Author: Jakob Utgård

  • Etisk handel i norske bedrifter

    Initiativ for etisk handel har i dag lansert ein nettstad med gode råd til bedrifter som ønskjer å jobbe med etisk handel i leverandørkjeda. I samband med lanseringa presenterte dei også resultata frå ei undersøking dei har gjort blant norske bedrifter om ståa for arbeidet med etisk handel. Sjølv om undersøkinga kanskje har nokre svake sider er rapporten (pdf) likevel interessant lesing. Nokre interessante poeng:

    • 70% svarer at dei har anstendige arbeidsforhold og tek miljøomsyn i heile leverandørkjeda, men 66% svarer også at dei ikkje har oversikt over leverandørkjeda heilt tilbake til råvareuttak. Her er det nok mange bedrifter som håpar og trur.
    • På spørsmål om kva som skal til for å opprette retningslinjer for etisk handel svarer flest “kunnskap, veiledning og verktøy” (40%), og “må se relevansen og behovet (38%). Det er tydeleg at mange framleis ikkje føler press frå interessentar til å ta sosiale og miljømessige omsyn.
    • Dei to punkta som er inkludert i flest retningslinjer er barnearbeid og helse, miljø, sikkerhet. Er dette det som er sett på som viktigast å unngå?.
    • 42% av bedriftene har retningslinjer for etisk handel, og 57% av desse undersøker om retningslinjene blir følgde. Dette er fleire enn eg trudde, sjølv om “undersøker” kan bety så mangt.
  • Verdens største Porsche


    (Foto: Oslo T-banedrift AS)

    T-bana i Oslo rekrutterte nyleg togførarar, mellom anna med hjelp av plakaten over. Men kvifor brukar t-bana Porsche i rekrutteringa?

    Jobb i t-banen har lav status, og gode søkjarar ønskjer ikkje lavstatus jobbar. Dersom t-bana aukar sin status vil dei difor få betre søkjarar. Porsche har høg status, og ved å vise til at dei nye t-banevognene er designa av Porsche [1. Vognene er ikkje produsert av Porsche, men av Siemens, og designa av Siemens og Porsche Design i fellesskap. Porsche si rolle er dermed heller lita, noko Oslo T-banedrift ikkje akkurat framhevar.] håpar t-bana at litt av statusen vil smitte over på dei. Mest sannsynleg har dei rett, enkelte søkjarar vil bevisst eller ubevisst tenkje at “dersom Porsche kan jobbe for t-bana, kan eg også”.

    Medan t-bana vil tene på å assosiere seg med Porsche, vil Porsche tape på å bli assosiert med t-bana. Eit interessant spørsmål er om t-bana har fått godkjenning av Porsche, eller om dei har teke seg til rette utan Porsche si godkjenning.

  • Adam Smith om status

    Eit nytt sitat om status, som er mi store forskingsinteresse for tida (og i 2004, om eg hugsar rett). Frå Adam Smith, Theory of Moral Sentiments:

    For to what purpose is all the toil and bustle of this world? what is the end of avarice and ambition, of the pursuit of wealth, of power, and preheminence? Is it to supply the necessities of nature? The wages of the meanest labourer can supply them

    To be observed, to be attended to, to be taken notice of with sympathy, complacency, and approbation, are all the advantages which we can propose to derive from it. It is the vanity, not the ease, or the pleasure, which interests us. But vanity is always founded upon the belief of our being the object of attention and approbation. The rich man glories in his riches, because he feels that they naturally draw upon him the attention of the world, and that mankind are disposed to go along with him in all those agreeable emotions with which the advantages of his situation so readily inspire him. At the thought of this, his heart seems to swell and dilate itself within him, and he is fonder of his wealth, upon this account, than for all the other advantages it procures him.

  • Om å ofre seg for status

    Status er viktig for menneske, dyr, og (mi hypotese), bedrifter. For tida les eg ein del om status, og eg kom over dette gode eksempelet frå araberskriketrosten:

    Arabian babblers, a species of social birds, provide a prototypical nonhuman example of self-sacrificial behavior that acts as costly signaling. Individual babblers compete with unrelated group members to be the group’s sentinel, who is responsible for watching for predators from tree-tops in order to warn the group of potential danger (Zahavi & Zahavi, 1997). Given that the sentinel’s duty entails putting itself at a higher risk of death than other babblers, one might predict that individuals would attempt to avoid this self-sacrificial job. Yet some studies have shown that babblers actively compete with each other for this high-status position. Consistent with costly signaling theory, the more time a babbler spends as a sentinel, the higher its status and access to mates in the group.

    Referanse: Griskevicius, V., Tybur, J. M., & Van den Bergh, B. (2010). Going green to be seen: Status, reputation, and conspicuous conservation. Journal of personality and social psychology, 98(3), 392–404.

  • Sjefen er på ferie

    "Sjefen er på ferie"
    Ålesund storsenter, 11. september 2010.

  • Svindel med skinker

    Ei av mange gleder i Spania er den gode maten, og noko av det beste ein kan få er god spansk skinke. Den flottaste skinka har nemninga Iberico og kjem frå ein spesiell rase grisar med same namnet. Dersom skinka i tillegg er merka med “bellota” betyr det at ho kjem frå frittgåande grisar som kun et eikenøtter. Skinka vert lagra 2-3 år før ho vert seld til ein høg pris [1. For gode innføringar i korleis iberico-skinke vert laga, sjekk denne og denne artikkelen.]

    Som alltid er det fristande å ta snarveiar, og regionale styresmakter i delstaten Andalucia har kverrsett eit parti med 17 tonn skinke marknadsført som Iberico men av uklar kvalitet. “There are cowboys in this business who harm the whole trade by selling hams that are not worth what they say,” uttalte ein representant for styresmaktene i følgje The Guardian.

    Tyder dette på at skilnaden mellom Iberico og andre typar skinke ikkje er så stor? Dersom smaksforskjellen var stor kunne kjøparane enkelt avsløre svindelen. Ein kan spekulere i at skilnaden ikkje er så stor, og at partiet skulle til kjøparar med dårleg smakssans (turistar?).

    Denne saka illustrerer ein utfordring for ikkje-private merkevarer. Dersom ein kjend merkevareprodusent hadde juksa med kvaliteten ville dette ha gått ut over omdømmet og salet deira, i alle fall ei stund. Med ikkje-private merkevarer (“Iberico”) kan enkelte dårlege egg jukse, og det går ut over alle produsentane.

    Den einaste måten å ordne opp i dette på er sannsynlegvis å innføre eit enda strengare system for kvalitetssikring, med god sporing av råvarene og hyppige kontrollar både på gardane, på skinkelagra og i butikkane. Dette vil koste, men kan likevel vere billeg.

    Det er vanskeleg å tenkje seg at ein ikkje finn svindel også i andre produkt der det er vanskeleg å avgjere kvalitetsforskjellane. Det vanskeleg å smake om mat er økologisk eller ikkje, og om bonden som har produsert maten har fått ei grei lønn (ref Fair Trade). Sjølv om det finst strenge kontrollregimer er det nok alltid nokon som greier å lure seg unna.