Sosiale effektar av auka pantesatsar

Miljødirektoratet har foreslått å auke satsane for pant frå 1 krone til 2,50 (små flasker) og 2,50 til 3 kroner (store flasker). Grunngjevinga for forslaget er i hovudsak at satsane har stått stille sidan tidleg 90-tal, og at inflasjon dermed har gjort den reelle pantesatsen langt lågare no.

Det er for meg litt uklart kor nødvendig denne auken er – delen flasker som blir panta er svært høg (varierande, men 95% for mange typer pant), og eg trur dei fleste har fått det som rutine å pante. Samtidig er det sjølvsagt ikkje gitt at dette held fram dersom pantesatsen reelt blir for lav over tid.

I høyringsforslaget skriv ikkje Miljødirektoratet om andre typar effektar av auka satsar for pant, sikkert fordi dette ikkje er deira ansvar. Eg ser i alle fall tre sosiale effektar av auka pantesatsar:

  1. Folk som har inntekt frå å pante flasker vil få auka inntekter, gitt at ikkje forbrukar av drikkeflaskene startar å pante flasker sjølv i langt større grad. Dette vil ha positiv effekt for nokre grupper, kanskje dei som treng det mest, slik som narkomane og tiggarar (og eg trur ikkje dette vil føre til særleg større etablering av flaskepantarar, sjølv om nokon sikkert vil vere redd for det.).
  2. Organisasjonar som tener på å pante flasker vil få større inntekter. Røde Kors vil få større inntekter gjennom Pantelotteriet (også dagligvarebutikkane som får ein del av inntektene frå dette lotteriet). Det ideelle selskapet Medarbeiderne som mellom anna samlar inn flasker hos min arbeidsgjevar Høyskolen Kristiania vil også få auka inntekter. Kor stor inntektsauken avheng igjen av i kor stor grad forbrukar endrar oppførsel – med større summar frå pant er det kanskje fleire som vil velje å pante sjølv eller få pengane utbetalt heller enn å velje pantelotteriet.
  3. Produkt på flaske får auka innkjøpspris – dette vil kunne ha nokre små effektar på f.eks. fordeling mellom juice og brus.

Auka pantesatsar vil altså ha effektar ut over påverkinga på miljøet. Alt i alt er desse effektane ganske positive – så personleg syns eg dette er ein god idé.

Skriv ein kommentar