Author: Jakob Utgård

  • Lokkeprisar som marknadsføring

    Det er igjen mykje snakk om lokkeprisar i bustadmarknaden i Oslo, og både Forbrukerombudet og politikarar er på saka. Det er det god grunn til, men kanskje av andre grunnar enn det mange trur.

    Ei bekymring er at lokkeprisar skal føre til høgre prisar. Teorien bak denne bekymringa er at bustadseljarar reduserer utropsprisen i auksjonen (prisantydning) for å tiltrekke seg fleire på visning, noko som igjen fører til fleire og høgre bod i auksjonen, og til slutt høgre salspris.

    Å redusere prisen for å få selt til høgre pris er ein merkeleg, om enn ikkje utenkeleg , marknadsføringsmetode, men her er det fleire ting som må stemme. For det første må aktuelle kjøparar ha tru på at lokkeprisen er reell (viss alle veit at lokkeprisen er ein lokkepris, vil jo ikkje dette ha nokon effekt). I ein bustadmarknad med stigande prisar er dette ikkje openbart, og rasjonelle kjøparar som ser at prisantydninga er lågare enn takst vil nok tenkje sitt. For det andre må dei ekstra kjøparane som kjem på visning vere villige til å by meir enn dei som hadde kome på visning sjølv om utropsprisen var sett høgre. Dette kan sjølvsagt hende, men i snitt vil dei som har blitt lokka nok ha mindre og ikkje større budsjett.

    Eksisterande forsking gir heller ikkje støtte for at lokkeprisar gir høgre salsprisar. Tvert om, både internasjonal forsking og ei norsk masteroppgåve med data frå Oslo har funne at lågare utropspris gir lågare salspris (sjå tidlegare bloggpost).

    Min teori er altså at eigedomsmeklarar tenar på å sette lokkeprisar, fordi dei får mykje folk på visning og gjennomført salet raskt. Gode data er nødvendige for å teste denne teorien (ta kontakt om du har tilgang til slike data…).

    Det er ingen tvil om at det er uetisk å sette prisantydning lågare enn prisen seljar er villig til å akseptere. Men om dette fører til høgre salsprisar er altså heller tvilsamt.

  • Produktvurderingar i bytte mot produktet er meir positive

    Nettsida reviewmeta.com har analysert 7 millionar produktvurderingar på Amazon.com og ikkje overraskande funne at produktvurderingar som er gjort i bytte mot gratis eller rabattert produkt er meir positive til produktet. Dette funnet held også dersom ein kontrollerer for produktet – i gjennomsnitt er “incentivized reviews” 0.36 stjerner meir positive enn dei som er skrivne på eige initiativ.

    Amazon har no forbode slike produktvurderingar.

  • Review of “The inner lives of markets” by Ray Fisman and Tim Sullivan

    The aim of this new book by economist Ray Fisman and Harvard Business Press editor Tim Sullivan (who previously collaborated on “The Org”) can be found in the title and subtitle on the front page – “The inner lives of markets: how people shape them – and how they shape us”. This is an ambitious aim that the book falls a bit short of achieving.

    According to the book’s introduction, the inspiration for the book came from the MIT bookstore, where one of the authors found a book with reprints of the most important physics papers of the last decades, and a discussion of why they were important. “The inner lives of markets” does not blindly follow this template. The book instead starts with a discussion of why markets have advantages over other forms of organizations in many situations, followed by a discussion of why economics have become very mathematics-heavy. This is mildly interesting, but quite a strange detour. The last chapters of the book also diverge from the template, by discussing when markets will work well and the effects of markets more general.

    The strength of the book lies in the other chapters, which presents important insights from the economics of the last decades. Chapter 3 has a good discussion of Akerlof’s famous paper on information asymmetry and its consequences. Chapter 4 discusses signalling as a solution to this problem. Chapter 5 covers auction design, and chapter 6 the economics of platforms. Chapter 7 describes quite beautifully how matches can be made in markets without prices. These chapters are witty, interesting and well written.

    The book is short and could have included more chapters: Transaction cost economics is for instance not covered (Coase! Williamson!), neither is behavioural economics (Kahneman!) or modern finance theory.  These works probably had as large or larger impact as the papers selected, but are possibly not as fun to read or write about.

