– Ja til kommunesamanslåing, ja til store investeringar i jernbane, ja til detaljregulering av dagligvarehandelen. Forbrukerrådet tolkar sitt politiske mandat vidt, og er i ferd med å bli ein lobbyorganisasjon for uklare interesser. Ein evalueringsrapport tilrår no ei fullstendig omorganisering av Forbrukerrådet. Dette er ein god idè.
Forbrukerrådet er ein spesiell konstruksjon. Namnet passar dårleg, Forbrukerrådet er ikkje eit råd, men ein heilstatleg etat som skal ta vare på forbrukarane sine interesser. Dette skal dei i følgje vedtektene gjere ved hjelp av informasjonsarbeid og rådgivning, bistand til forbrukarar, og påvirkningsarbeid ovanfor styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande. Ressursane – som kjem frå statsbudsjettet – er store, med eit budsjett på over 100 millionar kroner kan rådet halde seg med om lag 130 tilsette.
Dei store utfordringane kjem – ikkje overraskande – når Forbrukerrådet skal drive “påvirkningsarbeid” til å fremme forbrukarane sine interesser, spesielt ovanfor styresmaktene. Det kan vere ein god tanke å ha eit organ som driv slikt arbeid på vegne av forbrukarane, som generelt er dårleg organiserte og som dermed ofte taper i lobbykampen mot godt organiserte næringsinteresser. Men: problemet er at det er sjeldan at forbrukarar har felles interesser i ei sak. Når Forbrukerrådet driv sitt påvirkningsarbeid vil enkelte forbrukarar vere einige med rådet men andre ueinige. Det er uklart korleis Forbrukerrådet kan prioritere kva saker dei går inn i, og kva meiningar dei skal jobbe for.
Eit eksempel er kommunesammenslåing, som er eit omstridt politisk spørsmål med ulike meiningar. Kanskje vil kommunesamanslåing gi betre kvalitet på kommunale tenester, og dermed vere positivt i eit snevert forbrukarperspektiv. Men dette er langt i frå sikkert, det kan godt hende at ein del tenester vil bli dårlegare. Uansett er dette eit spørsmål med delte meiningar der mange faktorar spelar inn (sentrum/periferi, ulike behov, ulike effektar på ulike typer tenester og så vidare). Forbrukerrådet har imidlertid gått ut og støtta kommunesamanslåing. Ikkje berre det, dei har til og med gitt regjeringa råd om framgangsmåten. “Regjeringen må bruke gulrøtter, men også litt pisk for å få flere kommuner til å slå seg sammen” sa fagdirektør Terje Kili.
På same måte er det mange som støttar utbygging av jernbanenettet og meir ressursar til drift av jernbana. Men meir pengar til jernbane betyr mindre pengar til andre gode formål. Meir pengar til jernbane gir forbetring for ei gruppe forbrukarar – dei som brukar tog – men forverring for ei anna gruppe forbrukarar – dei som ikkje brukar tog, men som likevel må betale skatt. Forbrukerrådet har stilt seg klart på den eine gruppa si side. “Vi trenger ikke mer planlegging eller flere utredninger. Nå må byggingen starte” uttalte fagdirektør for samferdsel Anne Haabeth Rygg, og heldt fram “Nå er det på tide at Aps landsstyredelegater kommer med et like klart signal til regjeringen under landsmøtet i helgen”. Korleis har Forbrukerrådet kome fram til at tog må prioriterast? Kva vil Forbrukerrådet eventuelt prioritere ned? Kven er dei tilsette i Forbrukerrådet som gir Ap sine tillitsvalte råd? Den politiske prosessen har blitt snudd på hovudet.
Forbrukerrådet sin direktør Randi Flesland skreiv i 2011 ein kronikk med tittelen “McDagligvare” der ho tok eit oppgjer med norske dagligvarekjeder. “Mektige matkjeder forflater norsk matkultur”, i følgje Flesland. “Ostedisker, kjøttdisker, fiskedisker, bakeri – utsalgssteder for fersk, god mat som andre europeere tar som en selvfølge, er i Norge blitt nisje og spesialforretninger.” fortsette Flesland, og la skulda einsidig på daglegvarekjedene, utan å nemne forhold som det norske importvernet som bygg opp høge tollmurar mot import, eller det norske busetnadsmønsteret som gjer butikkane i Norge mindre enn i mange andre land. Flesland si foreslåtte løysing i kronikken var meir regulering, kanskje også eigarskapsbegrensningar. Det er velkjent innan økonomi at større sortiment ofte vil gi høgre kostnader. Det er ikkje like velkjent korleis Flesland har kome fram til at ho vil prioritere ostediskar framfor billeg mat. Forbrukarane er neppe enige med ho – då hadde ikkje den norske daglegvaremarknaden sett ut som han gjer.
Eksempla på Forbrukerrådets påvirkningsarbeid er mange fleire, og eg skal ikkje gå inn på alle. Eit interessant eksempel er likevel deira “hormonsjekk-app“, som forbrukarar kan benytte til å sjekke om kosmetikkprodukt inneheld ulike typar hormonar. Det spesielle er at alle hormonane er fullstendig lovlege. Ein importør av eit produkt som kom dårleg ut i appen saksøkte Forbrukerrådet, men tapte. Spørsmålet er likevel om Forbrukerrådet prioriterer rett når dei brukar ressursar på å utvikle ein slik app, i strid med anna lovgivning.
