Svindel med skinker

Ei av mange gleder i Spania er den gode maten, og noko av det beste ein kan få er god spansk skinke. Den flottaste skinka har nemninga Iberico og kjem frå ein spesiell rase grisar med same namnet. Dersom skinka i tillegg er merka med “bellota” betyr det at ho kjem frå frittgåande grisar som kun et eikenøtter. Skinka vert lagra 2-3 år før ho vert seld til ein høg pris [1. For gode innføringar i korleis iberico-skinke vert laga, sjekk denne og denne artikkelen.]

Som alltid er det fristande å ta snarveiar, og regionale styresmakter i delstaten Andalucia har kverrsett eit parti med 17 tonn skinke marknadsført som Iberico men av uklar kvalitet. “There are cowboys in this business who harm the whole trade by selling hams that are not worth what they say,” uttalte ein representant for styresmaktene i følgje The Guardian.

Tyder dette på at skilnaden mellom Iberico og andre typar skinke ikkje er så stor? Dersom smaksforskjellen var stor kunne kjøparane enkelt avsløre svindelen. Ein kan spekulere i at skilnaden ikkje er så stor, og at partiet skulle til kjøparar med dårleg smakssans (turistar?).

Denne saka illustrerer ein utfordring for ikkje-private merkevarer. Dersom ein kjend merkevareprodusent hadde juksa med kvaliteten ville dette ha gått ut over omdømmet og salet deira, i alle fall ei stund. Med ikkje-private merkevarer (“Iberico”) kan enkelte dårlege egg jukse, og det går ut over alle produsentane.

Den einaste måten å ordne opp i dette på er sannsynlegvis å innføre eit enda strengare system for kvalitetssikring, med god sporing av råvarene og hyppige kontrollar både på gardane, på skinkelagra og i butikkane. Dette vil koste, men kan likevel vere billeg.

Det er vanskeleg å tenkje seg at ein ikkje finn svindel også i andre produkt der det er vanskeleg å avgjere kvalitetsforskjellane. Det vanskeleg å smake om mat er økologisk eller ikkje, og om bonden som har produsert maten har fått ei grei lønn (ref Fair Trade). Sjølv om det finst strenge kontrollregimer er det nok alltid nokon som greier å lure seg unna.

Skriv ein kommentar