    Where the book mainly lets the readers down is on arguing for why the selected papers have influenced markets, and how markets influence us. While markets have changed over the last decades, it is not clear whether these papers have mainly described the changes or actually been causing them, and the book does not discuss this point much. There is also a large research literature on how people’s exposure to markets influence them, which is barely touched upon in the book.

    Overall, the main message of the book seems to be that markets generally are a force for good, but that each specific market has to be designed and regulated individually, taking the unique features of each market into account. We all agree, but the book does not suggest much about how this should be done, and should probably have concentrated on its original idea: To describe the insights of the most important economics papers of the last decades

    The central papers in each chapter are in my opinion the following:

    Chapter 1: Why People Love Markets
    A. Radford, “The Economic Organisation of a P.O.W. Camp,” Economica 12, no. 48 (November 1945):

    Chapter 2. The Scientific Aspirations of Economists, and Why They Matter
    Gérard Debreu, “The Mathematization of Economic Theory,” American Economic Review 81, no. 1 (March 1991): 1– 7.

    Chapter 3. How One Bad Lemon Ruins the Market
    George Akerlof, “The Market for ‘Lemons’: Quality Uncertainty and the Market Mechanism,” Quarterly Journal of Economics 84, no. 3 (1970): 488– 500.

    Chapter 4. The Power of Signals in a World of Cheap Talk
    Michael Spence. 1973. “Job Market Signaling.” The Quarterly Journal of Economics 87 (3): 355–74.

    Chapter 5. Building an Auction for Everything
    Vickrey, William. “Counterspeculation, auctions, and competitive sealed tenders.” The Journal of Finance 16.1 (1961): 8-37.

    Chapter 6. The Economics of Platforms
    None, really, here the book relies on a different papers and books.

    Chapter 7. Markets Without Prices
    David Gales and Lloyd S. Shapley, “College Admissions and the Stability of Marriage,” The American Mathematical Monthly 69, no. 1 (January 1962): 9– 15.

    Chapter 8. Letting Markets Work
    Alvin E. Roth, Tayfun Sönmez, and M. Utku Ünver, “Kidney Exchange,” The Quarterly Journal of Economics (2004): 457– 488.

    Chapter 9. How Markets Shape Us
    Andrei Shleifer, “Does Competition Destroy Ethical Behavior?” The American Economic Review 94, no. 2 (2004): 414.

  • Tips til unge entreprenørar

    Storbritannia sin tredje rikaste person, Duke of Westminster, døydde nyleg. Av Financial Times sin nekrolog går det fram at rikdomen stort sett kom frå eigedom som har vore i familia sidan 1600-talet. Dette var hertugen klar over. Frå FT:

    An FT reporter, working through a standard set of questions, once asked him what advice he’d give to young entrepreneurs keen to emulate his success.
    
    “Make sure they have an ancestor who was a very close friend of William the Conqueror,” he replied.

    Hertugen var altså både ærleg og innsiktsfull.

  • Tillitseigenskapar og juks når tredjepartar betalar

    Tillitseigenskapar er eigenskapar ved eit produkt eller ein teneste det er vanskeleg for ein kjøpar å vurdere kvaliteten på, sjølv etter bruk (credence goods). Eit klassisk eksempel er verkstadtenester, der det er vanskeleg å vurdere om reparasjonen er nødvendig, kor lang tid den bør ta, kva prisen bør vere og så vidare, sjølv etter at tenesta er levert. Andre eksempel er konsulenttenester, helsetenester, kosttilskot, og programvare.

    Ei utfordring med produkt og tenester med stor grad av tillitseigenskapar er at det er lettare å bli utsett for juks. I og med at det er vanskeleg for kunden å vurdere om ein har fått det ein hadde behov for eller blei lova, er det fristande for ein del seljarar å redusere kvaliteten, krevje for høg pris, eller påtvinge kunden unødvendige utlegg.

    Det er sjølvsagt ikkje slik at seljarar alltid utnyttar situasjonen. To nye artiklar ser på ein faktor som kan påverke seljarar til å jukse: At kjøpar ikkje betaler rekninga sjølv, men kan sende den vidare til ein tredjepart slik som arbeidsgjevar eller forsikringsselskap.

