Ein typisk kritikk mot forsking innan marknadsføring er at studiane vert for teoretiske og lite relevante for bedrifter fordi resultata ikkje kan brukast direkte. Ein av mine favorittstudiar innan forbrukeradferd kan ikkje kritiserast for dette.
Forskarane var interesserte i korleis folk vert påverka til å ta gode miljøval. Spesifikt var dei interesserte i om informasjon om andre sine gode val ville påverke til gode miljømessige val. Eksempelet dei valde var resirkulering av handklede (bokmål: håndklær) på hotell. Dei fleste hotell, også i Norge, har ein liten tekst på badet på hotellrommet som oppmodar deg til gjenbruk av handkledet. Denne teksten er ganske nøytral og handlar om at du kan spare miljøet for vatn og vaskepulver, om eg hugsar rett. Forskarane undersøkte om andre tekstar kunne fungere betre.
I det første eksperimentet hengde dei opp to forskjellige skilt på annakvart rom på hotellet dei samarbeidde med:
“HELP SAVE THE ENVIRONMENT. You can show your respect for nature and help save the environment by reusing your towels during your stay.”
“JOIN YOUR FELLOW GUESTS IN HELPING TO SAVE THE ENVIRONMENT. Almost 75% of guests who are asked to participate in our new resource savings program do help by using their towels more than once. You can join your fellow guests in this program to help save the environment by reusing your towels during your stay.”
Resultatet var at medan 35 % av gjestane i som fekk det første skiltet gjenbrukte handkledet, gjorde 44 % av gjestane som fekk det andre skiltet det same.
I eit anna eksperiment fann dei ein anna tekst som var enda meir effektiv:
JOIN YOUR FELLOW GUESTS IN HELPING TO SAVE THE ENVIRONMENT. In a study conducted in Fall 2003, 75% of the guests who stayed in this room (#xxx) participated in our new resource savings program by using their towels more than once. You can join your fellow guests in this program to help save the environment by reusing your towels during your stay .
49 % av gjestane som fekk dette skiltet på badet brukte handkledet om igjen.
Begge desse eksperimenta viser kor viktig andre sin oppførsel er når forbrukarar skal ta (miljøvennlege) val. Heller enn å informere om gram CO2 eller KM2 regnskog, kan det vere meir effektivt å informere om at andre har tatt eit miljøvennleg val.
Det fine er at dette er svært praktisk forsking. Hotellkjeder kan raskt endre skiltinga si, og oppnå både lågare kostnader og mindre miljøbelastning.
Referanse: Goldstein, N. J., Cialdini, R.B., & Griskevicius, V. (2008). A room with a viewpoint: Using social norms to motivate environmental conservation in hotels. Journal of Consumer Research, 35, 472-482.
Skriv ein kommentar