Category: Forskning

  • Tillitseigenskapar og juks når tredjepartar betalar

    Tillitseigenskapar er eigenskapar ved eit produkt eller ein teneste det er vanskeleg for ein kjøpar å vurdere kvaliteten på, sjølv etter bruk (credence goods). Eit klassisk eksempel er verkstadtenester, der det er vanskeleg å vurdere om reparasjonen er nødvendig, kor lang tid den bør ta, kva prisen bør vere og så vidare, sjølv etter at tenesta er levert. Andre eksempel er konsulenttenester, helsetenester, kosttilskot, og programvare.

    Ei utfordring med produkt og tenester med stor grad av tillitseigenskapar er at det er lettare å bli utsett for juks. I og med at det er vanskeleg for kunden å vurdere om ein har fått det ein hadde behov for eller blei lova, er det fristande for ein del seljarar å redusere kvaliteten, krevje for høg pris, eller påtvinge kunden unødvendige utlegg.

    Det er sjølvsagt ikkje slik at seljarar alltid utnyttar situasjonen. To nye artiklar ser på ein faktor som kan påverke seljarar til å jukse: At kjøpar ikkje betaler rekninga sjølv, men kan sende den vidare til ein tredjepart slik som arbeidsgjevar eller forsikringsselskap.

    I den første artikkelen ser forfattarane Balafoutas, Kerschbamer og Sutter på kva som skjer dersom seljar veit at arbeidsgjevar skal betale for innkjøpet. Dei studerer innkjøp av taxitenester, eit klassisk eksempel på ein teneste med mykje tillitseigenskapar (dersom kjøpar ikkje kjenner lokalområdet godt). Dei gjennomfører eit eksperiment med taxiturar i Athen. I halvparten av turane fortel passasjeren at rekninga skal bli betalt av arbeidsgjevar, og i den andre halvparten av turane blir dette ikkje nemnt. Resultatet er at turane betalt av arbeidsgjevar blir signifikant dyrare.

    I den andre artikkelen studerer delvis dei same forskarane effekten av å kunne sende rekninga vidare til eit forsikringsselskap. Dei øydelegg ein laptop på standardisert måte, og besøker dataverkstader. I halvparten av tilfella får reparatøren beskjed om at rekninga blir dekkja av eit forsikringsselskap. Igjen vert rekninga dyrare (80% i gjennomsnitt) når den andre parten betalar.

    Den økonomiske forklaringa på desse funna er at folk ikkje er så opptatte av å redusere kostnadene når andre betaler. Dette er ikkje overraskande. Ei alternativ, relatert forklaring er at seljar er meir villig til å jukse når han veit at ein større kollektiv (firma, forsikringsselskap), og ikkje ein enkeltperson, er offeret. Dette er eit interessant tema for framtidig forsking.

    Referansar:
    Balafoutas, Loukas, Rudolf Kerschbamer, and Matthias Sutter. 2015. “Second-Degree Moral Hazard In A Real-World Credence Goods Market.” The Economic Journal. doi:10.1111/ecoj.12260.

    Kerschbamer, Rudolf, Daniel Neururer, and Matthias Sutter. 2016. “Insurance Coverage of Customers Induces Dishonesty of Sellers in Markets for Credence Goods.” Proceedings of the National Academy of Sciences, June, 201518015. doi:10.1073/pnas.1518015113.

  • Uetisk marknadsføring av alternativ medisin

    Er det etisk å marknadsføre alternativ medisin? Dette er spørsmålet i ein kort men interessant artikkel av Macdonald og Gavura.

    Utgangspunktet deira er at alternativ medisin ikkje berre er behandling/terapi/medisin, men også produkt og tenester som blir marknadsførte og selde. Marknadsføring av alternativ medisin må difor sjølvsagt oppfylle generelle, etiske krav til marknadsføring.

    Forfattarane identifiserer først to argument til støtte for marknadsføring av alternativ medisin. Det første argumentet er respekten for individuell autonomi. Folk er forskjellige, og (innanfor rimelege grenser) bør ein respektere individuelle val. Sidan alternativ medisin gir fleire alternativ å velje mellom, er dette i utgangspunktet positivt. Det andre argumentet, som heng saman med det første, er at alternativ medisin fører til tøffare konkurranse for tradisjonell medisin, og konkurranse har som kjent fleire positive effektar, inkludert høgre kvalitet og lågare prisar.

    For å vurdere etikken i marknadsføringa nyttar dei så nokre enkle prinsipp for kommersiell etikk. Dei som sel produkt og tenester på ein marknad må (mi oversetjing):

    1. Tilby eit produkt som verkar – eit produkt som i følgje handelsrett er “salgbart” (“merchantable”).
    2. Berre selje produkt til folk som forstår dei grunnleggjande eigenskapane ved produkta, og som i det store er i stand til å forstå (anten sjølv eller med profesjonell rådgiving) om produktet vil tilfredsstille deira behov. Dette medfører at seljar må vere ærleg og ikkje tene på kundane sin manglande kunnskap.
    3. Ta rimelege grep for å sikre at tredjepartar (dei som ikkje deltek i eller aksepterer handelen) ikkje vert skada.

