Category: Forskning

  • Juks i forskning om juks

    I 2021 vart det avdekka juks med data i ein forskningsartikkel om juks (“Signing at the beginning makes ethics salient and decreases dishonest self-reports in comparison to signing at the end“). Eit datasett i artikkelen hadde blitt redigert slik at dataene skulle stemme med teorien. Dan Ariely, internasjonalt kjent professor i atferdsøkonomi, tok på seg alt ansvar, medforfattarane Shu, Mazar, Gino & Bazerman hadde ikkje vore involvert i å samle eller analysere dataene. Artikkelen vart trekt tilbake, og saka fekk ingen kjente konsekvensar for Ariely fordi det ikkje var bevist at det var han som hadde juksa.

    Jukset vart avdekka på bloggen Data Colada driven av professorane Simonsohn, Nelson og Simmons. Data Colada-gjengen er kjente for å vere data-detektivar, og har avdekka ei rekke tilfeller av svak forskningspraksis og resultat som ikkje stemmer.

    Denne veka publiserte Data Colada ei ny sak (Data Falsificada (Part 1): Clusterfake) om eit anna datasett som har blitt redigert. Det spesielle? Datasettet er fra same artikkelen der det hadde blitt avdekka juks i 2021! Denne gangen var det medforfattar Francesca Gino, også svært kjent professor, som var ansvarlig for innsamling og analyse av datasettet, som igjen hadde blitt redigert for å passe til teorien.

    Vi er altså i den fantastiske situasjonen at to datasett i same artikkel har blitt redigert for å passe teorien (=juksa med), og to medforfattarar har mest sannsynlig uavhengig av kvarandre vore ansvarlege. Og det i en artikkel som handlar om korleis ein kan redusere juks!

    Store delar av samfunnsvitskapane står i ei repliseringskrise, det viser seg enkelt sagt at svært mykje av publisert forskning ikkje stemmer. Årsakene er samansette, men ein av grunnane er at forskarar blir belønna for å finne signifikante funn, noko som gjer at det blir attraktivt å tilpasse/torturere/jukse med dataene på ulike måtar. Belønninga kan vere stor, som eit resultat av forskninga si har Francesca Gino fast jobb ved Harvard Business School, årslønn på ca 5 millionar og tek 100.000 og oppover for å halde foredrag på næringslivskonferansar.

    Data Colada har lova at det kjem fleire bloggpostar om Gino sin forskning. I minst tre andre artiklar har dei funne gode bevis for juks (oppdatering: Bloggpost 2 er no publisert).

    Francesca Gino står for øvrig (framleis) på talarlista på Oslo Business Forum no i 2023. Kanskje ho skal prate om den siste boka si, “Rebel Talent: Why it Pays to Break the Rules in Work and Life”? Mykje tyder på at ho kan prate frå eiga erfaring.

  • Business-utdanna leiarar gir mindre lønn til dei tilsette

    Kva er effektane av å tilsette bedriftsleiarar med businessutdanning? Ein ny forskningsartikkel frå stjerneøkonomen Daron Acemoglu og medforfattarar He og Le Maire prøver å svare på dette spørsmålet. Ved å bruke store data frå USA og Danmark og kreative men rigorøse forskningsmetodar finn dei at bedrifter som byttar ut ein leiar med anna bakgrunn med ein ny leiar med business-utdanning endrar seg på eit punkt: dei reduserer lønnene til dei ansatte (med 6% i USA og 3% i Danmark, over ein 5-årsperiode). Som eit resultat blir bedriftene meir lønsame for eigarane. Og dette skuldast mest sannsynlig læring i utdanninga, ikkje at studentane som studerer business i utgangspunktet er forskjellige.

    For oss som driv med utdanning innan økonomi og administrasjon og som er opptatte av påvirkninga på samfunnet er dette ambivalente resultat. Vår utdanning gir meir lønsame bedrifter, men dette går altså ut over dei tilsette. Slik sett bidreg vi til auka ulikheit i samfunnet. Og utdanninga har ingen effekt på vekst eller produktivitet ellers.

    Ein presentasjon av paperet ligg på Youtube: 21 Feb 2022, Daron Acemoglu (MIT)

    (Dei vanlige forbeholda gjeld: Det er alltid usikkerhet i denne typen “kvasi-eksperimentelle” metodar, og det er ikkje klart i kva grad funna vil gjelde andre land inkludert Norge).

