Juks på Tripadvisor

Det er velkjent at det fins ein del systematisk juks på Tripadvisor og liknande nettstader (tidlegare dekka på denne bloggen f.eks her). Bedrifter prøver på ulike måtar å få positive vurderingar av seg sjølv og negative vurderingar av konkurrentane. Tripadvisor og andre jobbar sjølvsagt for å hindre dette, men greier ikkje stoppe alt.

Eit nytt eksempel på at systemet ikkje er perfekt fekk vi nyleg i London, der ein profesjonell juksemakar greidde å få sin ikkje-eksisterande restaurant til å bli nr 1 (Artikkelen «I Made My Shed the Top Rated Restaurant On Tripadvisor» er fascinerande lesing) ved å få vennar og kjente til å skrive positive vurderingar.

Juks tek mange former. Etter eit besøk på ein ganske god Oslo-restaurant nyleg fekk eg automatisk epost med ønske om tilbakemelding, positiv eller negativ. Det var likevel klart at dei ikkje ønska alle typer tilbakemeldingar:

«Er du spesielt fornøyd med din opplevelse hos oss og ønsker å dele dette med andre, rate oss gjerne på TripAdvisor her: «

Dete er så vidt eg forstår i strid med Tripadvisor sine reglar, og reduserer treffsikkerheita til vurderingane vi finn på Tripadvisor.

 

Skriv ein kommentar