Lite tyder på at Forbrukerrådet vil redusere sitt politiske arbeid. I gjeldande strategiplan (pdf) står det følgjande:
Forbrukerrådet skal være en aktiv samfunnsaktør og bidra til å bevege samfunnet i en mer forbrukervennlig retning. Dette gjøres gjennom påvirkning av beslutningstakere, herunder politikere, myndigheter og organisasjoner, for forbedring og endring av lover og regler. Påvirkningsarbeidet skal også bidra til atferdsendring og strukturelle endringer der det er nødvendig for å ivareta forbrukerne.
Kontrollen med Forbrukerrådets politiske verksemd er begrensa. Forbrukerrådet ligg under Barne, likestillings- og inkluderingsdepartementet, men har i følgje vedtektene har ei “fri og uavhengig stilling i forbrukerpolitiske spørsmål”. Slik må det nesten vere, Forbrukerrådet kan ikkje vere departementet si forlenga arm. All den tid vedtektene gir plikt og rett til politisk arbeid kan ein ikkje krevje at styret skal gjere anna enn å følgje opp at politisk arbeid skjer. Forbrukerrådet si politiske verksemd skjer derfor med offentleg velsigning.
Fleire har reagert på Forbrukerrådets ulike utspel. Klassekampens redaktør Bjørgulv Braanen kritiserte Forbrukerrådet for aktivt å ha støtta forslaget om å auke grensa for tollfri import til 500 kroner. Braanen meiner at Forbrukerrådet har ein alt for snever definisjon av kva forbrukarar er opptekne av, som forbrukarar er vi også opptekne av arbeidsplassar og rammevilkår for næringslivet, og at det ikkje er Forbrukerrådets rolle å drive lobbyverksemd for eigen politikk. Han har sjølvsagt rett i sitt første poeng, men ikkje i sitt andre, det er altså i Forbrukerrådets mandat at dei skal drive politikk. Tidlegare har SP-representant Geir Pollestad i ein bloggpost kritisert Forbrukerrådet for å kreve raskare jernbaneutbygging. Pollestad fekk svar i kommentarfeltet, der ein direktør i Forbrukerrådet minte om at det er i rådets mandat at dei skal drive påvirkning av politiske organ. “At du nødvendigvis ikke er enig i det vi har å si er en helt annen sak”, skreiv direktøren.
Forbrukerrådet er ein politisk aktør betalt av oss alle over skatteseddelen som driv politisk påvirkningsarbeid for særinteresser. Kva type politikk Forbrukerrådet skal jobbe for blir bestemt på rådets kontor, uten mandat frå veljarane og uten trussel om å miste oppslutning dersom politikken er upopulær. Det er lett å tenkje seg at dette fører til at rådets politiske arbeid sterkt blir påverka av interessene og meiningane til dei tilsette, av kva som vil gi medieoppslag og mykje delte saker på sosiale media (og dermed oppfylle målet i strategien om “å sette dagsorden, lyttes til og bli sitert”), og kva som vil tene enkeltpersonar i Forbrukerrådet – for eksempel leiinga, som får ein høg medieprofil – heller enn norske forbrukarar.
At Forbrukerrådet legg vekt på medieoppslag er ikkje unaturleg, all den tid departementet ber spesifikt om det og brukar det som indikator på kor god jobb Forbrukerrådet gjer. I departementet sitt siste tildelingsbrev til Forbrukerrådet er styringsparameter mellom anna “antall oppslag i media” og “antall unike brukere av Forbrukerrådet.no per uke”. Dette er suksesskriterie for ein lobbyorganisasjon, ikkje for eit seriøst forvaltningsorgan.
Men no ligg det altså an til endring i Forbrukerrådet si verksemd. Regjeringa bestilte i fjor haust ein evalueringsrapport av forbrukerapparatet, som også inkluderer Forbrukerombudet og nokre andre organ, fra DIFI. Rapporten er no klar, og ein av hovudkonklusjonane er at det er uheldig med lobbyverksemd og forvaltningsoppgåver i same institusjon, fordi dette kan svekke legitimiteten til forvaltningsarbeidet. Men rapporten kjem også inn på problemet med at eit statleg organ driv lobbyverksemd mot staten. Frå samandraget:
Forbrukerrådet er en del av statsforvaltningen. Dersom regjeringen og dens apparat etter en helhetlig politisk vurdering ikke prioriterer et konkret tiltak, er det etter Difis vurdering uheldig at representanter fra forvaltningen på eget initiativ kan påvirke beslutningsprosessene i Stortinget. Denne utfordringen blir ekstra tydelig når lobbyaktivitetene som den interessepolitiske delen av Forbrukerrådet står for, resulterer i nye oppgaver for forvaltningsdelen av den samme virksomheten, jf. forslaget om en ny dagligvareportal.
Forslaget til DIFI er å skille ut interessepolitikken (lobbyverksemda) fra Forbrukerrådet. DIFI foreslår at det heller bør opprettast ei sjølvstendig stifting, finansiert over statsbudsjettet, og med styre oppnevnt av regjeringa. Dette vil løyse problemet med samanblandinga av forvaltningsorgan og interessepolitikk, men ikkje problemet med at staten i praksis driv lobbyverksemd mot seg sjølv. Vel skal stiftinga vere uavhengig, men dersom styre og budsjett blir bestemt av regjeringa er denne uavhengigheita tvilsam. Vi med meir liberale fibrar i kroppen vil heller ønskje at heile lobbyverksemda blir lagt ned. Rapporten er no ute på høyring, og vi får håpe at regjeringa kjem fram til ei god løysing.
Skriv ein kommentar