    Samandrag:

    This paper provides evidence from the US and Denmark that managers with a business degree (“business managers”) reduce their employees’ wages. Within five years of the appointment of a business manager, wages decline by 6% and the labor share by 5 percentage points in the US, and by 3% and 3 percentage points in Denmark. Firms appointing business managers are not on differential trends and do not enjoy higher output, investment, or employment growth thereafter. Using manager retirements and deaths and an IV strategy based on the diffusion of the practice of appointing business managers within industry, region and size quartile cells, we provide additional evidence that these are causal effects. We establish that the proximate cause of these (relative) wage effects are changes in rent-sharing practices following the appointment of business managers. Exploiting exogenous export demand shocks, we show that non-business managers share profits with their workers, whereas business managers do not. But consistent with our first set of results, these business managers show no greater ability to increase sales or profits in response to exporting opportunities. Finally, we use the influence of role models on collegemajor choice to instrument for the decision to enroll in a business degree in Denmark and show that our estimates correspond to causal effects of practices and values acquired in business education – rather than the differential selection into business education of individuals unlikely to share rents with workers.

    Referanse:

    Acemoglu, Daron, Alex He, og Daniel le Maire. 2022. «Eclipse of Rent-Sharing: The Effects of Managers’ Business Education on Wages and the Labor Share in the US and Denmark». Working Paper 29874. Working Paper Series. National Bureau of Economic Research. https://doi.org/10.3386/w29874.

  • Finansielle rådgivarar er like dårlege med eigne investeringar

    Blir finansielle rådgivarar påvirka av sine økonomiske insentiv til å gi dårlege råd til sine kundar? Ei nytt paper med data frå kanadiske finansielle rådgivarar tyder på at dei er like dårlege med sine eigne investeringar, og at det dermed er mangel på kompetanse som er hovudproblemet.
    A common view of retail finance is that conflicts of interest contribute to the high cost of advice. Using detailed data on financial advisors and their clients, however, we show that most advisors invest personally just as they advise their clients. Advisors trade frequently, chase returns, prefer expensive, actively managed funds, and underdiversify. Advisors’ net returns of -3% per year are similar to their clients’ net returns. Advisors do not strategically hold expensive portfolios only to convince clients to do the same; they continue to do so after they leave the industry.
    Referanse:
    Linnainmaa, Juhani T. and Melzer, Brian and Previtero, Alessandro, The Misguided Beliefs of Financial Advisors (December 15, 2017). Kelley School of Business Research Paper No. 18-9. Available at SSRN: https://ssrn.com/abstract=3101426 or http://dx.doi.org/10.2139/ssrn.3101426
  • Kommunikasjon om samfunnsansvar blant norske butikkjeder

    Kommunikasjon om samfunnsansvar blant norske butikkjeder

    Min artikkel om norske butikkjeder sin samfunnsansvars-kommunikasjon er no endeleg på trykk. Denne artikkelen var ein del av doktorgradsavhandlinga mi, vart sendt inn til tidsskriftet i 2014 og akseptert mot slutten av 2015, så “vitenskapen” arbeidar også i dette tilfellet sakte.

    I studien testar eg nokre antagelsar frå økonomisk teori (signalteori) om når butikkjeder vil kommunisere om sitt samfunnsansvarsarbeid. Den enkle økonomiske logikken er at kjeder alt anna likt vil vere meir tilbøyelege til å kommunisere om samfunnsansvar dersom dette er meir lønsamt for dei. Eg antek difor at kjeder som brukar eigne merkevarer er meir tilbøyelege til å kommunisere om samfunnsansvar (slike merkevarer har større usikkerhet rundt kvalitet), at kjeder som er kjente for lave prisar er mindre tilbøyelege (ikkje så viktig), at utanlandske kjeder er meir tilbøyelege enn norske kjeder til å kommunisere (igjen, større usikkerhet rundt kvalitet), og at fillialkjeder er meir tilbøyelege til å kommunisere enn kjeder med andre organisasjonsformer (vanskelegare å koordinere arbeid med samfunnsansvar i kjeder med franchising eller i frivillege kjeder).

    Desse hypotesene blir testa i eit sjølvkonstruert datasett sett saman frå fleire ulike kilder med informasjon om 208 butikkjeder i den norske marknaden.

    Resultata viser at eigne merkevarer og organisasjonsform har ein påverknad på deira kommunikasjon av samfunnsansvar, men ikkje prisar eller utanlandsk eigarskap. Ein ekstra empirisk test med sertifisering eller medlemsskap (Svanemerket/Miljøfyrtårn/Initiativ for etisk handel) som avhengig variabel finn same resultat for organisasjonsform, men ikkje for eigne merkevarer.

    Alt i alt tydar resultata på at franchise-kjeder kommuniserer mindre om samfunnsansvar, noko som er på linje med funn frå anna internasjonal forskning.

