Produktvurderingar i bytte mot produktet er meir positive

Nettsida reviewmeta.com har analysert 7 millionar produktvurderingar på Amazon.com og ikkje overraskande funne at produktvurderingar som er gjort i bytte mot gratis eller rabattert produkt er meir positive til produktet. Dette funnet held også dersom ein kontrollerer for produktet – i gjennomsnitt er «incentivized reviews» 0.36 stjerner meir positive enn dei som er skrivne på eige initiativ.

Amazon har no forbode slike produktvurderingar.

Skriv ein kommentar