Er det lønsamt å ta samfunnsansvar? Nye bevis

Eg har tidlegare skrive om diskusjonen om samanhengen mellom samfunnsansvar og lønsemd. Fleire såkalla meta-studier har vist ein (svakt) positiv samanheng. Ulempa med desse studiane er at dei i hovudsak oppsummerer eksisterande studiar basert på korrelasjonar – det finst få studiar som brukar metodar som kan påvise kausalitet, altså effekten av meir eller mindre samfunnsansvar på lønsemd. No har det imidlertid kome eit par artiklar som nyttar betre metodar.

I ein studie ser Caroline Flammer på effekten av forslag (shareholder resolutions) om CSR-investeringar på generalforsamlingar. Ho brukar forslag som enten blir vedtekne eller ikkje med knapp margin (+/- 5% av stemmene) og argumenterer for dette er “nesten tilfeldige” beslutningar gitt den knappe marginen, og at desse beslutningane derfor kan brukast til å estimere kausale effekter av samfunnsansvar. Ho finn at vedtekne forslag gir ei positiv utvikling i bedrifta si lønsemd i perioden etter.

I ein annan studie ser same forfattar på effekten av konkurranse på samfunnsansvar. Dersom samfunnsansvar generelt er lønsamt, skal tøffare konkurranse føre til meir samfunnsansvar, fordi bedriftene vil tape i konkurransen ellers. Flammer brukar endringar i tollsatsar i USA til å estimere effekten av konkurranse, sidan lavare tollsatsar gir større konkurranse frå utlandet. Ho finn at firma som er i bransjar som får lavare tollsatsar, altså større konkurranse, forbetrar sine resultat innan samfunnsansvar.

Samla gir desse to artiklane meir overbevisande støtte til at samfunnsansvar er lønsamt enn det som tidlegare har vore tilgjengeleg.

Referansar:

Flammer, Caroline. 2013a. “Does Corporate Social Responsibility Lead to Superior Financial Performance? A Regression Discontinuity Approach”. MIT Working Paper. http://www.corporate-sustainability.org/conferences/fifth-annual-research-conference/Flammer.Apr.13pdf.pdf.

Flammer, Caroline. 2013b. “Does Product Market Competition Foster Corporate Social Responsibility?” In Academy of Management Proceedings, 2013:10714. Academy of Management. http://proceedings.aom.org/content/2013/1/10714.short.

Comments

Skriv ein kommentar