    Samandraget:

    This study examines determinants of retail chains’ corporate social responsibility (CSR) communication on their web pages. The theoretical foundation for the study is signaling theory, which suggests that firms will communicate about their CSR efforts when this is profitable for them and when such communication makes it possible for outsiders to distinguish good from bad performers. Based on this theory, I develop hypotheses about retail chains’ CSR signaling. The hypotheses are tested in a sample of 208 retail chains in the Norwegian market. As hypothesized, I find that foreign chains, chains using private brands, and vertically integrated chains are more likely to signal, but I find no relationship between pricing and signaling. In further analysis using chains’ CSR memberships and certifications as the measure of signals, only the relationship between organizational form and signaling is replicated. In total, the findings give partial support to signaling theory.

    Referanse:
    Utgård, Jakob. 2018. “Retail Chains’ Corporate Social Responsibility Communication.” Journal of Business Ethics 147 (2):385–400. https://doi.org/10.1007/s10551-015-2952-2.
  • Er samfunnsansvar lønnsomt?

    Eit av dei store spørsmåla innan forskning på bedrifters samfunnsansvar (CSR) er sjølvsagt om det er ein positiv samanheng mellom samfunnsansvar og lønsemd. Eg har forsøkt å oppsummere ein del av denne forskninga i ein artikkel publisert i siste utgåve av fagtidsskriftet Magma. Samandraget er som følgjar:

    Sammenhengen mellom en bedrifts arbeid med samfunnsansvar og dens økonomiske resultater har lenge vært et stort forskningstema. I denne artikkelen oppsummeres denne forskningen kort, med hovedvekt på metaanalyser og nyere forskning med metoder som kan avdekke kausale sammenhenger. Alt i alt tyder resultatene på at samfunnsansvar har en positiv men moderat effekt på økonomiske resultater. Dette skyldes i alle fall delvis at grupper som kunder, ansatte, långivere og media belønner samfunnsansvarlige bedrifter. Framover blir det like viktig å studere samfunnsansvarstiltaks sosiale og miljømessige effekter.

    Heile artikkelen ligg https://doi.org/10.23865/magma.v20.1069.

  • Samfunnsansvar som forsikring – funn frå finanskrisa

    Ein ny artikkel finn at meir samfunnsansvarlege selskap gjorde det betre økonomisk og finansielt i finanskriseåra 2008-2009. Dette er kanskje den beste testen av “samfunnsansvar som forsikring mot negative hendingar”  som eg har sett til no.

    During the 2008-2009 financial crisis, firms with high social capital, measured as corporate social responsibility (CSR) intensity, had stock returns that were four to seven percentage points higher than firms with low social capital. High-CSR firms also experienced higher profitability, growth, and sales per employee relative to low-CSR firms, and they raised more debt. This evidence suggests that the trust between the firm and both its stakeholders and investors, built through investments in social capital, pays off when the overall level of trust in corporations and markets suffers a negative shock.

    Referanse:

    Lins, Karl V. and Servaes, Henri and Tamayo, Ane, Social Capital, Trust, and Firm Performance: The Value of Corporate Social Responsibility during the Financial Crisis (October 3, 2016). Journal of Finance, Forthcoming; European Corporate Governance Institute (ECGI) – Finance Working Paper No. 446/2015. Available at SSRN: https://ssrn.com/abstract=2555863

  • God selskapsstyring gir samfunnsansvar

    Ein evigvarande debatt (nesten) innan CSR er om CSR er eit resultat av at leiinga ikkje styrer bedrifta etter eigarane sitt beste, men prioriterer å bruke ressursane på ting som leilinga sjøv tener på. Dette kan vere løn og frynsegoder, men også CSR, omdømet til toppsjefen kan for eksempel tene på store investeringar i CSR. Dette er “CSR som agentproblem”-perspektivet, som går tilbake til Milton Friedman (minst).

    No har det kome ein ny artikkel som testar denne teorien. Ferrell og medforfattarar ser på kvaliteten på selskapsstyringa og effektar på CSR. Dei finn at bedrifter som har god kvalitet på selskapsstyringa investerer meir i CSR. Dette er det motsette av det teorien predikerer, dersom CSR var eit agentproblem skulle vi ha sett større investeringar i CSR i bedrifter der leiinga hadde stor makt på bekostning av eigarane.

    CSR som agentproblem-teorien kan dermed, foreløpig, forkastast.