    Når det gjeld prinsipp 1 konkluderer forfattarane med at det meste av alternativ medisin ikkje tilfredsstiller dette prinsippet. Dei fleste produkt og tenester innan alternativ medisin fungerer ikkje – teoretisk er det ofte umulig at dei kan verke, og så godt som all god forsking har funne at tenestene ikkje har nokon effekt ut over placebo. Det er heller ingen unnskyldning at marknadsførarane av alternativ medisin sjølv trur at produkta verkar, dei har eit sjølvstendig ansvar i å sette seg inn i kunnskapen om produkta.

    Forfattarane konkluderer også med at prinsipp 2 ikkje blir tilfredsstilt av alternativ medisin. Dei fleste av kundane kan ikkje gjere gode vurderingar av effekten av til dømes akupunktur, fordi dei ikkje har nok innsikt i behandlingsmetoden eller grunnleggjande biologi.

    Prinsipp 3 er ikkje eit spesielt problem for alternativ medisin, all den tid behandlinga i hovudsak er individuell. Forfattarane nemnar likevel problemet med foreldre som brukar alternativ medisin for sine barn, av og til med tragiske utfall.

    Totalt sett er det difor i følgje forfattarane ingen tvil om at marknadsføring av alternativ medisin er uetisk.

    Referanse:
    Macdonald, Chris, and Scott Gavura. 2016. “Alternative Medicine and the Ethics of Commerce.” Bioethics 30 (2): 77–84. doi:10.1111/bioe.12226.

  • Forureining og kriminalitet

    Forskarane Hernnstadt og Muehlegger studerer samanhengen mellom lokal luftforureining og kriminalitet i Chicago. Dei brukar variasjon i vindretning på tvers av motorvegar til å identifisere den kausale effekten, og finn at valdskriminalitet er 2,2% høgre på den sida av motorvegar som har motvind (og altså får større mengde lokal forureining).

    A large and growing literature documents the adverse impacts of pollution on health, productivity, educational attainment and socioeconomic outcomes. This paper provides the first quasi-experimental evidence that air pollution causally affects criminal activity. We exploit detailed location data on over two million serious crimes reported to the Chicago police department over a twelve-year period. We identify the causal effect of pollution on criminal activity by comparing crime on opposite sides of major interstates on days when the wind blows orthogonally the direction of the interstate and find that violent crime is 2.2 percent higher on the downwind side. Consistent with evidence from psychology on the relationship between pollution and aggression, the effect is unique to violent crimes – we find no effect of pollution on the commission of property crime.

    Link til artikkelen (pdf)

  • Diskriminering på arbeidsmarknaden, igjen

    Ei rekkje studiar har funne at minoritetar blir diskriminerte på arbeidsmarknaden. Ein typisk framgangsmåte i desse studiane er at forskarar sender ut CV-ar som er heilt like bortsett frå namnet, som anten er eit “minoritetsnamn” eller eit “majoritetsnamn”. Ei av utfordringane er at namn ikkje berre signaliserer minoritet/majoritet, men også sosial status eller klasse. Det kan hende at tidlegare studiar har overdrive effekten av diskriminering. Ein ny og omfattande studie som tek omsyn til sosial klasse finn nesten ikkje prov på diskriminering.

    We sent nearly 9000 fictitious resumes to advertisements for job openings in seven major cities in the United States across six occupational categories. We randomly assigned names to the resumes that convey race and gender but for which a strong socio-economic connotation is not implicated. We find little evidence of systematic employer preferences for applicants from particular race and gender groups.

    Darolia, Rajeev, Cory Koedel, Paco Martorell, Katie Wilson, and Francisco Perez-Arce. 2015. “Race and Gender Effects on Employer Interest in Job Applicants: New Evidence from a Resume Field Experiment.” Applied Economics Letters. doi:10.1080/13504851.2015.1114571.
  • Diskriminering også i delingsøkonomien

    Ein stor og god litteratur har tidlegare dokumentert diskriminering basert på etnisitet i arbeidsmarknaden, leigemarknaden og andre marknader, også i Noreg. Det er kanskje ikkje så overraskande, men diskriminering er også ein del av delingsøkonomien. Eit nytt arbeidsnotat frå forskarar ved Harvard finn at gjestar med “afro-amerikanske” namn har 16% mindre sjanse til å bli aksepterte enn gjestar med “kvite” namn. Dette er kostbart for utleigar, som i 1/3 av tilfella ikkje får erstatta den potensielle gjesten.

    Online marketplaces increasingly choose to reduce the anonymity of buyers and sellers in order to facilitate trust. We demonstrate that this common market design choice results in an important unintended consequence: racial discrimination. In a field experiment on Airbnb, we find that requests from guests with distinctively African-American names are roughly 16% less likely to be accepted than identical guests with distinctively White names. The difference persists whether the host is African-American or White, male or female. The difference also persists whether the host shares the property with the guest or not, and whether the property is cheap or expensive. We validate our findings through observational data on hosts’ recent experiences with African-American guests, finding host behavior consistent with some, though not all, hosts discriminating. Finally, we find that discrimination is costly for hosts who indulge in it: hosts who reject African- American guests are able to find a replacement guest only 35% of the time. On the whole, our analysis suggests a need for caution: while information can facilitate transactions, it also facilitates discrimination.

