Tips til unge entreprenørar

Storbritannia sin tredje rikaste person, Duke of Westminster, døydde nyleg. Av Financial Times sin nekrolog går det fram at rikdomen stort sett kom frå eigedom som har vore i familia sidan 1600-talet. Dette var hertugen klar over. Frå FT:

An FT reporter, working through a standard set of questions, once asked him what advice he’d give to young entrepreneurs keen to emulate his success.

“Make sure they have an ancestor who was a very close friend of William the Conqueror,” he replied.

Hertugen var altså både ærleg og innsiktsfull.

Notert i januar 2016

  • Vitaepro har utan tvil størst effekt for investorane, som har tent 100 millionar dei siste tre åra (via Dagbladet). Expressen har ein grundig artikkel om Vitaepro, som mellom anna har bilete av leiligheta til den eine eigaren og Teslaen til den andre. «De är intresserade av att ta fram produkter som kan hjälpa människor att få en bättre vardag. De är inte fokuserade på pengar» seier dagleg leiar Siv Katrin Ramnskjell i Vitaelab, selskapet bak Vitaepro i Noreg. Sjå også tidlegare innlegg i Aftenposten. Det blir interessant å sjå kva konklusjon Marknadsdomstolen i Sverige kjem til 11. februar, men folka bak Vitaepro har jo uansett vunne.
  • Utdrag frå interessant bok av Maria Konnikova: How stories deceive. På leselista.
  • Interessant ny blogg/nettstad: Microeconomic insights som «is a home for accessible summaries of high quality microeconomic research which informs the public about microeconomic issues that are, or should be, in the public’s eye.» Twitter: micro_econ