Offentleggjering av leverandørlister har ein kostnad

H&M har fått kritikk for å akseptere dårlege arbeids- og lønsvilkår hos sine underleverandørar – sjølv om dei neppe er verre, og kanskje heller betre enn mange andre klesprodusentar. Som ein følgje av dette kalla forbrukarminister Inga Mate Thorkildsen inn H&M, andre representantar for bransjen og ulike interessentar til eit møte sist veke. Eit av poenga frå møtet var at ministeren ønskjer at selskapa skal offentleggjere namna på sine underleverandørar. – Jeg kommer til å be Varner-Gruppen om å offentliggjøre alle fabrikkene sine – hver eneste en av dem. Det er en oppfordring jeg virkelig håper at de tar til seg, sa Thorkilden til MinMote.

H&M, Varner-gruppa og dei fleste andre leverandørar offentleggjer ikkje namna på sine underleverandørar av konkurranseomsyn. Eit unntak er Stormberg, som har hatt offentlege leverandørlister i fleire år.

Det kan vere gode grunnar til å halde namna på leverandørane hemmelege, sjølv om ein ikkje har noko å skjule. Dersom for eksempel H&M går ut med namna på sine over 1 600 underleverandørar vil desse fabrikkane få eit kvalitetsstempel og automatisk bli meir attraktive for andre klesmerke, sidan H&M «går god» for fabrikkane. Dette vil bidra til å presse prisane oppover, noko som ikkje er i H&M si interesse. Dette vil neppe skje for Stormberg, som ikkje er ein internasjonalt kjent merkevare, og offentleggjering er derfor uproblematisk for dei.

Offentlege leverandørlister påverkar også konkurransesituasjonen. Dersom leverandørar eller potensielle leverandørar veit kven konkurrentane sine er, kan dei tilpasse prisane sine deretter. Dette er heller ikkje i ein innkjøpar si interesse.

Ved å offentleggjere leverandørane opnar store merkevarer som H&M dessutan for enda hardare angrep frå aktivistar og media. Sidan ingen er perfekte vil det også mellom H&M sine leverandørar vere dårlege bedrifter og skje uheldige episodar. Dersom leverandørlistene vert offentleggjorde vil  journalistar og aktivistar raskt stå utanfor portane. Media er ikkje så gode til å sjå store samanhengar, og enkeltepisodar – ikkje langsiktig og systematisk forbetringsarbeid –  er førstesidestoff.

Inga Marte Thorkildsen sitt problem er likevel at ho kan oppfordre bedriftene til å offentleggjere, men vanskeleg setje makt bak krava til internasjonale selskap basert i andre land med produksjon i Asia. Som innkjøpar har staten og alle statlege og offentlege verksemder enorm makt, men dei greier ikkje å stille krav til etikk i innkjøpa. Dette skuldast mangel på kompetanse, dårleg og komplisert organisering, gamalt regelverk og sikkert mange andre forhold. Dersom Thorkildsen verkeleg hadde ønska endring burde ho ha kalla inn til eit møte for å få orden på dette, heller enn å kome med populistiske og enkle utspel om næringslivet sitt ansvar.

Poenget med dette innlegget er ikkje å unnskylde hemmeleghald, bortforklaringar og dårleg arbeid i leverandørkjeden, men å peike på at selskap har gode grunnar til ikkje å gå ut med leverandørlister. Offentlege leverandørlister er betre for samfunnet, fordi aktivistar, media og andre kan gå produsentane etter i saumane (bokstaveleg talt), men har ein kostnad for bedriftene.

Leave a Reply to Jakob Utgård — (U)lønsam openheit Cancel reply