    Samandraget:

    In the corporate finance tradition, starting with Berle and Means (1932), corporations should generally be run to maximize shareholder value. The agency view of corporate social responsibility (CSR) considers CSR an agency problem and a waste of corporate resources. Given our identifcation strategy by means of an instrumental variable approach, we find that well-governed frms that suffer less from agency concerns (less cash abundance, positive pay-for-performance, small control wedge, strong minority protection) engage more in CSR. We also fnd that a positive relation exists between CSR and value and that CSR attenuates the negative relation between managerial entrenchment and value

    Ferrell, Allen, Hao Liang, og Luc Renneboog. 2016. «Socially responsible firms». Journal of Financial Economics 122 (3): 585–606.
  • Craigslist gir mindre avfall

    Ein antatt positiv effekt av lett tilgjengelege og sikre bruktmarknader som Craigslist, ebay, finn.no osv, er redusert avfallsmengder fordi det blir enklare å handle brukt. Basert på data frå California og Florida har no Fremstad (2017) funne støtte for dette, sjølv om estimata er  forholdsvis usikre:

    There is much discussion but little research on the environmental impacts of online platforms associated with the sharing economy. Economic theory suggests that falling transaction costs in secondhand markets increase incentives for people to exchange rather than discard used goods. This paper uses difference-in-difference methods to estimate Craigslist’s effect on solid waste by exploiting a natural experiment in how the platform expanded across California and Florida. The econometric results suggest that Craigslist reduced daily per capita solid waste generation by about one third of a pound, though the estimates are not very precise. A plausibility analysis of the weight of items posted on Craigslist concludes that the 200 million annual for-sale posts created by Californians and Floridians can reasonably account for waste reductions of roughly this magnitude

    Fremstad, Anders. 2017. “Does Craigslist Reduce Waste? Evidence from California and Florida.” Ecological Economics 132 (February): 135–43. doi:10.1016/j.ecolecon.2016.10.018.
  • Liten effekt av Tom’s shoes

    For kvart par sko Tom’s shoes sel gir dei eitt par til ei fattig familie i eit utviklingsland. Dette har gitt firmaet enorm suksess, og gjort dei til favorittar også til forretningskonsulentar som ser dette som ein god forretningsmodell som både kan auke salet og bidra til ei betre verd.

    Men det er altså ikkje sikkert at verda blir så mykje betre. Ein nyleg publisert studie har sett på effektane av denne praksisen, og funne at dei er svært små eller ikkje eksisterande.

    We carry out a cluster-randomized trial among 1,578 children from 979 households in rural El Salvador to test the impacts of TOMS shoe donations on children’s time allocation, school attendance, health, self-esteem, and aid dependency. Results indicate high levels of usage and approval of the shoes by children in the treatment group, and time diaries show modest evidence that the donated shoes allocated children’s time toward outdoor activities. Difference-in-difference and ANCOVA estimates find generally insignificant impacts on overall health, foot health, and self-esteem but small positive impacts on school attendance for boys. Children receiving the shoes were significantly more likely to state that outsiders should provide for the needs of their family. Thus, in a context where most children already own at least one pair of shoes, the overall impact of the shoe donation program appears to be negligible, illustrating the importance of more careful targeting of in-kind donation programs.

    Referanse: Wydick, Bruce, Elizabeth Katz, Flor Calvo, Felipe Gutierrez, and Brendan Janet. 2016. “Shoeing the Children: The Impact of the TOMS Shoe Donation Program in Rural El Salvador.” The World Bank Economic Review, September, lhw042. doi:10.1093/wber/lhw042.

  • Diskriminering i delingsøkonomien, igjen

    Diskriminering er (sjølvsagt) også eit problem i delingsøkonomien. Tidlegare har diskriminering blitt påvist på AirBnB, no også mellom sjåførar på Uber og Lyft:

    Passengers have faced a history of discrimination in transportation systems. Peer transportation companies such as Uber and Lyft present the opportunity to rectify long-standing discrimination or worsen it. We sent passengers in Seattle, WA and Boston, MA to hail nearly 1,500 rides on controlled routes and recorded key performance metrics. Results indicated a pattern of discrimination, which we observed in Seattle through longer waiting times for African American passengers—as much as a 35 percent increase. In Boston, we observed discrimination by Uber drivers via more frequent cancellations against passengers when they used African American-sounding names. Across all trips, the cancellation rate for African American sounding names was more than twice as frequent compared to white sounding names. Male passengers requesting a ride in low-density areas were more than three times as likely to have their trip canceled when they used a African American-sounding name than when they used a white-sounding name. We also find evidence that drivers took female passengers for longer, more expensive, rides in Boston. We observe that removing names from trip booking may alleviate the immediate problem but could introduce other pathways for unequal treatment of passengers.

    Ge, Yanbo, Christopher R. Knittel, Don MacKenzie, and Stephen Zoepf. 2016. “Racial and Gender Discrimination in Transportation Network Companies.” Working Paper 22776. National Bureau of Economic Research. http://www.nber.org/papers/w22776.