    I den første artikkelen ser forfattarane Balafoutas, Kerschbamer og Sutter på kva som skjer dersom seljar veit at arbeidsgjevar skal betale for innkjøpet. Dei studerer innkjøp av taxitenester, eit klassisk eksempel på ein teneste med mykje tillitseigenskapar (dersom kjøpar ikkje kjenner lokalområdet godt). Dei gjennomfører eit eksperiment med taxiturar i Athen. I halvparten av turane fortel passasjeren at rekninga skal bli betalt av arbeidsgjevar, og i den andre halvparten av turane blir dette ikkje nemnt. Resultatet er at turane betalt av arbeidsgjevar blir signifikant dyrare.

    I den andre artikkelen studerer delvis dei same forskarane effekten av å kunne sende rekninga vidare til eit forsikringsselskap. Dei øydelegg ein laptop på standardisert måte, og besøker dataverkstader. I halvparten av tilfella får reparatøren beskjed om at rekninga blir dekkja av eit forsikringsselskap. Igjen vert rekninga dyrare (80% i gjennomsnitt) når den andre parten betalar.

    Den økonomiske forklaringa på desse funna er at folk ikkje er så opptatte av å redusere kostnadene når andre betaler. Dette er ikkje overraskande. Ei alternativ, relatert forklaring er at seljar er meir villig til å jukse når han veit at ein større kollektiv (firma, forsikringsselskap), og ikkje ein enkeltperson, er offeret. Dette er eit interessant tema for framtidig forsking.

    Referansar:
    Balafoutas, Loukas, Rudolf Kerschbamer, and Matthias Sutter. 2015. “Second-Degree Moral Hazard In A Real-World Credence Goods Market.” The Economic Journal. doi:10.1111/ecoj.12260.

    Kerschbamer, Rudolf, Daniel Neururer, and Matthias Sutter. 2016. “Insurance Coverage of Customers Induces Dishonesty of Sellers in Markets for Credence Goods.” Proceedings of the National Academy of Sciences, June, 201518015. doi:10.1073/pnas.1518015113.

  • Uetisk marknadsføring av alternativ medisin

    Er det etisk å marknadsføre alternativ medisin? Dette er spørsmålet i ein kort men interessant artikkel av Macdonald og Gavura.

    Utgangspunktet deira er at alternativ medisin ikkje berre er behandling/terapi/medisin, men også produkt og tenester som blir marknadsførte og selde. Marknadsføring av alternativ medisin må difor sjølvsagt oppfylle generelle, etiske krav til marknadsføring.

    Forfattarane identifiserer først to argument til støtte for marknadsføring av alternativ medisin. Det første argumentet er respekten for individuell autonomi. Folk er forskjellige, og (innanfor rimelege grenser) bør ein respektere individuelle val. Sidan alternativ medisin gir fleire alternativ å velje mellom, er dette i utgangspunktet positivt. Det andre argumentet, som heng saman med det første, er at alternativ medisin fører til tøffare konkurranse for tradisjonell medisin, og konkurranse har som kjent fleire positive effektar, inkludert høgre kvalitet og lågare prisar.

    For å vurdere etikken i marknadsføringa nyttar dei så nokre enkle prinsipp for kommersiell etikk. Dei som sel produkt og tenester på ein marknad må (mi oversetjing):

    1. Tilby eit produkt som verkar – eit produkt som i følgje handelsrett er “salgbart” (“merchantable”).
    2. Berre selje produkt til folk som forstår dei grunnleggjande eigenskapane ved produkta, og som i det store er i stand til å forstå (anten sjølv eller med profesjonell rådgiving) om produktet vil tilfredsstille deira behov. Dette medfører at seljar må vere ærleg og ikkje tene på kundane sin manglande kunnskap.
    3. Ta rimelege grep for å sikre at tredjepartar (dei som ikkje deltek i eller aksepterer handelen) ikkje vert skada.