    Edelman, Benjamin G., Michael Luca, and Dan Svirsky. 2016. “Racial Discrimination in the Sharing Economy: Evidence from a Field Experiment.” Harvard Business School NOM Unit Working Paper 16-069. Boston, MA: Harvard Business School. http://papers.ssrn.com/abstract=2712393.
    (via Kevin Lewis)
  • Juks med snø

    For tida jobbar eg litt med eit prosjekt om uetisk marknadsføring. Dette er eit område der det ikkje fins så mange gode empiriske studiar. Ein av grunnane til dette er garantert vanskane med å skaffe gode data, det har ikkje eksistert gode databasar med oversikt over innhald i marknadsføring, og i alle fall ikkje eksistert systematiske vurderingar om kor (u)etisk marknadsføringa har vore.

    Tilgangen til online data har endra dette. Eit døme: Forskarane Zinman og Zitzewitz har henta antall millimeter nysnø frå amerikanske skisenter sine nettsider og samanlikna desse tala med offisielle nedbørstal frå det amerikanske meteorologiske instituttet. Dei finn at skisentra overdriv mengden nysnø (med 12-23 %), og at dei overdriv mest i helgene. Skisenter som ikkje har “pengane-tilbake”-garanti, og som har off-piste-løyper, overdriv i større grad. Forskarane finn også tendensar til at skisenter med meir konkurranse i lokalområdet overdriv i større grad. Innføringa av ein Iphone-applikasjon som gjorde det enkelt for kundar sjølv å rapportere inn nysnø-mengde til ei nettside for skientusiastar fjerna problemet fullstendig. Desse funna tyder (ikkje overraskande!) på at uetisk marknadsføring er ganske vanleg, og at økonomiske vurderingar spelar ei rolle i bedrifter si praksis.

    Referanse:

    Zinman, Jonathan, and Eric Zitzewitz. Forthcoming. “Wintertime for Deceptive Advertising?” American Economic Journal: Applied Economics. Ein tidlegare versjon kan bli lasta ned frå http://www.dartmouth.edu/~jzinman/Papers/snowed_2014dec.pdf
  • Andre effektar av søndagsopne butikkar

    Debatten om søndagsopne butikkar går vidare. Mykje av diskusjonen har så langt handla om effektar på prisar, omsetning og sysselsetting. Eg skal ikkje seie så mykje om dette, anna enn at mange av argumenta både for og imot ikkje verkar så veldig overbevisande. Det er til dømes etter mi meining lite sannsynleg at salsvolumet ikkje vil auke etter ei forlenging av opningstidene, men det fins også ein del forskning som tyder på at prisane kan auke, forbrukarane må betale for auka fleksibilitet/kvalitet.

    Personleg syns eg det er like interessant å sjå på andre, meir indirekte effektar av søndagsopne butikkar. Og det er det sjølvsagt nokre kreative forskarar som alt har gjort. Eit par studiar har for eksempel sett på effekten av auka opningstider på utdanningsnivået. Teorien har vore at sidan utvida opningstider aukar mulegheitene for å bruke tid i butikkar (enten på jobb – utvida opningstider gir som kjent auka sysselsetting og sjansar for deltidsjobb – eller på shopping) gir det mindre tid til overs for andre ting, slik som utdanning.

    Lee (2013) brukar variasjon i når amerikanske statar fjerna “blue laws”, altså forbod mot søndagshandel, for å estimere effekten på utdanningsnivå. Ho finn at fjerninga av lovene førte til både færre år i utdanning og mindre sjanse til å fullføre high school. Med data frå Norge får Bensnes og Strøm (2014) tilsvarande resultat. Dei studerer effekten av den nye opningstidslova innført i 1985, som tok frå kommunane retten til å begrense opningstidene for mykje, og finn at endringa signifikant reduserte sjansane for å fullføre vidaregåande skule.

    Andre har funne meir åpenbare men også viktige effektar, som at kyrkjebesøk og økonomisk støtte til kyrkja går ned etter opning for søndagshandel, og at bruk av alkohol og narkotika aukar (Gruber & Hungerman, 2008).

    Søndagsopne butikkar i Norge vil dermed ha konsekvensar også utover sysselsetting og prisnivå.

    Referansar

    Bensnes, Simon Søbstad, and Bjarne Strøm. (2014). “Schooling or shopping? The impact of shop opening hours deregulation on education and earnings.” Working paper. Nedlasta fra http://www.svt.ntnu.no/iso/marianne.haraldsvik/Workshop%202014/Papers/Bensnes.pdf

    Gruber, Jonathan, and Daniel M. Hungerman. “The Church versus the Mall: What Happens When Religion Faces Increased Secular Competition?.” The Quarterly Journal of Economics 123.2 (2008): 831-862.

    Lee, Dara N. (2013). “The impact of repealing Sunday closing laws on educational attainment.” Journal of Human Resources 48 (2): 286-310.