføring.  Har det utvikla seg ein ukultur i firmaet?

Comments

Skriv ein kommentar