    Når det gjeld prinsipp 1 konkluderer forfattarane med at det meste av alternativ medisin ikkje tilfredsstiller dette prinsippet. Dei fleste produkt og tenester innan alternativ medisin fungerer ikkje – teoretisk er det ofte umulig at dei kan verke, og så godt som all god forsking har funne at tenestene ikkje har nokon effekt ut over placebo. Det er heller ingen unnskyldning at marknadsførarane av alternativ medisin sjølv trur at produkta verkar, dei har eit sjølvstendig ansvar i å sette seg inn i kunnskapen om produkta.

    Forfattarane konkluderer også med at prinsipp 2 ikkje blir tilfredsstilt av alternativ medisin. Dei fleste av kundane kan ikkje gjere gode vurderingar av effekten av til dømes akupunktur, fordi dei ikkje har nok innsikt i behandlingsmetoden eller grunnleggjande biologi.

    Prinsipp 3 er ikkje eit spesielt problem for alternativ medisin, all den tid behandlinga i hovudsak er individuell. Forfattarane nemnar likevel problemet med foreldre som brukar alternativ medisin for sine barn, av og til med tragiske utfall.

    Totalt sett er det difor i følgje forfattarane ingen tvil om at marknadsføring av alternativ medisin er uetisk.

    Referanse:
    Macdonald, Chris, and Scott Gavura. 2016. “Alternative Medicine and the Ethics of Commerce.” Bioethics 30 (2): 77–84. doi:10.1111/bioe.12226.

  • Ei maksimalgrense for tipping?

    Norsk Tipping si mulige maksimalgrense for tipping er godt samfunnsansvar og god forretningsstrategi

    Norsk Tipping vurderer å innføre ei maksimalgrense for kor mykje spelarar kan tape i løpet av ei gitt periode. Dette for å redusere problemet med speleavhengighet eller såkalla problematisk speling. Per i dag har dei 2-3000 spelarar som taper meir enn 15 000 per månad. Ei slik grense vil ha negative økonomiske konsekvensar for Norsk Tipping. Utrekningar tyder på at ei grense på 15 000 vil gi 100-150 millionar i redusert overskot per år, noko som igjen vil gå ut over idretts- og kulturformål.

    Tipping er eit produkt som kan vere positivt for forbrukarane (og bedriftene, og til sjuande og sist samfunnet) i små og moderate mengder, men skadeleg og negativt i store mengder. Sjølv om den forventa økonomiske verdien av å delta i f.eks. lotto er negativ (tilbakebetalingsprosenten er 50), er spenninga og tanken om at det fins ein liten sjanse til å bli svært rik nok til at den totale verdien for spelarar blir positiv. Dette er grunnen til at gambling er ein så stor global industri. Problemet er spelarane som ikkje greier seg med moderate innsatsar, men som spelar så mykje at det får negativ påverknad på økonomi og livskvalitet.

    Mange produkt (dei fleste!) har ei positiv effekt i små og moderate mengder, men negativ effekt i for store mengder. Eksempel er alkohol og andre rusmiddel, sukker og fett, TV, dataspel, og salt. Historisk har slike produkt og tenester i stor grad vorte regulerte svært “grovt”, og har anten vore fullstendig forbodne (narkotika), sterkt regulerte gjennom redusert tilbod (alkohol, tobakk), eller fritt tilgjengelege (sukker). Norsk Tipping si moglege beløpsgrense er eit tidleg forsøk på å direkte kontrollere mengda kvar enkelt person brukar. Dette er mogleg fordi Norsk Tipping identifiserer kvar kunde via spelekontoen. (Ein digresjon: Ein kan lett sjå for seg at liknande typar kontroll kan bli brukt på andre problematiske produkt, slik som alkohol. Vinmonopolet kunne lett ha laga eit system med identifisering av kvar kunde, og ei maksgrense for mengde alkohol per veke, og eventuelt utveksla informasjon om kjøp med daglegvarebransjen og restaurantar. Storebror!).

    Norsk Tipping (og Kulturdepartmentet, som er eigar) fortenar honnør for å prøve å redusere problemet med speleavhengighet. I eit utilitaristisk perspektiv er det truleg at nytten av eit slikt tiltak vil vere mykje større for dei 2-3000 problemspelarane, enn ulempa for dei få som har økonomi og ønskjer å satse meir enn til dømes 15 000 kroner per månad. Dei 150 millionane norsk idrett går glipp av er ikkje så attraktive dersom ein veit at dei har bidrege til økonomiske problem og personlege tragediar.

