Forbrukerrådet har publisert ein kort rapport som skildrar korleis mange matprodukt har namn eller pakningstekst som i liten grad er dekkjande for innhaldet. Rapporten har fått brei dekning i media, til dømes i Aftenposten og NRK.
Eksempla er mange, men blåbærjuice med 11% blåbær (og 49 prosent drue- og 40 prosent eplejuice) og kalkunfilet naturell med 53 prosent kalkunfilet (og 30 prosent hønsefilet, resten tilsetjingsstoff) er mine favorittar.
Bransjen forsvarar seg med at forbrukarane må studere varedeklarasjonen på baksida, og at all informasjon finnast der. Same meining har Mattilsynets representant, som i følgje Aftenposten uttalte at – Hvor mange reker er det i en rekesalat? Hvor mye fløte i en fløtepudding? Kanskje null? Vi mener forbrukerne ikke undras fra opplysninger når man leser innholdsfortegnelsen. Forbrukerrådet, Mattilsynet, NHO Mat og Drikke og Norgesgruppen er alle einige om at reglane for matmerking ikkje er brotne i eksempla som vert presenterte i rapporten.
Dersom dette er korrekt må reglane endrast. Det kan ikkje vere slik at så lenge lista over ingrediensar er korrekt så kan produsenten skrive kva som helst på resten av pakninga. Dersom fløtepudding ikkje inneheld fløte er dette uakseptabelt, sjølv om det går fram av deklarasjonen. Juks er juks.
Eg trur derimot at det ikkje er korrekt, og at fleire av eksempla i rapporten er brot både på § 10 i Matlova og § 7, evt andre paragrafar, i Markedsføringslova. Blåbærjuice med berre 11 % blåbær er klart egna til å villeie forbrukarane. Både Mattilsynet og Forbrukerombudet kan dermed gripe inn ovanfor bedrifter som går over streken i marknadsføringa si – dersom dei prioriterer det.
Forbrukarane har uansett siste ordet, og kan slutte å kjøpe produkt som ikkje held det dei lovar på framsida. Etter Forbrukerrådet sin rapport og presseoppslaga vil nok produsentane også bli meir forsiktige. Norske matprodusentar oppfører seg generelt bra, men på dette området kan dei bli betre.
Skriv ein kommentar