Smilefjes vil gi betre hygiene

Mattilsynet skal starte arbeidet med å innføre smilefjes-ordninga i heile landet. Denne ordninga inneber at restaurantar og andre serveringsstader mottek ein karakter i form av eit smilefjes etter ein inspeksjon frå Mattilsynet – eit stort smil dersom hygienen er perfekt, og ein sur munn dersom hygienen er dårleg. Alle spisestader må gjere inspeksjonsrapporten enkelt synleg ved inngangsdøra, og kundar kan også sjekke karakterane på Internett. Smilefjes-ordninga har eksistert som eit prøveprosjekt i Trøndelag sidan 2007, med gode resultat, og regjeringa har no vedteke å innføre ordninga i heile landet, kanskje alt frå 2015.

Reaksjonane er blanda, både Virke og Forbrukerrådet er nøgde med vedtaket, men NHO Reiseliv har sendt eit brev til helseministeren der dei ber om at ordninga ikkje vert innført. Organisasjonane har uttalt seg til Dagens Næringsliv, og vurderingane deira er interessante. Forbrukerrådet er positive og meiner at ordninga vil gi forbetra hygiene. Virke meiner at det er positivt at ordninga vil få fram i lyset god hygiene, og ikkje berre negative resultat slik situasjonen er i dag, der aviser rapporterer lister over restaurantar som har blitt stengt eller der det har vore problem. Dette er sjølvsagt poenget med ordninga, som vil gjere det meir lønsamt å investere i god hygiene fordi informasjon om hygienenivået vil vere enkelt tilgjengeleg for (potensielle) kundar. NHO Reiseliv fokuserer på at ordninga vil vere sårbar for inspektøren sitt skjønn, og at slikt skjønn vil gje tilfeldige og urettferdige resultat. Dette er ei utfordring i det meste av maktutøving frå offentlege organ, og ikkje noko spesielt for smilefjesordninga.

Smilefjes-ordninga er ikkje eit særnorsk fenomen. Den norske ordninga er i stor grad kopiert fra Danmark, som innførte si «Smiley»-ordning i 2001. Liknande ordningar eksisterer i mellom anna Storbritannia, mange byar og delstatar i USA, og delar av Tyskland. I Danmark har ordninga ført til klart betre hygiene. I 2002 hadde 70% av verksemder beste karakter, i 2010 var talet 86%, ei klar forbetring. I 2008 vart ordninga utvida med ein «Elitesmiley»-karakter, gitt til verksemder som har fått beste karakter dei siste fire inspeksjonane. Dette gav igjen insentiv til bedrifter til å forbetre seg. Ein klar forskjell mellom ordninga i Danmark og slik ho ser ut å bli i Norge er rekkevidda, i Danmark er alle bedrifter som behandlar mat inkluderte, mens i Norge er det kun restaurantar og kafear som blir med, i alle fall første omgang.

Prinsippet bak slike ordningar er enkelt. Hygiene, spesielt på kjøkkenet, er viktig for kundar, men vanskeleg å observere. Dårleg hygiene gir risiko for sjukdomar, men ikkje alle blir sjuke, og det er ikkje alltid klart kva som er årsaka dersom ein blir sjuk. Restaurantar har difor økonomiske motiv for å produsere dårlegare hygiene enn marknaden ønskjer (ein type marknadssvikt). Offentlege styresmakter prøvar å rette opp denne marknadssvikten ved å lage reglar for hygiene og kontrollere/straffe restaurantar som ikkje held akseptabelt nivå. Ved å offentleggjere resultata av kontrollane får bedriftene enda sterkare insentiv til å halde god kvalitet, fordi kundane alt anna likt vil velje restaurantar med god hygiene.

Forskning på området bekreftar denne enkle teorien. Den beste studien er gjort med data frå Los Angeles. Etter fleire oppslag i lokale media i 1998 om dårleg hygiene bestemte Los Angeles seg omtrent over natta for å offentleggjere resultata frå hygieneinspeksjonar. Jin og Leslie (2003) analyserer effektene av denne endringa. Dei finn at restaurantane forbetra hygienen, at restaurantar med god hygiene gjorde det betre økonomisk, og at talet på pasientar innlagt for matsjukdommar vart redusert etter offentleggjeringa av karakterane. Det er ingen grunn til å tru at effektane vil bli forskjellige i Norge.

Mange marknadsproblem kjem av manglande informasjon. Smilefjes-ordninga er eit eksempel på korleis styresmakter som sit på relevant informasjon kan gjere denne tilgjengeleg, med positive effektar for samfunnet. Det fine med ordninga er at ho er enkel, dynamisk (neste steg kan vere å innføre eit «Elitesmiley»-nivå slik som i Danmark), kan kombinerast med andre tenester (restaurantguiden Oregano har for eksempel alt teke i bruk informasjon frå Mattilsynet si prøveordning i Trøndelag på sine nettsider), og enkelt kan utvidast til andre bransjar.

Ordninga vil koste litt, men dersom ein kan unngå nokre tilfelle av matborne sjukdommar vil samfunnsreknskapen raskt vere positiv. Eit interessant spørsmål er om ordninga også vil bidra til mindre kriminalitet og tvilsam forretningsdrift i restaurantbransjen. Folk med ein kriminell tendens har kanskje ikkje topp kjøkkenhygiene? Eg veit ikkje.

Referansar:
Jin, G. Z., & Leslie, P. (2003). The effect of information on product quality: Evidence from restaurant hygiene grade cards. The Quarterly Journal of Economics, 118(2), 409–451.

Skriv ein kommentar