    Det er sjølvsagt uklart kva effektar ei maksimalgrense i realiteten vil få. Dei største spelarane brukar nok også utanlandske speleselskap til å bli kvitt pengane sine. Dersom Norsk Tipping innfører ei tapsgrense vil ein del av tapa sikkert bli overførte til utanlandske aktørar. Dersom 100% av tapa blir overførte blir effekten på spelegalskap eit nullsumspel, men profitten til speleselskapa overført frå Norsk Tipping til utanlandske konkurrentar. Det er vel likevel sannsynleg at ein mindre del av spelinga blir overført til utlandet, spesielt sidan konkurrentar som tilbyr betre odds enn Norsk Tipping lenge har vore tilgjengelege.

    Kvifor vil departementet og NT “frivillig” gå glipp av 100-150 millionar? Eg trur at Norsk Tipping sitt initiativ må bli sett i lys av at det kan vere aktuelt å erstatte monopolsystemet med eit konsesjonssystem for gambling i Norge, som vil opne også for utanlandske aktørar. Dersom konsesjonssystemet inkluderer krav om at selskapa har grenser for kor mykje enkeltspelarar kan tape vil den norske marknaden bli mindre attraktiv for utanlandske gamblingselskap, som då vil miste sine mest attraktive kundar. Desse kundane kan jo i dag tape så mykje dei vil, via gamblingselskapa sine utanlandske nettsider. Dette gjer at Norsk Tipping på sikt kan tene inn ein god del av dei tapte millionane gjennom auka marknadsandelar i åra som kjem.

    Ei tapsgrense er difor slik eg ser det både godt samfunnsansvar, og god forretningsstrategi.

  • Forureining og kriminalitet

    Forskarane Hernnstadt og Muehlegger studerer samanhengen mellom lokal luftforureining og kriminalitet i Chicago. Dei brukar variasjon i vindretning på tvers av motorvegar til å identifisere den kausale effekten, og finn at valdskriminalitet er 2,2% høgre på den sida av motorvegar som har motvind (og altså får større mengde lokal forureining).

    A large and growing literature documents the adverse impacts of pollution on health, productivity, educational attainment and socioeconomic outcomes. This paper provides the first quasi-experimental evidence that air pollution causally affects criminal activity. We exploit detailed location data on over two million serious crimes reported to the Chicago police department over a twelve-year period. We identify the causal effect of pollution on criminal activity by comparing crime on opposite sides of major interstates on days when the wind blows orthogonally the direction of the interstate and find that violent crime is 2.2 percent higher on the downwind side. Consistent with evidence from psychology on the relationship between pollution and aggression, the effect is unique to violent crimes – we find no effect of pollution on the commission of property crime.

    Link til artikkelen (pdf)

  • Diskriminering på arbeidsmarknaden, igjen

    Ei rekkje studiar har funne at minoritetar blir diskriminerte på arbeidsmarknaden. Ein typisk framgangsmåte i desse studiane er at forskarar sender ut CV-ar som er heilt like bortsett frå namnet, som anten er eit “minoritetsnamn” eller eit “majoritetsnamn”. Ei av utfordringane er at namn ikkje berre signaliserer minoritet/majoritet, men også sosial status eller klasse. Det kan hende at tidlegare studiar har overdrive effekten av diskriminering. Ein ny og omfattande studie som tek omsyn til sosial klasse finn nesten ikkje prov på diskriminering.

    We sent nearly 9000 fictitious resumes to advertisements for job openings in seven major cities in the United States across six occupational categories. We randomly assigned names to the resumes that convey race and gender but for which a strong socio-economic connotation is not implicated. We find little evidence of systematic employer preferences for applicants from particular race and gender groups.

    Darolia, Rajeev, Cory Koedel, Paco Martorell, Katie Wilson, and Francisco Perez-Arce. 2015. “Race and Gender Effects on Employer Interest in Job Applicants: New Evidence from a Resume Field Experiment.” Applied Economics Letters. doi:10.1080/13504851.2015.1114571.